Sigurd Einbu (fødd 5. november 1866 som Sigurd Enebue, daud 10. mai 1946) var ein norsk sjølvlært astronom frå Lesjaskog, kjent for å ha funne ein nova i stjernebiletet Gemini den 12. mars i 1912. Novaen fekk namnet Nova Geminorum 2.[1][2] I 1912 innførte han òg ein ny klasse variable stjerner, RV Tauri-variabel.[3] Han skreiv etternamnet sitt Enebo i store delar av den vitskaplege karrieren sin.

Sigurd Einbu
Fødd5. november 1866
Død10. mai 1946
NasjonalitetNoreg
Yrkeastronom, faglitterær forfattar

Einbu gjekk på Hamar offentlige lærerskole, og arbeidde som lærar i Øyer, Vågå og Sel før han vendte heim til Dombås. Han blei tidleg interessert i astronomi, men kunne ikkje ofre seg fullt for den astronomiske verksemda før han blei utnemnd til statsstipendiat i 1908. Han var initiativtakar til Norsk Novaselskap. Han fekk oppretta og dreiv ein magnetisk målestasjon på Dombås frå 1916. Han utførte talrike observasjonar av variable stjerner. Einbu gjorde mykje for å spreie astronomisk kunnskap og skape interesse for studiet av stjernehimmelen i Noreg. Han heldt foredrag, skreiv populærastronomiske artiklar og fleire bøker, mellom anna Gjennom stjerneverdenen (2 bind, 1923–24), Bebodde verdner i nytt lys (1928) og Soler og atom (1930). Huset han var fødd i er flytta til Dombås og vart 1985 opna som museum, Einbustugu.

Barndomsheimen Einbustugu er flytt frå Lesjaskog til Dombås, og er eit museum om han.

I 2009 vart Einbudagane arrangert 16-19. september som ein del av astronimiåret.

Prisar endre

Sigurd Einbu vart tildelt

Litteratur endre

  • Stjernegransking i gamall og ny tid. 1911
  • Vår sol. 1922
  • Gjennem stjerneverdenen . 1 : Vor sol og dens følge. 1923
  • Vår måne. 1923
  • Gjennem stjerneverdenen . 2 : Melkeveiens soler : (fiksstjernene). 1924
  • Beobachtungen veränderlicher Sterne I - XIV
  • Bebodde verdener i nytt lys. 1928
  • Soler og atom. 1930
  • 250 in den Jahren 1903-1941 in Norwegen beobachtete Feuerkugeln : Errechnung der Radianten u. a.. 1942
  • Dovre kommune gjennom hundreåret 1837-1937. 1949
  • Lesja : litt frå den kommunale soga 1838-1938, og ymse anna. 1949
  • I tillegg var han ein flittig folkeopplysar med mange bidrag i tidsskrift og aviser

Kjelder endre

  1. «The Discoverer of the Nova in Gemini». Journal of the Royal Astronomical Society of Canada (articles.adsabs.harvard.edu) 6: 144–145. April 1912. Henta 11. august 2015. 
  2. Bellamy, F. A. (April 1912). «Nova Geminorum 2 (Enebo) ; its position for 1900. 0, together with those for 102 stars surrounding the nova, as deduced from measures on a photograph taken at the University Observatory, Oxford» (PDF). Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 72: 497. 
  3. Pettersen, Bjørn Ragnvald (2012). «Sigurd Enebo and variable star research: Nova Geminorum 1912 and the RV Tauri stars» (PDF). Journal of Astronomical History and Heritage 15 (3): 246–254. Arkivert frå originalen (PDF) 20. august 2018. Henta 9. juli 2016. 
  4. Ebell, M. (Oktober 1906). «Versammlung der Astronomischen Gesellschaft in Jena 1906 Sept. 12 bis 15». Astronomische Nachrichten 172 (23): 365–374. 

Bakgrunnsstoff endre