Play the Game
Singel av Queen
frå albumet The Game
B-side

«A Human Body»

Utgjeve 30. mai 1980
Innspelt 1980
Sjanger Rock
Lengd 3:30 (album)
Selskap EMI, Elektra
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Queen, Reinhold Mack
Queen-kronologi 
«Save Me»
(1980)
Play the Game «Another One Bites the Dust»
(1980)


«Play the Game» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av Freddie Mercury. Det var den første songen på albumet The Game frå 1980. Songen finst òg på Greatest Hits. Songen byrjar med fleire lydar frå ein Oberheim OB-X synthesiser, og var første gongen bandet brukte dette elektroniske instrumentet på ei plate. Dei spelte songen på konsertane sine i 1980 til 1982. Singelen vart ein hit i Storbritannia, der han nådde 14. plassen, medan han nådde 42. plassen i USA.

Seinare singlar som «It's a Hard Life» og «You Don't Fool Me» vitjar på ny temaet som vert presentert i «Play the Game», der Mercury skriv ut frå perspektivet til den same kjærasten fleire år etter den første songen og reflekterer over minna om eit mislukka forhold i den sistnemnte. Både «Play the Game» og «It's a Hard Life» har ein liknande struktur, basert på pianospelinga til Mercury og dei mange laga av harmonivokal frå resten av bandet.[1]

B-Side endre

B-sida til singelen var «A Human Body», og var i mange år ein av få Queen-songar som berre var tilgjengeleg på vinyl. Han kom ut på bonusalbumet Complete Vision i 1985 i plateboksen The Complete Works. Songen vart til slutt gjeve ut på CD i 2009 som ein del av The Singles Collection Volume 2 og på ei bonusplate som følgde den nymastra versjonen av The Game i 2011.

Musikkvideo endre

Omslaget på singelen og musikkvideoen vart laga av Brian Grant,[2] og var første gongen Mercury synte seg i det som seinare vart kjennemerket hans, nemleg barten sin. Brian May spelar ikkje på den vanlege Red Special-gitaren sin, og nyttar i staden ein Fender Stratocaster-etterlikning laga av Satellite. Dette var truleg for at gitaren ikkje skulle bli skadd i delen av videoen der Mercury tar gitaren frå May og verkar å kaste han attende. Dette vart spelt inn baklengs slik at det ser ut som om May tar i mot gitaren og byrjar å spele soloen.[2] Eit bilete av bandet føre ein blåskjerm frå videoen vart seinare nytta til omslaget av «Another One Bites the Dust».

Medverkande endre

Lister endre

Land Plassering
UK 14
Tyskland 40
Nederland 15
Noreg 6
Sveits 8
US 42

Andre versjonar endre

Den amerikanske duoen Beach House spelte inn ein versjon av «Play the Game» for iTunes Store-utgåva av Red Hot Organization-samleplata Dark Was the Night.

Songen kunne lastast ned for musikkvideospelet Rock Band 3.

Kjelder endre

  1. «Queen's Greatest Videos». 1. 1999. 30 minutt frå start. Channel 4. 
  2. 2,0 2,1 Brian and Roger talk. Greatest Video Hits 1. Oktober 2002.

Bakgrunnsstoff endre