So Far av Crosby, Stills, Nash & Young

sampleplate av Crosby, Stills, Nash & Young
So Far
Samlealbum av Crosby, Stills, Nash & Young
Språk engelsk
Utgjeve 19. august 1974
Innspelt 1969-1970
Sjanger Folkrock
Lengd 42:36
Selskap Atlantic
Crosby, Stills, Nash & Young-kronologi 
4 Way Street
(1971)
So Far CSN
(1977)


So Far er eit samlealbum av Crosby, Stills, Nash & Young. Det nådde toppen av Billboard Top Pop Albums-lista, det tredje albumet deira på rad som klarte dette. Det har seld til 6x platinaplate i USA og er det nest bestseljande albumet deira etter Déjà Vu.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]
Robert ChristgauB−[2]

Innhald endre

Albumet inneheld fem av dei seks singlane dei hadde gjeve ut til då, og utelet «Marrakesh Express». Det var første gongen singelen «Ohio» kom ut på eit album, i tilegg til B-sida «Find the Cost of Freedom». Dei andre fem spora var henta frå dei to studioalbuma deira, Crosby, Stills & Nash og Déjà Vu.

Dei elleve songane på denne samleplata vart valde ut frå dei berre 22 songane gruppa hadde gjeve ut til då. Graham Nash sa seinare at gruppa var i mot utgjevinga og meinte at det var absurd å basere eit samlealbum på berre to studioalbum og ein singel. Atlantic Records ønskte å utnytte den særs omtalte og etterlengta turneen til Crosby, Stills, Nash & Young i 1974.

Young er berre med på fire av dei elleve songane. Han hadde òg berre vore med på halvparten av songane på Déjà Vu.

Plateomslaget vart måla av venen og kollegaen til gruppa, Joni Mitchell.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)OpphavLengd
1.«Déjà Vu»David CrosbyDéjà Vu, 19704:10
2.«Helplessly Hoping»Stephen StillsCrosby, Stills & Nash, 19692:38
3.«Wooden Ships»David Crosby, Stephen Stills, Paul KantnerCrosby, Stills & Nash5:26
4.«Teach Your Children»Graham NashDéjà Vu2:53
5.«Ohio»Neil YoungSingel 19703:00
6.«Find the Cost of Freedom»Stephen StillsB-side til singelen «Ohio»2:01
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)OpphavLengd
1.«Woodstock»Joni MitchellDéjà Vu3:52
2.«Our House»Graham NashDéjà Vu2:58
3.«Helpless»Neil YoungDéjà Vu3:34
4.«Guinnevere»David CrosbyCrosby, Stills & Nash4:38
5.«Suite: Judy Blue Eyes»Stephen StillsCrosby, Stills & Nash7:24

Medverkande endre

  • David Crosbyvokal alle spor; rytmegitar på «Déjà Vu», «Wooden Ships», «Ohio» og «Woodstock»; akustisk gitar på «Guinnevere»
  • Stephen Stills – vokal alle spor utanom «Guinnevere»; akustisk og elektrisk gitars alle spor utanom «Our House» og «Guinnevere»; piano på «Déjà Vu» og «Helpless»; orgel på «Wooden Ships,» «Woodstock» og «Suite: Judy Blue Eyes»; bass på «Déjà Vu», «Wooden Ships», «Teach Your Children» og «Suite: Judy Blue Eyes»
  • Graham Nash – vokal alle spor; piano på «Woodstock» og «Our House»; akustisk gitar, tamburin på «Teach Your Children»
  • Neil Young – vokal på «Ohio», «Find the Cost of Freedom» og «Helpless»; akustisk gitar på «Find the Cost of Freedom» og «Helpless»; elektrisk gitar på «Ohio» og «Woodstock»

Andre medverkande endre

Salslister endre

År Liste Plassering
1974 Billboard 200 1

Kjelder endre

  1. Eder, Bruce (2011). «So Far - Crosby, Stills, Nash & Young | AllMusic». allmusic.com. Henta 13. januar 2019. 
  2. Christgau, R. (2011). «Robert Christgau: CG: Crosby, Stills, Nash & Young». robertchristgau.com. Henta 13. januar 2019.