Lovesick Blues
Singel av Hank Williams
B-side

Never Again (Will I Knock on Your Door)

Utgjeve 11. februar 1949
Innspelt 22. desember 1948
Studio Herzog Studio i Cincinnati
Sjanger Country, honky-tonk, blues
Lengd 2:45
Selskap MGM
Låtskrivar(ar) Cliff Friend, Irving Mills
Produsent Fred Rose
Hank Williams-kronologi 
«A Mansion on the Hill»
(1948)
Lovesick Blues «Wedding Bells»
(1949)


«Lovesick Blues» er ein amerikansk revysong skriven av Cliff Friend og Irving Mills. Songen vart først framført i musikalen Oh, Ernest i 1922. Han vart innspelt av Emmett Miller i 1928 og seinare av countrysongaren Rex Griffin. Innspelinga til Griffin og Miller inspirerte Hank Williams til å framføre songen første gongen han deltok på Louisiana Hayride i 1948. Han fekk entusiastisk respons frå publikum, så Williams valde å spele inn sin eigen versjon trass i at han først møtte motstand frå produsenten Fred Rose og bandet sitt.

MGM Records gav ut «Lovesick Blues» i februar 1949. Han vart ein suksess over natta, og klatra raskt til toppen av Billboard si Top C&W-singelliste og 24. plassen på Most Played in Jukeboxes-lista. Billboard kåra songen til den beste countrysingelen det året, medan Cashbox kåra han til «Best Hillbilly Record of the Year».

Det er blitt spelt inn mange coverversjonar av songen. Den mest populære var Frank Ifield sin versjon frå 1962, og denne toppa UK Singles Chart. I 2004 vart Williams sin versjon lagt til National Recording Registry.

Bakgrunn og innspelingar endre

 
«Første notearket, publisert i 1922» (PDF). 

«Lovesick Blues» vart opphavleg kalla «I've Got the Lovesick Blues» og var publisert av Jack Mills, Inc. i 1922; Irving Mills skreiv teksten og Cliff Friend komponerte musikken. Han vart først framført av Anna Chandler i Tin Pan Alley-musikalen Oh! Ernest og først spelt inn av Elsie Clark den 21. mars 1922 med Okeh Records.[1] Etter innspelinga registrerte Cliff og Friend opphavsretten på songen. Songen vart sungen i eit show på Boardwalk Club i New York City i juni 1922 og spelt inn av Jack Shea på Vocalion Records seinare på sommaren.[2]

1. september 1925 sendte OKeh Records ut speidaren Ralph Peer og eit innspelingsmannskap til Asheville i Nord-Carolina. Blant dei aspirerande artistane som Peer spelte inn finn ein Emmett Miller. Han vart akkompagnert av Walter Rothrock på piano og Miller spelte inn fire songar for selskapet, inkludert «Lovesick Blues».[3] B-sida til singelen var «Big Bad Bill (is Sweet William Now)» og kom ut i november 1925.[4] 12. juni 1928 song Miller inn songen på nytt, akkompagnert av Georgia Crackers (Tommy Dorsey, Jimmy Dorsey, Eddie Lang og Leo McConville), men han selde dårleg.[3] Miller sin versjon vart så spelt inn av countrymusikaren Rex Griffin i desember 1939 for Decca Records.[5] Griffin omarrangerte songen ved hjelp av det originale refrenget - «I got a feeling called the blues»— som vers og omgjorde verset «I'm in love, I'm in love, with a beautiful gal» til eit nytt refreng.[6]

Hank Williams-innspelinga endre

Hank Williams, som hadde høyrt både Miller og Griffin sine versjonar,[7] byrja å spele songen på Louisiana Hayride kort tid etter han byrja å spele her i august 1948. Horace Logan, som var produsent for showet og programdirektør for KWKH, rapporterte at publikum «tok heilt av» første gongen Williams spelte songen på showet.[8] I lys av den kraftige reaksjonen til publikum, valde Williams å spele inn songen på plate. Både bandet hans og produsenten, Fred Rose, meinte songen ikkje var bra nok til å spelast inn.[5][9] Williams stod på sitt og innspelinga fann stad den siste halvtimen av ei innspeling i Herzog Studio i Cincinnati i Ohio,[10] den 22. desember 1948.[11] På denne innspelinga hadde Williams erstatta jazzmusikarar med eit moderne countryband, og brukte rytmegitar, mandolin, kontrabass, trommer og ein steelgitar.[12] På innspelinga spelte Clyde Baum (mandolin), Zeke Turner (elektrisk gitar), Jerry Byrd (steelgitar), Louis Innis (rytmegitar), Tommy Jackson (fele) og Willie Thawl (bass).[13] Med lite tid att, etterlikna Byrd og Turner arrangementet dei tidlegare hadde nytta på ei Ernest Tubb-innspeling av Jimmie Rodgers-songen «Waiting for a Train». I episoden av American Masters om Williams, fortalte Don Helms frå Drifting Cowboys «då dei spelte inn 'Lovesick Blues,' sa Fred til Hank, 'Den songen er ut av takt! Du har for mange taktslag der. Og du held den tonen for lenge.' Og Hank sa, 'Vel, når eg først finn ein tone eg likar, så vil eg halde på han så lenge eg kan.' Han prøvde å vere morosam. Og Fred sa, "Vel, eg skal sei deg kva eg kjem til å gjer. Den greia er så ute av takt at eg skal lage meg ein kopp kaffi, og når eg kjem tilbake har de kanskje spelt han inn på nytt.' Og det gjorde dei, men han var framleis ute av takt. Så Fred måtte leve med det resten av livet sitt.» Williams kombinerte tekstarrangementet til Griffin med ein to-takts honky-tonk-spor,[14] og lånte på jodlinga og takt-drop frå Miller-innspelinga.[9] «Lovesick Blues» vart spelt inn på to forsøk.[14]

MGM gav ut «Lovesick Blues» den 11. februar 1949 med B-sida «Never Again (Will I Knock On Your Door)».[15] Singelen selde 50 000 eksemplar dei to første vekene.[10] Den 26. februar 1949 skreiv Billboard: «Hank sin razz-mah-tazz-stil og fengande jodling gjer at denne singelen vil rotere mykje». Basert på stemmer sende til Billboard fekk plata 85 poeng av DJar, 82 av plateseljarar og 85 av jukeboks-operatørar. Mellom desse tre fekk songen i alt ein poengsum på 84. Maksimal poengsum var 100, så Billboard rekna plata som «Excellent».[16] Songen gjekk til topps på Billboard's Top C&W singles-lista, der han låg i seksten veker og han nådde 24. plassen på Most Played in Jukeboxes.[17] Magasinet kåra singelen til den beste country-songen i 1949, medan Cashbox kåra han til «Beste Hillbilly-song».[11] I mars 1949 bad Wesley Rose Williams om å sende han platene til Griffin og Miller for å bevise at songen var i offentleg eige. Irving Mills, den opphavlege tekstforfattaren, saksøkte Acuff-Rose. Dei vart forlikte 1. november 1949 og kom til semje om at Mills og Acuff-Rose skulle dele opphavsretten til Williams-innspelinga.[6] Mills heldt resten av rettane til songen sidan han òg kjøpte rettane til Friend under den store depresjonen.[7]

Etter suksessen til songen vart Williams invitert som gjest på Grand Ole Opry, den 11. juni 1949.[18] Etter framføringa fekk Williams ståande applaus.[19] «Lovesick Blues» vart signaturlåten hans, som han brukte å avslutte konsertane sine med.[20] Det vart òg den første songen hans som gjekk til topps på singellista og gav Williams kallenamnet «The Lovesick Blues Boy».[21] I 1949 vart Williams kåra på til den nest mest bestseljande folkeartisten etter Eddy Arnold.[20] Williams sin versjon av songen vart nytta i filmane The Last Picture Show (1971), Forrest Gump (1994) og The Shawshank Redemption (1994). I 2004 vart «Lovesick Blues» innlemma i National Recording Registry av Library of Congress.[22]

The Crickets-innspelinga endre

The Crickets gav ut ein versjon av songen (basert på Williams sin versjon) i 1971 på Philips. Songen kom opphavleg ut som B-sida til singelen «My Rockin' Days». Besetninga bestod av Sonny Curtis på sologitar og vokal, Joe Osborn på bass, Jerry Allison på trommer og Glen Hardin på piano. Songen vart framført på The Old Grey Whistle Test i 1972.[23] Seinare kom songen ut på albumet Bubblegum, Bop, Ballad And Boogies i 1973.

Andre versjonar endre

Salslister endre

Hank Williams endre

Liste (1949) Plassering
Billboard Hot Country Singles 1[17]
U.S. Billboard Most Played By Disc Jockeys 24[11]

Andre artistar endre

År Artist Liste Plassering
1957 Sonny James Billboard Hot Country Singles 15[24]
1962 Floyd Cramer Billboard Pop Singles 87[26]
Frank Ifield UK Singles Chart 1[27]
1963 Frank Ifield Billboard Pop Singles 44[28]
1992 George Strait Canada Country Tracks (RPM) 22[30]
Billboard Hot Country Singles 24[29]

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Lovesick Blues» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juli 2017.
  • Billboard staff (1949). «Record Reviews». Billboard (Nielsen Business Media, Inc) 61 (9). ISSN 0006-2510. 
  • Billboard staff (1957). «Tips on Coming Tops». Billboard (Nielsen Business Media, Inc) 69. ISSN 0006-2510. 
  • Billboard staff (1962). «Billboard Music Week Hot 100». Billboard (Nielsen Business Media, Inc) 74. ISSN 0006-2510. 
  • Billboard staff 2 (1962). «Hits of the World». Billboard (Nielsen Business Media, Inc) 74. ISSN 0006-2510. 
  • Billboard staff (1963). «Billboard Hot 100» 75. Nielsen Business Media, Inc. ISSN 0006-2510. 
  • Campbell, Michael (2011). Popular Music in America: The Beat Goes on. Cengaging Learning. ISBN 978-0-8400-2976-8. 
  • Deikman, Diane (2007). Live Fast, Love Hard: The Faron Young Story. University of Illinois Press. ISBN 978-0-252-09380-7. 
  • Escott, Colin (1994). Hank Williams: The Biography. Hachette Digital, Inc. s. 307. ISBN 0-316-24986-6. 
  • Gilliland, John (1969). «Pop Chronicles: Tennessee Firebird: American country music before and after Elvis». 1. KRLA 1100. 
  • Gramophone staff (1962). Gramophone (General Gramophone Publications Limited) 40.  Missing or empty |title= (hjelp)
  • Harwood, Robert (2008). I Went Down to St. James Infirmary: Investigations in the Shadowy World of Early Jazz-Blues in the Company of Blind Willie McTell, Louis Armstrong, Don Redman, Irving Mills, Carl Moore, and a Host of Others, and Where Did This Dang Song Come from Anyway?. Harlan Press. ISBN 978-0-9809743-0-0. 
  • Jennings, Dana (2008). Sing Me Back Home: Love, Death, and Country Music. Macmillan. ISBN 978-1-4299-9624-2. 
  • Koon, George William (1983). Hank Williams, so Lonesome. University of Mississippi press. ISBN 978-1-57806-283-6. 
  • Kosser, Michael (2006). How Nashville Became Music City, U.s.a.: 50 Years of Music Row. ISBN 978-0-634-09806-2. 
  • RPM staff (1992). «RPM100 Country Tracks». RPM 55. 
  • Tosches, Nick (2002). Where dead voices gather. Little, Brown and Co. ISBN 978-0-316-07714-9. 
  • Tosches, Nick (2009). Country: The Twisted Roots of Rock 'n' Roll. Da Capo Press. ISBN 978-0-7867-5098-6. 
  • Tyler, Don (2008). Music of the post war era. ABC-Clio. ISBN 978-0-313-34191-5. 
  • Valentine, Anne (1963). «Music Review». Elizabethan (Periodical Publications) 16. 
  • Wedge, Don (1963). «Disk Retailers Association Meets» 75. Nielsen Business Media, Inc. ISSN 0006-2510. 
  • Whitburn, Joel (2005). Joel Whitburn's Top Country Songs: 1944–2005, Billboard. Record Research. ISBN 978-0-89820-165-9. 
  • Williams, Roger M. (1981). Sing a sad song: the life of Hank Williams. University of Illinois Press. ISBN 978-0-252-00861-0. 
  1. Tosches 2009, s. 247.
  2. Tosches 2002, s. 157.
  3. 3,0 3,1 Harwood 2008, s. 108.
  4. Tosches 2002, s. 158.
  5. 5,0 5,1 Jennings 2008, s. 211.
  6. 6,0 6,1 Escott 1994, s. 99.
  7. 7,0 7,1 Harwood 2008, s. 110.
  8. Deikman 2007, s. 13.
  9. 9,0 9,1 Campbell 2011, s. 126.
  10. 10,0 10,1 Kosser 2006, s. 22.
  11. 11,0 11,1 11,2 Koon 1983, s. 41.
  12. Gilliland 1969.
  13. Escott 1994, s. 96.
  14. 14,0 14,1 Escott 1994, s. 97.
  15. Koon 1983, s. 153.
  16. Billboard staff 1949, s. 116.
  17. 17,0 17,1 Jennings 2008, s. 212.
  18. Koon 1983, s. 41, 42.
  19. Williams 1981, s. 1.
  20. 20,0 20,1 Williams 1981, s. 82.
  21. Escott 1994, s. 100.
  22. Tyler 2008, s. 174.
  23. arkivkopi, arkivert frå originalen 11. februar 2013, henta 22. juli 2017 
  24. 24,0 24,1 Billboard staff 1957, s. 52.
  25. Whitburn 2005, s. 186.
  26. 26,0 26,1 Billboard staff 1962, s. 2.
  27. 27,0 27,1 Billboard staff 2 1962, s. 37.
  28. 28,0 28,1 Billboard staff 1963, s. 23.
  29. 29,0 29,1 Whitburn 2005, s. 619.
  30. 30,0 30,1 RPM staff 1992, s. 2.