Big Love av Fleetwood Mac
Big Love Singel av Fleetwood Mac frå albumet Tango in the Night | ||
B-side |
«You & I Part 1» | |
---|---|---|
Utgjeve | 28. mars 1987 | |
Innspelt | 1985-87 | |
Sjanger | Rock, poprock | |
Lengd | 3:42 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Låtskrivar(ar) | Lindsey Buckingham | |
Produsent | Lindsey Buckingham, Richard Dashut | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
«Can't Go Back» (1983 UK) |
Big Love | «Seven Wonders» (1987)
|
«Big Love» er ein song av Fleetwood Mac som kom ut i 1987 på albumet Tango in the Night. Songen var den første singelen som kom ut frå albumet og nådde femteplassen på singellista i USA,[1] og niandeplassen i Storbritannia. Singelen vart òg ein hit på dance-lista i USA der han nådde sjuandeplassen.[2]
Ein 12-tommarversjon av singelen kom med ein lengre dansemiks, med meir vokal av Stevie Nicks. 12-tommarsversjonen hadde òg med «You & I, Part II» frå Tango in the Night medan 7-tommarsversjonen hadde med «You & I, Part I», som ikkje finst på albumet. Ei avgrensa 12-tommars biletplate kom ut i Storbritannia, i tillegg til ein dobbel 7-tommarversjon med singelen «Big Love» og ein eksklusiv 7-tommar med «The Chain» som A-side.
Bakgrunn
endre«Big Love» vart skriven av Lindsey Buckingham og vart opphavleg meint å vere ein del av det tredje soloalbumet hans, som han byrja å arbeide på i 1985. Prosjektet vart i staden omgjort til eit Fleetwood Mac-album. Songen er eit godt døme på produksjonsteknikkane som vart nytta på albumet med sin utfordrande kvinnelege og mannlege «oh - ahh»-vokal. Mange trudde at den kvinnelege «ahh»-vokalen vart sungen av Stevie Nicks, mens det i røynda er Lindsey Buckingham som syng begge. Dette vart skapt ved at stemma hans vart sampla og endra i studio for å etterlikne ei kvinnestemme.
Soloversjonen
endreDå Buckingham slutta i Fleetwood Mac i 1987 (kort tid etter Tango in the Night kom ut), spelte aldri bandet «Big Love» på konsertane sine før han kom attende i 1997. Buckingham spelte sjølv songen i 1993 på den første soloturneen sin. Han spelte då songen akustisk og spelte songen på same viset i 1997 i lag med Fleetwood Mac. Denne utgåva kan ein høyre på konsertalbumet til Fleetwood Mac kalla The Dance. Denne finst òg på det andre volumet av filmmusikkalbumet til Cameron Crowe-filmen Elizabethtown.
Musikkvideo
endreDen stilmessige og innovative musikkvideoen til «Big Love» kosta i følgje Mick Fleetwood ein halv million dollar - ein stor sum for ein 3:30 minuttar lang video, sjølv etter dagens standard. Videoen vart til dels filma i Kimberly Crest, ein viktoriansk herregard i Redlands i California, som ofte vert nytta til bryllaup og liknande.
Innhald
endre12" singel (Warner Brothers Records 0-20683)
- «Big Love» (Extended Remix) – 6:42
- «Big Love» (House on the Hil Dub) – 3:03
- «Big Love» (piano Dub) – 6:36
- «You and I, Part I» – 3:09
Medverkande
endre1987-versjonen
- Lindsey Buckingham – gitar, trommeprogrammering, vokal
- John McVie – bassgitar
- Christine McVie – klaverinstrument, synthesizer
- Mick Fleetwood – trommer
- Stevie Nicks var ikkje med på innspelinga av originalinnspelinga, men syng på den lengre 12"-versjonen av songen og er med i videoen.
Andre versjonar
endre«Big Love» er òg spelt inn av den kanadiske elektronikaartisten CFCF på debutalbumet Continent.[3]
Danny Cavanagh spelte ein versjon av «Big Love» på In Parallel, eit akustisk konsertalbum i lag med Anneke van Giersbergen.[4]
Flesh for Lulu spelte songen i på «Cold Flame»/«Big Love».
Jim Moray spelte ein versjon av songen i 2012 for albumet Skulk.
Lister
endreListeplasseringa
endre
|
|
Årslister
endreListe (1987) | Plassering |
---|---|
Canadian RPM Top 100 Singles[16] | 92 |
US Billboard Top Pop Singlar[17] | 81 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Big Love (Fleetwood Mac song)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 230.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Hot Dance/Disco: 1974-2003. Record Research. s. 100.
- ↑ [1] Continent at Discogs. Henta 22. februar 2011
- ↑ [2] In Parallel at Discogs. Henta 8. mars 2011.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «ultratop.be Fleetwood Mac – «Big Love"» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). Ultratop. Henta 12. august 2015.
- ↑ «Top Singlar - Volume 46, No. 10». RPM. 13. juni 1987. Henta 12. august 2015.
- ↑ «dutchcharts.nl Fleetwood Mac – «Big Love"» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. Henta 12. august 2015.
- ↑ «Search the Charts» (enter «Fleetwood Mac» into the «Search by Artist» box, then select «Search"). Irish Recorded Music Association. Henta 3. mai 2010.
- ↑ «Hit Parade Italia: Indice per Interprete: F: Fleetwood Mac» (på italiensk). hitparadeitalia. Henta 12. august 2015.
- ↑ «charts.org.nz Fleetwood Mac – «Big Love"». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 27. november 2013. Henta 12. august 2015.
- ↑ «swedishcharts.com Fleetwood Mac – «Big Love"» (ASP). Henta 20. februar 2013.
- ↑ «Fleetwood Mac > Artists > Official Charts». UK Album Chart. Henta 12. august 2015.
- ↑ 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 «Allmusic: Tango in the Night: Charts & Awards». allmusic.com. Henta 2. mars 2014.
- ↑ «Single Search: Fleetwood Mac – «Big Love"» (på tysk). Media Control. Henta 20. februar 2013.
- ↑ «Top Singlar - Volume 47, No. 12; Top 100 Single of 1987». RPM. 26 desember 1987. Henta 12. august 2015.
- ↑ Nielsen Business Media, Inc (26 desember 1987). Billboard Magazine – Year End Charts – Year-end Charts of 1987.