Silvio Fauner (fødd 1. november 1968) er ein italiensk tidlegare langrennsløpar frå San Pietro di Cadore i provinsen Belluno. Han vann OL-gull på 4 x 10 km stafett i 1994 og VM-gull på 50 km i 1995. I tidsromet 1992-99 vann han i alt sju stafettmedaljar og fem individuelle medaljar i olympiske vinterleikar og i verdsmeisterskap.

Silvio Fauner
Statsborgarskap Italia
Fødd 1. november 1968 (55 år)
San Pietro di Cadore
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003

Utmerkingar

ridder av Republikken Italias fortjenstorden, Gold cross of merit of the Italian Army, Silver cross of merit of the Italian Army, Gullkraven for sportslig fortjenste

Aktiv endre

Fauner gjekk Italia inn til sølvmedalje i 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 1992 i Albertville, men var godt over minuttet etter den norske kvartetten som tok gullet. Året etter spurtslo han Russlands ankermann og vann eit nytt stafett-sølv då Ski-VM 1993 fann stad i Falun. Italia var i mål ti sekundar bak Noreg ved Bjørn Dæhlie. Tidlegare i Falun-VM tok Fauner bronsemedaljen på jaktstarten, einast dei to store langrennsløparane på 1990-talet, Dæhlie og Vladimir Smirnov, var framom han på resultatlista.

Det to store høgdepunkta for Fauner kom i sesongane 1944 og 1995. Under vinterleikane 1994Lillehammer gjekk han ut på sisteetappen i lag med Dæhlie, og fylgde nordmann heile vegen til oppløpet, heilt til Fauner slo Dæhlie på målstreken og sikra italiensk OL-gull. Året etter vart Fauner verdsmeister på 50 km i Ski-VM 1995 i Thunder Bay. Frå meisterskapen i Canada kunne han elles reise heim med også ein sølv- og ein bronsemedalje, oppnådd i høvesvis jaktstart og i 4 x 10 km stafett. 1995-sesongen var hans beste, og gav han tredjeplassen i verdscupen i langrenn, likevel langt bak dei suverene einarane; Dæhlie og Smirnov.

Fauner sigra berre tre gongar i individuelle verdscuprenn. Fyrste sigeren kom på Hamar 7. februar 1995, då han vann ei 22 km lang tevling i fristil. To år seinare, 11. og 12. januar 1997 vann han ein 10 km i klassisk stil og den etterfylgjande jaktstarten, begge renna i japanske Hakuba.

Under Vinter-OL 1998 i Nagano tok Fauner bronsemedaljen på 30 km. Som vanleg gjekk han ankeretappen for Italia i 4 x 10 stafett, og som ved førre Vinter-OL stod gullstriden mellom Italia og Noreg. Her møtte han den spurtsterke Thomas Alsgaard og måtte gje tapt med ein margin på 0,2 sekundar.

Etter OL-sesongen 1998 nådde ikkje Fauner opp i verdstoppen. Han la opp i 2006, siste sesongane deltok han i dei store turrenna.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

I mai 2007 vart Fauner utnemnd til ny landslagssjef i langrenn for Italia. Han overtok etter tidlegare landslagskollega Marco Albarello.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre