Smithsonitt eller sinkspat, tidlegare calamin, er eit kvitt eller svakt farga mineral som består av sinkkarbonat, ZnCO3. Det tilhøyrer kalsittgruppa (isomorfi). Det vert danna sekundært etter sfaleritt. Det vert utvunne som sinkmalm mellom anna i Mexico og USA. Det er sjeldan i Noreg.

Smithsonitt

Ein prøve av smithsonitt frå Kelly-gruva i Socorro County i New Mexico i USA.
Generelt
KategoriKarbonatmineral
Kjemisk formelZnCO3
Strunz-klassifisering05.AB.05
KrystallsymmetriTrigonal 3 2/m
Einingscellea = 4.6526(7) Å, c = 15.0257(22) Å; Z = 6
Identifikasjon
FargeKvit, grå, gul, grøn til eplegrøn, blå, rosa, lilla, blågrå og brun
KrystallformUvanleg som krystallar, typisk botryoidal, nyreforma, sfærulittisk; stalkittisk, jordaktig, kompakt massiv
KrystallsystemTrigonal - Heksagonal skalenoeder
TvillingIngen observert
Kløyvperfekt på [1011]
BrotUjamn, undermuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala4.5
Glansglasaktig, kan vere perleaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomskinneleg
Spesifikk vekt4.4 - 4.5
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (-)
Brytingsindeksnω = 1.842 - 1.850 nε = 1.619 - 1.623
Dobbeltbrytingδ = 0.223 - 0.227
Ultrafiolett fluorescensKan fluorescere bleik grøn eller lyseblå under UV
Kjelder[1][2][3]

Smithsonitt vart identifisert med hemimorfitt før ein forstod at dei var to eigne mineral. Dei to minerala liknar mykje på kvarandre og namnet kalamin er brukt om begge, noko som har ført til forvirring. Smithsonitt vart namngjeven i 1832 av François Sulpice Beudant etter den engelske kjemikaren og mineralogen James Smithson (ca. 1765–1829), som oppretta Smithsonian Institution og som først identifiserte mineralet i 1802.[2][4]

Kjelder

endre
  1. http://www.mindat.org/min-3688.html Smithsonite: Smithsonite mineral information and data from Mindat
  2. 2,0 2,1 http://www.webmineral.com/data/Smithsonite.shtml Smithsonite mineral data from Webmineral
  3. http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/smithsonite.pdf Handbook of mineralogy
  4. «Smithsonite at the National Museum of Natural History». Smithsonian Institution. Arkivert frå originalen 21. januar 2016. Henta 9. august 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Smithsonitt