Silsand
Silsand er ein tettstad på Senja i Senja kommune i Troms og Finnmark med 1 583 innbyggjarar per 1. januar 2017. Staden ligg på austsida av Senja, ved Gisundet, like attmed byen Finnsnes. Gisundbrua med fylkesveg 86 knyter Silsand saman med fastlandet, og staden har hatt ei jamn auke i folketalet sidan brua opna i 1972. Silsand er i dag den største tettstaden på Senja.
Silsand | |||
tettstad | |||
Utsyn mot Silsand med Olaholmen til venstre.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Senja | ||
Areal | 1,03 km² | ||
Folketal | 1 583 (2017) | ||
Folketettleik | 1 537 / km² | ||
Postnummer | 9303 SILSAND | ||
Innbyggjarnamn | silsandværing | ||
Preposisjon | på Silsand | ||
![]() Silsand | |||
Wikimedia Commons: Silsand | |||
SamfunnEndra
Føretaka Tromspotet og Art Nor, som begge held til på Silsand, har hatt god suksess dei siste åra. Tromspotet driv mottak, sortering og pakking av poteter for sal i butikkar, mens Art Nor produserer gryteklare produkt som fløytebaka potet.
På Silsand finst også daglegvarebutikk, vegkro, bakeri, bensinstasjon og kiosk med posttenester. Dessutan huser staden eit avdelingskontor for Troms Kraft. Senter for psykisk helse Midt-Troms held også til på Silsand, og i 2006 utvida senteret lokala betrakteleg.
Silsand har tre skolar; Småslettan skole (1.-4.trinn), Silsand barneskole (5.-7.) og Silsand ungdomsskole (8.-10.) Alle tre er toparallellskolar og tener Silsand skolekrins. I tillegg har staden idrettshall og tre barnehagar. I Silsandmarka er det gode høve for å gå tur både sommar og vinter.
Det lokale fotballaget, FK Senja, speler i 2011 i 2. divisjon.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Silsand» frå Wikipedia på bokmål, den 14. september 2011.
BakgrunnsstoffEndra
- Vêrvarsel for Sildand Arkivert 2012-03-09 ved Wayback Machine., yr.no