Gentle Giant var eit britisk rockeband som blei stifta i 1970 av brørne Derek, Ray og Phil Shulman. Bandet spelte progressiv rock, og er blitt rekna som eit av dei mest eksperimentelle banda innan denne musikksjangeren på 1970-talet. Dei fleste medlemmane i bandet var multiinstrumentalistar. På slutten av 1970-talet endra dei stilart mot ein meir konvensjonell rockestil, i likskap med fleire andre progressive rockeband. Bandet hadde avgrensa suksess i si levetid, men har etterkvart oppnådd kultstatus.

Gentle Giant

Aktiv1970–1980
Sjangerprogressiv rock
PlateselskapChrysalis, Columbia Records

Bakgrunn endre

Simon Dupree and the Big Sound endre

Brørne Shulman starta karrieren i Portsmouth med rhythm and blues-bandet The Howling Wolves, som endra namn til The Road Runners og som i 1966 blei til soul/pop-bandet Simon Dupree and the Big Sound. Etter at dei fekk ein topp 10-singel i Storbritannia med den psykedeliske låten «Kites», venta managementet til gruppa at dei skulle levera fleire hitlåtar. Den neste singelen deira, «For Whom the Bell Tolls», blei ein liten hit, men den tredje singelen, «Broken Hearted Pirates», blei stort sett ignorert av platekjøparar.

Simon Dupree and the Big Sound gav ut albumet Whitout ReservationsParlophone i 1967, og la ut på turné i Storbritannia med ein ny bandmedlem; den då ukjende keyboardspelaren Reginald Kenneth Dwight. Dei var ikkje heilt nøgde med Dwight, og Derek Shulman såg seg nøydd til å gje unggutten sparken. Dette gjekk ikkje særleg innpå Dwight, som forklarte at han allereie var i gang med å starta opp sin eigen karriere under namnet Elton John, eit namn Shulman-brørne fann latterleg. Seint i 1968 gav dei ut singelen «We Are The Moles (Part 1)/(Part 2)» under namnet The Moles. Det gjekk lenge rykte om at det var The Beatles som stod bak denne utgjevinga, heilt til Syd Barrett frå Pink Floyd «avslørte» Shulman-brørne. I 1969, etter at Simon Dupree and the Big Sound hadde gjeve ut fleire singlar som ikkje kom inn på listene, blei dei frustrerte av presset om å skriva kommersielle låtar. Dei gav plateselskapet Parlophone melding om at oppløyste bandet.[1][2]

Stordomstida til Gentle Giant endre

Gentle Giant, Acquiring the Taste og Three Friends

Shulman-brørne ynskte å skriva og spela meir kompleks musikk, og søkte etter andre musikarar med like høge ambisjonar og dugleik som dei sjølv. Brørne fekk med seg Simon Dupree-trommeslagaren Martin Smith og dessutan multiinstrumentalistene Gary Green og Kerry Minnear og starta Gentle Giant. Blues-gitaristen Green hadde nesten inga røynsle med å spela i band, medan Minnear hadde spelt i bandet Rust etter at han gjekk ut frå Royal College of Music.

Gentle Giant var dermed heilt frå starten eit band med stor musikalsk kapasitet. Debutalbumet Gentle Giant blei produsert av Tony Visconti med Roy Thomas Baker som lydteknikar, og kom ut 27. november 1970. Til trass for kjende namn bak spakane i studio, har albumet blitt kritisert for eit lydbilde som verkar tynt og lite dynamisk. Visconti produserte òg andre albumet for bandet, Acquiring the Tasta, utgjeve 16. juli 1971. Albumet viser at bandet utvikla seg mykje på kort tid. Under innspelinga av albumet kom trommeslagaren Martin Smith på kant med både Ray og Phil Shulman, noko som førte til at Smith blei erstatta av Malcolm Mortimore.

Det tredje albumet til bandet var det fyrste konseptalbumet deira, Three Friends, som fortel historia om tre gutar som blir vener, men som gradvis veks frå kvarandre med alderen. Det viser seg etter kvart at gutane mistrivst med sina val i livet og albumet sluttar med ein slags cliffhanger, utan å avsløra om dei tre gutane finn attende til venskapen igjen. Albumet kom ut 14. april 1972, og var òg det første albumet til bandet som kom ut i USA. Den nye trommeslagaren til bandet, Malcolm Mortimore, blei skadd i ei trafikkulukke i mars 1972. Som mellombels erstattar blei John «Pugwash» Weathers henta inn. Shulman-brørne var imponerte over den hardtslåande trommestilen til Weathers, som dessutan òg var mulitinstrumentalist. Dermed blei Weathers ny fast trommeslagar i Gentle Giant, medan Mortimore fortsette karrieren sin med andre musikarar etter at han blei frisk.

Octopus, In a Glass House og The Power and the Glory

1. desember 1972 kom albumet Octopus ut. Dette albumet blir rekna som eit høgdepunkt for Gentle Giant, både musikalsk og kommersielt. Octopus kom på 16.-plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over die 50 beste progressiv rock-albuma gjennom tidene.[3] Før bandet starta sin eigen Octopus-turné, forlangte plateselskapet og managementet at dei skulle følgja med som oppvarmarar for Black Sabbath på ei rekkje konsertar. Gentle Giant måtte finna seg i å buast av scena av Black Sabbaths-fans, som det verka som ikkje sette pris på eksperimentell rock. Etter at bandet hadde avslutta Octopus-turneen med konsertar i Italia, gav Phil Shuman melding om at han slutta i bandet. Han ynskte å halda til meir tid med familien sin, og meinte det ikkje kunna kombinerast med musikarkarrieren. Gary Green og John Weathers var engstelege for at dette skulle vera slutten på Gentle Giant, og greidde å overtala Ray og Derek Shulman til å halda fram i bandet.

Dei gjenverande fem medlemmane spelte inn konseptalbumet In a Glass House, som kom ut 21. september 1973. Albumet blei ikkje gjeve ut i USA, men det blei selt ei mengd importerte eksemplar. Albumtittelen viser til uttrykket om «å ikkje kasta stein i glasshus». Bandet viste no at det kunne klara seg utan Phil Shuman, og første konsert som kvintett blei gjennomført på King Alfred's College i Winchester. Bandet var i studio igjen i desember 1973 og januar 1974 for å spela inn eit nytt album, og 22. september 1974 gav dei ut eit nytt konseptalbum, The Power and the Glory. Albumet følgjer ein politikar som ynskjer å kjempa mot korrupsjon og maktmisbruk blant politikarar. Han oppdagar at han sjølv sakte, men sikkert blir ein slik politikar som han i utgangspunktet ynskte å kjempa mot. Albumet kom på 78.-plass på Billboard 200-lista i USA. Plateselskapet pressa på for at bandet skulle skriva hit-låtar, noko bandmedlemmane mislikte sterkt.

Chrysalis-åra endre

Free Hand, Interview og Playing the Fool

Etter at plateselskapet Vertigo kravde at dei måtte skriva hittar, bestemte gruppa seg for å byta plateselskap. Ironisk nok kom bandet dei neste åra til å fjerna seg gradvis frå eksperimentell prog-rock til fordel for nettopp forsøk på å skriva kommersiell musikk og hittar. Dei skreiv kontrakt med Chrysalis Records, som dei heldt seg til resten av karrieren. Sjølv om mykje av musikken dei no skreiv framleis var kompleks, var det fleire døme på enklare arrangement og eit meir polert lydbilde. Det første dømet på dette var albumet Free Hand, som kom ut i juli 1975. Musikken her var kommersiell nok til at bandet fekk eit breiare publikum i USA, og albumet nådde 48.-plass på Billboard 200-lista. Songane på albumet har tekster som reflekterer over tapt kjærleik og øydelagde tilhøve, inkluderte brotet med den tidlegare manageren til bandet.

Konseptalbumet Interview kom ut 23. april 1976, med låtar forma som eit intervju med bandet. Tekstane er ein kritikk av musikkindustrien og gjer narr av dumme spørsmål som rockeartistar gjentekne gonger må svara på. På den påfølgjande turneen blei fleire av konsertane spelt inn med tanke på utgjeving av eit konsertalbum. 18. januar 1977 kom konsertalbumet Playing the Fool ut, med utvalde opptak frå konsertane til bandet i Düsseldorf, München, Brussel og Paris i perioden frå 23. september til 7. oktober 1976. I USA var gruppa oppvarmar for band som Jethro Tull, Yes og Rick Wakeman.

The Missing Piece, Giant for a Day og Civilian

Gentle Giant tok tidleg i 1977 eit medvite val om å skriva mindre kompleks musikk. I likskap med fleire andre progressive band var òg Gentle Giant blitt påverka av at nye musikksjangrar var i vinden, som punkrock. Dei neste to åra freista dei å laga enklare rock og popmusikk for å nå eit større publikum. The Missing Piece, som kom ut 26. august 1977, var det første dømet på det nye stilvalet der låtene var skrivne med konvensjonelle rock-arrangement og direkte rock/pop-stil med innslag av blues og funk. Det blei gjeve ut tre singlar, «Two Weeks in Spain», «Mountain Time» og «I'm Turning Around», men singlane gav ikkje banda nemneverdig fleire tilhengarar. Samstundes såg det ut til at gamle fans mislikte den nye stilretninga.

Til trass for det skuffande platesalet, heldt gruppa fram med ein no endå meir radiovennleg stil. På albumet Giant for a Day!, som kom ut 11. september 1978, var nesten alle spor av den progressive fortida til bandet forsvunne til fordel for forsøk på å skriva hittar. I ettertid har alle bandmedlemmanet omtalt albumet som eit kreativt feilskjer. I 1979 drog Gentle Giant til Los Angeles for å spela inn albumet Civilian. Albumet kom ut 3. mars 1980 og inneheld musikk som er sterkt inspirert av new wave, samstundes som det òg inneheldt enkelte element som minte om tidleg Gentle Giant-musikk. Sjølv om Kerry Minnear var meir nøgd med dette albumet enn det førre, har Ray og Derek Shulman sagt at dei hata å spela inn musikken til albumet. Dei meinte at all gløden var forsvunnen.

Brot og tida etterpå endre

Under eit band-møte i New York før starten av Civilian-turneeen våren 1980, kunne Kerry Minnear og Derek Shulman informera dei andre om at dette var den siste turneen deira med Gentle Giant. Dei hadde no etablert seg med eigne familiar og ynskte meir tid saman med dem, og i likskap med Phil Shuman kunne dei ikkje sjå korleis det kunne kombinerast med ein musikkarriere. Gary Green gjorde forsøk på å overtala dei nok ein gong, men til inga nytte. Dermed blei dei samde om at dette var den siste turneen til bandet, og sommaren 1980 blei Gentle Giant oppløyst.

Derek Shulman fekk jobb som talentspeidar og artistutviklar for PolyGram, og seinare ei liknande stilling hjå Mercury Records. Etterkvart blei han direktør i Atco Records, ei stilling han òg hadde hjå Roadrunner Records seinare. Ray Shulman fekk fleire oppdrag med å skriva filmmusikk og reklamemusikk, og blei etter kvart plateprodusent. John Weathers heldt fram som musikar saman med ei rekkje ulike artistar og som studiomusikar. Gary Green flytta til Princeton i USA, i nærleiken av Chicago, og heldt fram karrieren som blues-gitarist. Kerry Minnear flytta til Cornwall der han jobba med å skriva gospelmusikk. Phil Shuman forlét musikkbransjen og kom aldri attende, medan trommeslagarane Martin Smith og Malcolm Mortimore heldt fram musikkarrierane sine med lokale band og som studiomusikarar.

Medlemmar endre

  • Derek Shulman – (1970–80)
  • Ray Shulman – (1970–80)
  • Kerry Minnear – (1970–80)
  • Gary Green – (1970–80)
  • John Weathers – (1972–80)
  • Phil Shulman – (1970–73)
  • Martin Smith – (1970–71)
  • Malcolm Mortimore – (1971–72)

Instrument endre

Medlemmer og instrumenter
Derek
 Shulman 
Ray
 Shulman 
Kerry
 Minnear 
Gary
 Green 
Phil
 Shulman 
John
 Weathers 
Vokal 6
Gitarar 4
Mandolin 1
Bass 4
Keyboard 3
Trommer 5
Perkusjon 6
Glockenspiel 3
Xylofon 2
Vibrafon 2
Marimba 1
Theremin 1
Trompet 2
Mellofon 1
Sopransaksofon 1
Altsaksofon 2
Tenorsaksofon 2
Barytonsaksofon 1
Klarinett 1
Blokkfløyte 5
Fiolin 1
Bratsj 1
Cello 1
9 9 13 8 10 7 56
Ikkje med i tabellen: Martin Smith, Malcolm Mortimore – trommer og perkusjon.

Tidsline endre

Diskografi endre

Offisielle utgjevingar endre

  • Gentle Giant (1970)
  • Acquiring the Taste (1971)
  • Three Friends (1972)
  • Octopus (1972)
  • In a Glass House (1973)
  • The Power and the Glory (1974)
  • Free Hand (1975)
  • Interview (1976)
  • Playing the Fool (1977), konsertalbum
  • The Missing Piece (1977)
  • Giant for a Day (1978)
  • Civilian (1980)

Video endre

  • Giant on the Box (DVD, 2005)
  • GG at the GG (DVD, 2006)

CD-boksar endre

  • Under Construction (1997)
  • Scraping the Barrel (2004)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gentle Giant