Tårnuglefamilien

fuglefamilie
(Omdirigert frå Slørugler)
Tårnuglefamilien
Storslørugle Tyto novaehollandiae Foto: Benjamint444
Storslørugle Tyto novaehollandiae
Utbreiing
Utbreiing av arten tårnugle, slørugler er vidare utbreidde frå Sulawesi og over heile Ny-Guinea
Utbreiing av arten tårnugle, slørugler er vidare utbreidde frå Sulawesi og over heile Ny-Guinea
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Tårnuglefamilien Tytonidae
Scopoli, 1769

Tårnuglefamilien (Tytonidae) samlar slørugler og tårnugler. Han er den eine av to familiar av ordenen ugler. Den andre familien er typiske ugler, Strigidae. Slørugler og tårnugler er middels til store ugler med stort hovud og karakteristisk hjarteforma andlet. Dei skil seg frå Strigidae i strukturelle detaljar, spesielt i brystbein og med lange, sterke bein og med kraftig klør. Slørugler er ei vidt spreidd fuglegruppe, men finst ikkje i nordlege Nord-Amerika, Sahara og i store delar av Asia. Dei lever i eit breitt spekter av habitat frå ørken til skog, og frå tempererte breiddegradar til tropane.

SkildringEndra

 
Grasslørugle, Tyto capensis i Sør-Afrika
Foto: Derek Keats
 
Singalesarslørugle, Phodilus assimilis i Kerala, sørlege India
 
Aprikosslørugle, Tyto deroepstorffi, på Andamanøyane vest for Thailand

Det mest markerte kjenneteiknet for slørugler og tårnugler er det hjarteforma andletet, danna av stive fjører som tener til å forsterke og lokalisere kjelda til lydar under jakt. Fjørdraktene er lysare og mindre kamuflerande enn i uglefamilien, har mørke og lyse prikkar der verkelege ugler har mørke strek i drakta. Hovudet er uvanleg stort, auga er mørke og relativt små til å vere ugle. Slørugler har mørkare overside og bakside enn framside, vanlegvis er farga oransjebrun. Fronten har ei bleikare utgåve av ryggfarga, gjerne spetta, men det er store variasjonar sjølv innanfor same arten. Kroppslengda for ei ugle i Tyto-slekta er nokså einsarta, typiske rundt 30-40 cm, den største er sulawesislørugle som kan bli over 50 cm. Hofuglar er større enn hannar, og dessutan litt mørkare i fjørdrakta. Dei tre artane i slekta Phodilus skil seg frå Tyto ved å vere litt mindre, rundt 25 cm, har øyreduskar og delt andlet.

Slørugler er hovudsakleg nattaktive, og dei lever i par eller enkeltvis. Når dei lokaliserer bytte brukar dei høyrselen, tilpassingar i flygefjører eliminerer vindstøy under flyging, det hjelper fuglen sjølv til å høyre i flukt, og det medverkar til at byttedyr ikkje vert merksam på ugla som jagar. Vanlegvis er smågnagarar byttedyret, men andre små virveldyr og jamvel insekt blir òg tatt. Byttedyra blir slukt heile, skjelett og hud og kjem opp som uglebollar.

Dei fleste av dei 16-20 nolevande artane av slørugler er lite utforska. Somme, som okerslørugla, har knapt vore sett eller studert etter at ho vart funnen, i motsetnad til tårnugla som er ein av dei best kjente ugleartane i verda. Men det finst underartar av arten tårnugle som er svært dårleg kjente og som kan bli verdige å bli skildra som sjølvstendige artar. Birdlife International skildrar 16 takson på artsnivå, medan IOC World Bird List allereie listar 20 artar i familien.

Utbreiing

Arten tårnugle, slik han er definert med opp mot 30 underartar, er utbreidd i alle verdsdelar, men har fråvære frå nordaustlege Europa, Asia aust for Svartehavet og nord for Himalaya, inkludert heile Russland og det meste av Kina. Arten lever i Nord-Amerika omtrent nord til grensa USA-Canada. Grasslørugle lever i Afrika omtrent frå Nigeria til Kenya og sørover aust for Namibia til Sør-Afrika. Ein lite kjent art, kivuslørugle, Phodilus prigoginei, har si særs avgrensa utbreiing i DR Kongo. Dei andre slørugle-artane er utbreidde i den indomalayiske regionen, over Ny-Guinea til Australia. Generelt gjer ikkje tårnugler og slørugler regelbundne trekk.

Ein art av slørugler er sterkt trua, og fire er klassifiserte som sårbare av IUCN.

Artsliste etter IOC World Bird ListEndra

Slørugler og tårnugler i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Tyto

  • Sotslørugle, Tyto tenebricosa, Greater sooty owl, (Gould, 1845), (LC)
  • manglar norsk namn, Tyto multipunctata, Lesser sooty owl, Mathews, 1912, (LC)
  • Minahasaslørugle, Tyto inexspectata, Minahassa masked owl, (Schlegel, 1879), (VU)
  • Taliabuslørugle, Tyto nigrobrunnea, Taliabu masked owl, Neumann, 1939, (VU)
  • Tanimbarslørugle, Tyto sororcula, Moluccan masked owl, (Sclater, PL, 1883)
  • Manusslørugle, Tyto manusi, Manus masked owl, Rothschild & Hartert, E, 1914
  • Gullslørugle, Tyto aurantia, Golden masked owl, (Salvadori, 1881), (VU)
  • Storslørugle, Tyto novaehollandiae, Australian masked owl, (Stephens, 1826), (LC)
  • Sulawesislørugle, Tyto rosenbergii, Sulawesi masked owl, (Schlegel, 1866), (LC)
  • Okerslørugle, Tyto soumagnei, Red owl, (Grandidier, A, 1878), (VU)
  • Tårnugle, Tyto alba, Western barn owl, (Scopoli, 1769), (LC)
IOC er einaste kjente autoritet som har splitta Tyto alba i fleire artar:
  • manglar norsk namn, Tyto furcata, American barn owl, (Temminck, 1827)
Det meste av USA og sørover til Eldlandet, heile Karibia og Galapagosøyane
  • manglar norsk namn, Tyto javanica, Eastern barn owl, (Gmelin, JF, 1788)
frå Pakistan over Søraust-Asia, Australia og Ny-Guinea til Vanuatu i Stillehavet

Slekt Phodilus

Birdlife International[3] og Birds of the world definerer ein ekstra art på øya Seram i Molukkane:

  • Tyto almae, Seram masked owl, Jønsson et al., 2013

KjelderEndra

Referansar
  1. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.2). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 26. september 2021
  2. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/
  3. BirdLife International (2021) Species factsheet: Tyto almae henta 3. oktober 2021

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tårnuglefamilien