Opna hovudmenyen
Seven Wonders
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Tango in the Night
B-side «Book of Miracles»
Utgjeve 20. juni 1987
Innspelt 1986
Sjanger Danserock
Lengd 3:37
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Stevie Nicks, Sandy Stewart
Produsent Lindsey Buckingham, Richard Dashut
Fleetwood Mac-kronologi
«Big Love»
(1987)
Seven Wonders «Little Lies»
(1987)


«Seven Wonders» er ein song av Fleetwood Mac. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet Tango in the Night i 1987.

Stevie Nicks syng solovokal på denne songen, som vart skriven av Sandy Stewart med noko tekst av Stevie Nicks. Då Nicks lytta til ein demoversjon av av Stewart (som ikkje hadde skrive ned teksten), mistyda Nicks linja «All the way down you held the line» som «All the way down to Emmeline», som er kva ho song. Nicks la òg til eit utydelig ord, som høyres ut som «Sara» eller «Tara», mellom refrenga og versa. Ordet kan referere til Nicks-songen «Sara» på albumet Tusk frå 1978, eller ein annan Nicks-song på Tango in the Night, «Welcome to the Room... Sara». Teksten til sistnemnde inneheld ein referanse til Scarlett O'Hara og Tara, og Nicks har nytta namnet «Sara» fleire gonger tidlegare som eit pseudonym for seg sjølv. Somme fans har òg spekulert i om ho syng «Aaron». Tittelen på demoen til Sandy Stewart heitte visstnok «Aaron». Desse endringane, og andre endringar i teksten, gjorde at Nicks vart oppført som medlåtskrivar på songen.[1]

Songen vart òg gjeven ut som ein 12-tommmarssingel, med ein lengre remix, ein dub-miks og ein instrumental, «Book of Miracles», som seinare vart songen «Juliet» på Nicks-albumet The Other Side of the Mirror i 1989. Ei avgrensa 12-tommars biletplate vart òg gjeve ut i Storbritannia.

I andre mediaEndra

I 2009 sampla Pictureplane «Seven Wonders» i songen «Goth Star» på albumet Dark Rift. I 2013 sampla Classixx «Seven Wonders» i songen «Hanging Gardens» frå albumet med same namn. I sesongfinalen av American Horror Story: Coven, opna Nicks med ei framføring av songen. Dette gjorde at songen gjekk opp til 18. plassen på Billboard 'Digital Rock Songs'-lista med eit sal på 13 000.[2]

InnhaldEndra

12" UK singel (Warner Bros. Records W8317T)

  1. «Seven Wonders» (extended remix)
  2. «Book of Miracles» (instrumental)
  3. «Seven Wonders» (dub)

MedverkandeEndra

ListerEndra

ListeplasseringarEndra

Liste (1987-2014) Plassering
Australian Kent Music Report[3] 23
Belgia (Flandern) [4] 27
Canadian RPM Top 100 Singlar[5] 17
Canadian RPM Adult Contemporary[6] 8
Nederland[7] 28
Irish Singles Chart [8] 28
New Zealand[9] 49
Spania[10] 44
UK Singles Chart[11] 56
US Billboard Hot 100[12] 19
US Billboard Adult Contemporary[12] 13
US Billboard Mainstream Rock[12] 2
Vest-Tyskland[13] 47
Liste (2014) Plassering
US Billboard Rock Digital Songs[2] 18

Year-end chartsEndra

Liste (1987-2014) Plassering
US Billboard Top Rock Tracks[14] 18

KjelderEndra

  1. Explanation of lyrics on songmeanings.net
  2. 2,0 2,1 «Chart Moves: John Legend, Sara Bareilles Hit New Highs; Imagine Dragons Close In On Coldplay Hot 100 History; Daft Punk's 'Lucky' Grows Post-Grammys». Billboard.biz. 9 February 2014. Henta 1 March 2014. 
  3. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  4. «ultratop.be Fleetwood Mac – «Seven Wonders"» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). Ultratop. Henta 12. august 2015. 
  5. «Top Singlar - Volume 46, No. 22». RPM. 5 September 1987. Henta 12. august 2015. 
  6. «Adult Contemporary - Volume 46, No. 24». RPM. 19 September 1987. Henta 12. august 2015. 
  7. «dutchcharts.nl Fleetwood Mac – «Seven Wonders"» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. Henta 12. august 2015. 
  8. «Search the Charts» (enter «Fleetwood Mac» into the «Search by Artist» box, then select «Search"). Irish Recorded Music Association. Henta 3 May 2010. 
  9. «charts.org.nz Fleetwood Mac – «Seven Wonders"» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 12. august 2015. 
  10. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  11. «The Official Charts Company – «Seven Wonders» by Fleetwood Mac Search». The Official Charts Company. 27. juli 2015. 
  12. 12,0 12,1 12,2 «Allmusic: Tango in the Night: Charts & Awards: Billboard Album». allmusic.com. Henta 14. mai 2015. 
  13. «Single Search: Fleetwood Mac – «Seven Wonders"» (på tysk). Media Control. Henta 20 February 2013. 
  14. Nielsen Business Media, Inc (26 desember 1987). Billboard Magazine – Year End Charts of 1987. 

BakgrunnsstoffEndra