Simon Dupree and the Big Sound

Simon Dupree and the Big Sound var eit britisk psykedelisk rockeband skipa i 1966 av brørne Derek Shulman (vokal), Phil Shulman (vokal, saksofon, trompet) og Ray Shulman (gitar, fiolin, trompet, vokal). [1] Dei tre var òg kjende for det seinare progrockbandet Gentle Giant.

Simon Dupree and the Big Sound
OpphavPortsmouth
Aktiv1966-1969
SjangerPsykedelisk rock
PlateselskapParlophone

Karriere endre

Dei byrja som The Howling Wolves og vart så The Road Runners, og spelte R&B kring Portsmouth-området, der Shulman-brørne kom frå. Tidleg i 1966 vart dei Simon Dupree and the Big Sound.[1] Resten av gruppa bestod av Peter O'Flaherty (bassgitar) (fødd 8. mai 1944 i Gosport i Hampshire), Eric Hine (klaverinstrument) (fødd Eric Raymond Lewis Hines, 4. september 1944, i Portsmouth i Hampshire) og Tony Ransley (trommer) (fødd Anthony John Ransley, 17. mai 1944, i Portsmouth i Hampshire).[1] Repertoaret deira bestod av songar av Wilson Pickett, Don Covay og Otis Redding, og sidan Howlin' Wolf og Bo Diddley.[1]

Gruppa fekk kontrakt hos EMI sitt Parlophone under produsenten Dave Paramor.[1] Dei første par singlane deira, mellom andre «I See The Light» (1966), selde dårleg, men i oktober 1967 fekk manageren deira og plateselskapet dei til å dra i retning av psykedelia.

Dei fekk eit gjennombrot mot slutten av 1967 med den psykedeliske «Kites», som nådde topp 10 på UK Singles Chart.[2] Dei rekna seg sjølv som eit blue-eyed soul-band, og mislikte sterkt at singelen ikkje representerte den vanlege stilen deira.[1] Oppfølgjaren, «For Whom the Bell Tolls», vart berre ein mindre hit, og den neste singelen «Broken Hearted Pirates», med Dudley Moorepiano, selde ikkje i det heile.[3]

Ein då ukjend klaverspelar kalla Reginald Dwight vart så henta inn for å erstatte ein sjuk Eric Hine og han vart med dei på turné i 1967 i Skottland. Dwight vart nesten teken inn som fast medlem i gruppa, men dei avslo sjansen til å spele inn nokre av songane hans (sjølv om dei til slutt spelte inn «I'm Going Home» som B-side på den siste singelen sin, og lo då han fortalte dei at han skulle ta artistnamnet Elton John.[4] Den 5. april 1968 spelte Simon Dupree and the Big Sound i lag med Amen Corner, Gene Pitney, Don Partridge og Status Quo i The Odeon Theatre i Lewisham i London, den første konserten i ein lengre britisk turné.

Gruppa gav ut eitt studioalbum, Without Reservation, på Parlophone Records (1967), og eit samlealbum Amen (1980). Ei nyare samling, Part Of My Past (2004), inneheld alle singlane, albumspora og tidlegare ikkje utgjevne materiale meint for det andre studioalbumet deira.

Seint i 1968 gav dei ut singelen «We Are The Moles (Part 1)/(Part 2)» under aukenamnet The Moles. Denne kom ut på Parlophone, men gav ingen hint om kven artisten var. Rykte byrja å spreie seg om at det var ei obskur utgjeving av The Beatles, som òg hadde kontrakt på Parlophone, med Ringo Starr på solovokal.

Dei var frustrerte over å bli rekna som ein one-hit wonder og bli pressa av plateselskapet til å bli ei popgruppe i staden for ei soulgruppe, slik dei hadde ønskt. Bandet vart oppløyst i 1969 og Shulmanbrørne danna så progrockgruppa Gentle Giant.[1]

Diskografi endre

Album endre

  • Without Reservations (1967 Parlophone PMC 7029 or PCS 7029) - UK #39

Samleplater endre

Singlar endre

  • «I See the Light» / «It Is Finished» (1966 Parlophone R 5542)
  • «Reservations» / «You Need a Man» (1967 Parlophone R 5574)
  • «Day Time, Night Time» / «I've Seen It All Before» (1967 Parlophone R 5594)
  • «Kites» / «Like the Sun Like the Fire» (1967 Parlophone R 5646) - UK #9
  • «For Whom the Bell Tolls» / «Sleep» (1968 Parlophone R 5670) - UK #43
  • «Part of My Past» / «This Story Never Ends» (1968 Parlophone R 5697)
  • «Thinking About My Life» / «Velvet and Lace» (1968 Parlophone R 5727)
  • «We Are the Moles, Part 1» / «We Are the Moles, Part 2» (1968, Parlophone R 5743, som THE MOLES)
  • «Broken Hearted Pirates» / «She Gave Me the Sun» (1969 Parlophone R 5757)
  • «The Eagle Flies Tonight» / «Give It All Back» (1969 Parlophone R 5816)[2][5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Biography by Bruce Eder». Allmusic.com. Henta 23. august 2019. [daud lenkje]
  2. 2,0 2,1 2,2 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19. utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 173. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. «Sounds Of The 60s». bbc.co.uk. 23. august 2019. Henta 23. august 2019. 
  4. «Elton John tours Scotland with Simon Dupree 1967». Homepages.ihug.co.nz. Henta 4. februar 2013. 
  5. 5,0 5,1 «Simon Dupree and the Big Sound». blazemonger.com. Arkivert frå originalen 18. oktober 2008.