Tsjuktsjarhalvøya
Tsjuktsjarhalvøya, Tsjukotskijhalvøya eller Tsjukotskhalvøya (russisk: Чукотский полуостров - Tsjukotskij poluostov) er det nordaustlegaste punktet på fastlandet i Asia i Russland. Lengst aust ligg Kapp Dezjnev nær landsbyen Uelen. Ho grensar til Tsjuktsjarhavet i nord, Beringhavet i sør og Beringsundet i aust. Halvøya er ein del av Tsjukotka autonome okrug.
Tsjuktsjarhalvøya | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Tsjuktsjarhalvøya 66°N 174°W / 66°N 174°W | |||
Wikimedia Commons: Chukotka |
Halvøya har tradisjonelt vore heimstaden til dei innfødde tsjuktsjarane, enkelte eskimofolk, sibriske jupikar og sireniki-eskimoar, korjakar, tsjuvanar, evenar, jukagihirar og russiske nybyggjarar.
Halvøya ligg langs Nordaustpassasjen.
Av næringar på halvøya finn ein gruvedrift (tinn, bly, sink, gull og kol), jakt og fangst, reinsdyravl og fiske.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chukchi Peninsula» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2008.