Savio er ei elv i Emilia-Romagna i Italia. Elva har utspring på vestsida av Monte Fumaiolo og snor seg 96 km langs dalen. Etter totalt 126 km munnar ho ut i Adriahavet nord for Cervia.

Savio
elv
Land  Italia
Nedslagsfelt 660 km²
Lengd 126 km
Middelvassføring /s
Kjelde Monte Fumaiolo
 - høgd 1 407 moh.
Munning Adriahavet
Kart
Savio
44°19′09″N 12°20′26″E / 44.319280555556°N 12.340688888889°E / 44.319280555556; 12.340688888889
Wikimedia Commons: Savio river

Savio naturpark er eit 6 km langt stykke av elva og startar ved to historiske bruer i Cesena.

Parken inneheld mange dyr og planter. Skogen er delt inn i to område. Området nær vatnet består av piletre og poppel, medan den andre består av johannesbrødtre.

Sjølv om parken er relativt liten kan ein sjå mange dyr her, både fuglar (hegre, isfugl, hakkespett og rovfugl) og pattedyr (hare, pinnsvin, rev, rådyr osv).

Kjelder endre