Snelleslekta
Snelleslekta (Equisetum) er ei slekt av fleirårige karsporeplantar som veks mest på fuktig jordsmonn, nokre artar til og med i vatn. Slekta omfattar 16-29 artar, avhengig av taksonomisk systematikk. Ho er den einaste nolevande slekta i snellefamilien (Equisetaceae).
Snelleslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karsporeplanter Pteridophyta |
Klasse: | Bregnar Polypodiopsida |
Orden: | Snelleordenen Equisetales |
Familie: | Snellefamilien Equisetaceae |
Slekt: | Snelleslekta Equisetum L., 1753 |
Sneller har karakteristiske ledda stenglar. Blada dannar uskinnbarlige slirer ved avslutningane til ledda. Nokre artar har òg kransar med sidegreiner rett under slirene.
Dei 18 artane av sneller som finst i dag er dei einaste overlevande restane av den store klassen snelleplantar som dominerte skogane i perm- og karbontida. Desse tidlegare snelleplantane var opptil 20 m høge tre med 1 meter stammediameter, og utgjorde eit stort bidrag til dagens steinkolførekomstar.
Sneller formeirar seg både vegetativt ved knoppskyting frå jordstenglar, og kjønna gjennom sporar. Det finst både stor- og småsporer (heterospori), som blir danna i sporehus anten i toppen av dei vanlege stenglane, eller på spesielle forplantingsstengler som ikkje er grøne.
Sneller er mykje brukt i både skule- og folkemedisin.
Plantar kjende som hesterumpe (Hippuris) har av og til blitt forveksla med snellar, men er ei heilt anna slekt. På engelsk blir både sneller (Equisetum) og hesterumpe kalla for horsetail, slik at dei to artane blir blanda saman språkleg sett.
Taksonomi
endre- Karplantar (Tracheophyta)
- Karsporeplantar (Pteridophyta)
- Klasse: Kråkefotplantar (Lycopsida, Isoetopsida)
- Underdivisjon: Bregneplantar (Monilophytae, Monilophytes)
- Klasse: Psilotopsida
- Orden: Psilotales (Psilotales)
- Orden: Ormetunger (Ophioglossales)
- Klasse: SNELLEPLANTAR (SPHENOPSIDA)
- Snellefamilien (Equisetaceae)
- Snelleslekta, Equisetum Linné (1753)
- Underslekt Equisetum
- åkersnelle (E. arvense)
- polarsnelle (E. arvense subsp. boreale)
- «Andean Horsetail» (Equisetum bogotense)
- «Camtchatka Horsetail» (Equisetum camtschatcense)
- «Himalayan Horsetail» (Equisetum diffusum)
- elvesnelle (Equisetum fluviatile)
- strandsnelle (Equisetum pratense x arvense)
- dynesnelle (Equisetum palustre x fluviatile)
- engsnelle (Equisetum pratense)
- myrsnelle (Equisetum palustre)
- skogsnelle (Equisetum sylvaticum)
- kjempesnelle (Equisetum telmateia)
- åkersnelle (E. arvense)
- Underslekt Hippochaete
- skavgras (E. hyemale)
- grussnelle (E. variegatum x hyemale)
- gotlandssnelle (E. ramosissimum x hyemale)
- (Equisetum debile)
- gigantsnelle (Equisetum giganteum)
- «Smooth Horsetail» (Equisetum laevigatum)
- «Mexican Giant Horsetail» (Equisetum myriochaetum)
- «Branched Horsetail» (Equisetum ramosissimum)
- dvergsnelle (Equisetum scirpoides)
- (Equisetum umbrosum)
- fjellsnelle (Equisetum variegatum)
- skavgras (E. hyemale)
- Snellefamilien (Equisetaceae)
- Klasse: Marattiopsida (Marattiopsida)
- Klasse: Bregnar (Polypodiopsida)
- Frøplantar (Spermatopsida)
- Karsporeplantar (Pteridophyta)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sneller» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Snelleslekta hos Artsdatabanken
- (en) Snelleslekta – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Snelleslekta i Encyclopedia of Life
- (en) Snelleslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Snelleslekta hos Dyntaxa
- (en) Snelleslekta hos Fossilworks
- (en) Snelleslekta hos ITIS
- (en) Snelleslekta hos NCBI
- (en) Snelleslekta hos The International Plant Names Index
- (en) Snelleslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Equisetum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons