Skeisnipe

fugleart

Skeisnipe (Calidris pygmea) er ein liten vadefugl som hekkar langs kysten lengst nordaust i Russland og overvintrar i Søraust-Asia.

Skeisnipe
Skeisnipe i hekkedrakt Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, 1869
Skeisnipe i hekkedrakt
Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, 1869
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiinga av skeisnipe
Utbreiinga av skeisnipe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Calidris
Art: Skeisnipe C. pygmaea
Vitskapleg namn
Calidris pygmaea

Skildring

endre
 
Skeisnipe i Thailand
Foto: JJ Harrison

Det mest karakteristiske trekket ved denne arten er det svarte, sleikepottforma nebbet. Vaksne fuglar er 14-16 centimeter i lengd, har kvit underside og svarte bein. Augebrynstripa er kvit. Hekkande fuglar har eit raudbrunt hovud, nakke og bryst har mørke brune striper. Dei har gråsvart overside, med brungul og bleike, raudbrune fjørfrynsar. Ikkje-hekkande vaksne manglar den raudlege farga, men har bleik brungrå overside, med kvitaktige frynsar til vengedekkarar.

Måletal er venge 98-106 mm, nebb 19-24 mm, nebbtuppbreidd 10-12 mm, tars 19-22 mm og hale 37-39 mm.[1]

Hekkehabitatet til skeisnipa finst ved kystar og i det tilstøytande innlandet på Tsjuktsjarhalvøya og sørover til eidet av Kamtsjatkahalvøya. Dei trekker ned langs stillehavskysten gjennom Japan, Koreahalvøya og Kina til sine viktigaste overvintringsområde i Sør- og Søraust-Asia, og ho har vore observert så langt vest som i India.[2]

Skeisniper gjer side-til-side rørsler med nebbet samstundes som dei går framover med hovudet ned i søket etter føde.

Dei dannar monogame samband, hekkar i juni-juli og legg fire egg i kullet. Om første kullet går tapt kan dei legge nytt kull som vanlegvis er berre på tre egg. Hekkesuksessen er knytt til populasjon av ein lemenart og svingar i same takt fordi predatorar tar gnagarar framføre egg og fugleungar om tilgjengeleg. Viktige predatorar er fjellrev, røyskatt, jordekorn og dei arktiske joartane. Samla sett er hekkesuksessen estimert til mellom 7 og 23 %.[3]

Status

Denne fuglen er kritisk truga, med ein noverande populasjon på mindre enn 600 individ per 2010. Bestanden minkar sterkt, mellom år 2002 og 2009 gjekk ca. 88 % av populasjonen tapt. Dei viktigaste truslane mot overleving er habitattap langs trekkruta og i overvintringsområda, dessutan jakt i hekkeområda.[3]

Kjelder

endre
Referansar
  1. Hayman, Peter; Marchant, John & Prater, Tony (1986). Shorebirds: an identification guide to the waders of the world. Houghton Mifflin, Boston. ISBN 0-395-60237-8
  2. BirdLife International (2016) Species factsheet: Calidris pygmea. Henta frå http://www.birdlife.org den 13. september 2016
  3. 3,0 3,1 Van Gils, J., Wiersma, P., Sharpe, C.J. & Kirwan, G.M. (2016). Spoon-billed Sandpiper (Calidris pygmea) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 13. september 2016

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skeisnipe