Schengenavtalen

(Omdirigert frå Schengen-avtalen)

Schengenavtalen vart inngått av Vest-Tyskland, Frankrike, Nederland, Belgia og Luxembourg i juni 1985 på skipet «Princesse Marie-Astrid» på Moselelva nær landsbyen Schengen i Luxembourg, ved den franske og tyske grensa.

██ EU-land som har godkjent avtalen ██ Land utanfor EU som har godkjent avtalen ██ Framtidige medlemsland ██ EU-land som delvis har godkjent avtalen
Monument over avtalen i Schengen i Luxembourg.
Eit typisk grenseskilt mellom to land (teksten på skiltet skifter frå land til land).

Formålet var å byta ut grensepostane og grensekontrollane mellom landa med eksterne grensekontrollar. Den 19. juni 1990 underteikna dei fem landa Schengenavtalen. Han er i dag utvida til å gjelda 27 land i Europa. Det er ingen ordinær passkontroll mellom medlemslanda.

Noreg i Schengen endre

Stortinget vedtok 9. juni 1997 at Noreg skulle slutta seg til Schengenavtalen, med røystene til Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Stortingspartia som var mot norsk tilslutning til avtalen var Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse.

Noreg vart saman med dei andre nordiske landa del av Schengen-området 25. mars 2001.

Medlemsland endre

Medlemsland
# Land Verksam
1   Tyskland1 1995-03-2626. mars 1995
2   Nederland 1995-03-2626. mars 1995
3   Belgia 1995-03-2626. mars 1995
4   Luxembourg 1995-03-2626. mars 1995
5   Frankrike 1995-03-2626. mars 1995
6   Spania 1995-03-2626. mars 1995
7   Portugal 1995-03-2626. mars 1995
8   Italia 1997-10-2626. oktober 1997
9   Austerrike 1997-12-011. desember 1997
10   Hellas 2000-03-2626. mars 2000
11   Island 2001-03-2525. mars 2001
12   Noreg 2001-03-2525. mars 2001
13   Sverige 2001-03-2525. mars 2001
14   Danmark 2001-03-2525. mars 2001
15   Finland 2001-03-2525. mars 2001
16   Estland 2007-12-2121. desember 20072
17   Latvia 2007-12-2121. desember 20072
18   Litauen 2007-12-2121. desember 20072
19   Polen 2007-12-2121. desember 20072
20   Tsjekkia 2007-12-2121. desember 20072
21   Slovakia 2007-12-2121. desember 20072
22   Ungarn 2007-12-2121. desember 20072
23   Slovenia 2007-12-2121. desember 20072
24   Malta 2007-12-2121. desember 20072
25   Sveits 2007-12-2121. desember 20073
26   Liechtenstein 2011-12-1919. desember 2011
27   Kroatia 2023-01-011. januar 2023[1]
-   Republikken Kypros Søkjarland
-   Bulgaria Søkjarland
-   Romania Søkjarland
-   Vatikanstaten Søkjarland
Unnatak
Stad Land
  Svalbard Noreg
  Grønland Danmark
  Færøyane Danmark
  Aruba Nederland
  Curaçao Nederland
  Sint Maarten Nederland
  Áthos Hellas
  Fransk Guyana Frankrike
  Guadeloupe Frankrike
  Réunion
og andre franske
område utanfor Europa
Frankrike
  Ceuta Spania
  Melilla Spania

1 Då traktaten vart verksam i 1995, var Vest-Tyskland og Aust-Tyskland på ny sameint. Difor var berre Vest-Tyskland med i 1985 då traktaten vart inngått.
2 Traktaten vart verksam til lands og til havs i desse ni landa på denne datoen. Ved flyplassane opphøyrde passkontrollen 30. mars 2008.
3 Traktaten vart verksam i kraft til lands i Sveits på denne datoen. Ved flyplassane opphøyrde passkontrollen 29. mars 2009.

Kjelder endre

  1. «Schengenområdet: Rådet beslutter at ophæve grænsekontrol med Kroatien» (på dansk). Det Europeiske Råd. 8. desember 2022. 

Bakgrunnsstoff endre