Silvester Belt
Silvestras Beltė (fødd 26. november 1997),[1] kjend under artistnamnet Silvester Belt, er ein litauisk songar og låtskrivar. Han vann den litauiske songtevlinga Eurovizija.LT og representerte Litauen i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Luktelk».
Silvester Belt | |||
| |||
Fødd | 26. november 1997 (27 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kaunas | ||
Alias | Silvester Belt | ||
Opphav | Litauen | ||
Aktiv | 2017– | ||
Sjanger | pop | ||
Verka som | songar-låtskrivar |
Bakgrunn
endreBeltė blei fødd i Kaunas i Litauen.[1] Som fireåring utvikla han ei interesse for musikk og byrja å gå på musikkskule. Etter endt utdanning fortsette han studia ved Juozas Gruodis konservatorium i Kaunas.[2]
I 2019 blei han uteksaminert frå University of Westminster i London med ein grad i kommersiell musikkutføring.[3][4] Etter endt utdanning byrja han å jobbe i ein venleikssalong. I januar 2021 vendte han tilbake til Litauen der han signerte med eit plateselskap; opphavleg hadde han tenkt å returnere til London, men kunne ikkje på grunn av karanteneføresegner.[4]
Karriere
endreI 2010 deltok Beltė i den litauiske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest 2010. Han framførte songen «Pi-pa-po» og kvalifiserte seg til finalen, der han enda på 8. plass av 12 finalistar.[5][6]
I 2017, etter å ha blitt oppmuntra av systera til å søkje, tevla Beltė og vann den litauiske songtevlinga Aš – superhitas (norsk ‘Eg er ein superhit’).[4] Då han vann, flytta han frå heimbyen til Vilnius, der han seinare gav ut debutsingelen sin Noise.[7][8] Kort tid etter å ha vunne showet jobba han bak kulissa til TV-showet 2 Barai, den litauiske versjonen av realitytevlinga Baren.[9] Året etter deltok han i den sjette sesongen av X Faktorius, den litauiske versjonen av The X Factor, der han blei eliminert i den fjerde veka.[10]
19. desember 2023 ble det kunngjort at Beltė skulle delta i Eurovizija.LT, den litauiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2024, med songen «Luktelk».[11] Han deltok i den fyrste semifinalen, som han vann, og kvalifiserte seg til finalen.[12][13] Han vann finalen laurdag 17. februar 2024.[14] Som følgje av sigeren fekk han representere Litauen i Eurovision Song Contest 2024.
I Eurovision Song Contest deltok Beltė i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai i Malmö. Der blei han nummer fire og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[15][16][17] I finalen enda han på 14. plass med 90 poeng.[18][19]
Artisteri
endreBeltė skildrar musikken sin som hovudsakleg pop, med nokre elektroniske, rave- og teknopåverknadar.[3] Han nemner Troye Sivan som si store inspirasjonskjelde.[20][21]
Privatliv
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Į „Euroviziją“ keliauja Silvester Belt». Henta 3. mars 2024.
- ↑ Liandzbergienė, Grytė. «Lietuvos atstovas „Eurovizijoje“ Silvester Belt: „Neatsidūriau didžiojoje scenoje per vieną dieną“». Henta 26. februar 2024.
- ↑ 3,0 3,1 Juršėnaitė, Eimantė. «Silvester Belt on Junior Eurovision, failures, and being himself – interview». Henta 26. februar 2024.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Valaitis, Jonas. «Silvestras Beltė: „Tos svajonės - pernelyg sureikšmintas dalykas"». Henta 26. februar 2024.
- ↑ «Pirmojo „Vaikų Eurovizijos“ atrankos pusfinalio rezultatai [papildyta]». Henta 20. februar 2024.
- ↑ «Silvester Belt laimę bandė ir „Mažosios Eurovizijos“ atrankoje – prisiminkite jo pasirodymą». Henta 20. februar 2024.
- ↑ «Silvestras Belte prakalbo apie smarkiai pasikeitusį gyvenimą». Henta 14. februar 2024.
- ↑ 8,0 8,1 «Gėjų klube koncertuosiantis Silvestras: kad aš esu „kitoks“ yra akivaizdu». Henta 14. februar 2024.
- ↑ «Realybės šou „2 Barai“ už kadro dirbantis Silvestras gerbėjams paruošė staigmeną». Henta 14. februar 2024.
- ↑ «Dėl seksualinės orientacijos žinomas dainininkas emigravo iš Lietuvos». Henta 14. februar 2024.
- ↑ «Lithuania 2024: 'EUROVIZIJA.LT' participants and details released». EBU. Henta 14. februar 2024.
- ↑ Juršėnaitė, Eimantė. «Filmuojama pirmoji eurovizinės atrankos laida: sceną išbando pirmasis dalyvių aštuonetas». Henta 14. februar 2024.
- ↑ Juršėnaitė, Eimantė. «Du EUROVIZIJA.LT dalyviai jau užsitikrino vietą atrankos finale: vakaro favoritas – Silvester Belt». Henta 14. februar 2024.
- ↑ Carabaña Menéndez, Hugo. «Silvester Belt gana Eurovizija.LT 2024 y representará a Lituania en Eurovisión 2024 con «Luktelk»». Henta 17. februar 2024.
- ↑ «Eurovision 2024: Semi-Final Draw results». Eurovision Song Contest (på engelsk). European Broadcasting Union. 30. januar 2024. Arkivert frå originalen 30. januar 2024. Henta 20. februar 2024.
- ↑ «Lietuvos atstovas Silvester Belt – "Eurovizijos" finale» [Lithuanian representative Silvester Belt - in the Eurovision final]. Lrytas.lt. 7. may 2024. Arkivert frå originalen 12. mai 2024. Henta 15. mai 2024.
- ↑ Vautrey, Jonathan (12 May 2024). «Eurovision 2024 semi-finals: Detailed results show Croatia and Israel won each show». Wiwibloggs (på engelsk). Arkivert frå originalen 14. mai 2024. Henta 12. mai 2024.
- ↑ «Lithuania's Silvester Belt finishes 14th in Eurovision». Lithuanian National Radio and Television (på engelsk). 11. mai 2024. Henta 15. mai 2024.
- ↑ «Grand Final of Malmö 2024 - Lithuania Grand Final Results Allocation». Eurovision Song Contest. European Broadcasting Union. Arkivert frå originalen 15. mai 2024. Henta 15. mai 2024.
- ↑ Terry, Connor "CJ". «🇱🇹 Silvester Belt Interview: “My all time inspiration is Troye Sivan”.». Henta 14. februar 2024.
- ↑ «Lithuania picks Silvester Belt to go to Eurovision». Henta 18. februar 2024.
- ↑ Jančiukaitė, Elena. «Homoseksualumo neslepiantis „X faktoriaus“ dalyvis Silvestras: „Nėra ko bijoti“». Henta 18. februar 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Silvester Belt» frå Wikipedia på bokmål, den 28. desember 2024.