Silk Purse
Silk Purse Studioalbum av Linda Ronstadt | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. april 1970 | |
Innspelt | 5. januar 1970–4. mars 1970 | |
Studio | Capitol Recording Studio (Hollywood) | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 29:14 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Elliot F. Mazer | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
---|---|---|
Hand Sown ... Home Grown (1969) |
Silk Purse | Linda Ronstadt (1972)
|
Singlar frå Silk Purse | ||
|
Silk Purse er det andre studioalbumet til Linda Ronstadt, gjeve ut i mars 1970, eitt år etter ho gav ut debutalbumet Hand Sown ... Home Grown.[1] Det vart spelt inn i Cinderella Sound Studio i Nashville – det einaste Ronstadt-albumet spelt inn i countryhovudstaden - og det vart produsert av Elliot Mazer, som tidlegare hadde arbeidd med Richie Havens, Gordon Lightfoot, James Cotton, Rufus Thomas, Chubby Checker og Frank Sinatra.[2] Mazer vart tilrådd til Ronstadt av Janis Joplin, som ho kjende frå lokale nattklubbar.
Historie
endreAlbumet inneheld songar innan tradisjonell country. Ronstadt sa seinare at «Nashville Country er særs forskjellig frå California Country.» Dette albumet, som føregangaren, skilde seg òg frå stilen Ronstadt hadde spelt tidlegare med folkrockgruppa Stone Poneys.
Silk Purse inneheld tolkingar av Hank Williams-songen «Lovesick Blues», Mel Tillis-songen «Mental Revenge» og ein versjon av den tradisjonelle songen «Life Is Like A Mountain Railway». Albumet inneheld òg ein versjon av «Will You Love Me Tomorrow?» av Gerry Goffin og Carole King, som vart spelt inn av The Shirelles i 1961 – og ein harmoniduett med Gary White på Paul Siebel-balladen «Louise».
Det viktigaste bidraget til Gary White var derimot ein ballade som Ronstadt måtte overtyde plateselskapet om å ta med på albumet – «Long, Long Time», som etter kvart viste seg å bli den første singelen hennar på singellista som soloartist. Etter han var spelt inn, og trass i at Ronstadt tydeleg ønskte å ha med songen, prøvde sjefane i Capitol Records å overtyde ho frå å ta med songar som «Long, Long Time», som dei rekna for å vere altfor country. Likevel førte den lidenskapelege framføringa hennar av songen til at han vart ein hit og nådde 21. plassen i magasinet Record World, 25. plassen på Billboard Hot 100-lista og 26. plassen på Cash Box-lista. Songen gav òg Ronstadt den første Grammy-nominasjonen hennar tidleg i 1971.
Etter utgjevinga av Silk Purse sette Ronstadt saman eit turnéband som òg spelte på det neste albumet. Den nye gruppa bestod av Glenn Frey, Bernie Leadon, Randy Meisner og Don Henley. Musikarane spelte så bra i lag på scenen at dei sjølv gjekk saman å skipa bandet Eagles.[3]
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [4] |
Christgau's Record Guide | B[5] |
Rolling Stone | (middels)[6] |
Tre månader etter albumet kom ut, melde Alec Dubro plata i Rolling Stone og skreiv: «Noko av materialet er ei rå etterlikning og noko er meir originalt, men ingen av songane er langt bort frå sjela til songaren. Det er røysta til Linda Ronstadt som gjer denne plata. Ho gjev songane ei kjensle som ho har synt sidan det første albumet med Stone Poneys, og ho har utvikla countrystilen sin mykje sidan det førre albumet sitt.»[6] Lester Bangs melde òg albumet i magasinet Penthouse: «Vokalstilen til Linda Ronstadt er som det fysiske nærværet hennar: full av lidenskap og sårbarheit, skjelvande, men likevel besett av ei kjerne av absolutt styrke.»[7]
Musikkritikaren Robert Christgau roste Ronstadt for songvala hennar, men skreiv at «stundom – 'Lovesick Blues' og 'Long Long Time' er begge glimrande - verkar ho å finne sjela til Kitty Wells i tillegg til sin eigen klang.»[5]
Sjølv om albumet kom ut i mars, gjekk ikkje Silk Purse inn på Billboard Top 200-lista før i oktober 1970, og låg då ti veker inne på lista, men nådde berre 103. plassen.[8] Dette skjedde etter at singelen «Long, Long Time» på sommaren hadde nådd 25. plassen på Billboard-lista.[9] Singelen vart nominert til Grammyprisen for beste moderne song av ei kvinne,, men tapte for Dionne Warwick sin «I'll Never Fall In Love Again».[10]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspeling | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Lovesick Blues» | Cliff Friend, Irving Mills | 15. januar 1970 | 2:07 |
2. | «Are My Thoughts with You?» | Mickey Newbury | 6. januar 1970 | 2:47 |
3. | «Will You Love Me Tomorrow» | Gerry Goffin, Carole King | 5. januar 1970 | 2:27 |
4. | «Nobody's» | Gary White | 4. mars 1970 | 2:56 |
5. | «Louise» | Paul Siebel | 30. januar 1970 | 3:25 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspeling | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Long, Long Time» | Gary White | 28. februar 1970 | 4:21 |
2. | «Mental Revenge» | Mel Tillis | 11. februar 1970 | 2:46 |
3. | «I'm Leaving It All Up to You» | Don «Sugarcane» Harris, Dewey Terry | 11. februar 1970 | 2:21 |
4. | «He Dark the Sun» | Gene Clark, Bernie Leadon | 28. januar 1970 | 2:40 |
5. | «Life Is Like a Mountain Railway» | Tradisjonell, arrangert av Elliot Mazer og Linda Ronstadt | 4. mars 1970 | 3:24 |
Salslister
endreListe (1970/71) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[11] | 34 |
USA (Billboard 200) | 103 |
Medverkande
endre- Adam Mitchell - musikalsk leiar
- Kenny Buttrey - arrangement og dirigent på «Lovesick Blues»
- Elliot Mazer, Adam Mitchell - arrangement og dirigent på «Are My Thoughts with You?» og «Will You Love Me Tomorrow?»
- Norbert Putnam, Adam Mitchell - arrangement og dirigent på «Nobody's»
- Gary White - vokal på «Louise»
- Norbert Putnam - arrangement og dirigent på «Long Long Time»
- The Beechwood Rangers - akkompagnement på «Life Is Like a Mountain Railway»
- Elliot Mazer, Fred Catero, Howard Gale, Lee Hazen, Wayne Moss - lydteknikarar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Silk Purse» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Linda Ronstadt Album and CD releases.
- ↑ «Elliot Mazer credits». Allmusic. Henta 29. november 2020.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 29. november 2020. Henta 29. november 2020.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Silk Purse - Linda Ronstadt». Allmusic. Henta 29. november 2020.
- ↑ 5,0 5,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 12. mars 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ 6,0 6,1 Dubro, Alec (25. juni 1970). «Silk Purse». Rolling Stone. Henta 29. november 2020.[daud lenkje]
- ↑ Bangs, Lester (October 1972). «Silk Purse > Review». Penthouse.
- ↑ Linda Ronstadt Top Pop albums.
- ↑ Linda Ronstadt Album and Single chart positions Arkivert 2012-02-05 ved Wayback Machine.
- ↑ Linda Ronstadt Grammyprisens
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 258. ISBN 0-646-11917-6.