Crosby, Stills & Nash av Crosby, Stills & Nash

album av Crosby, Stills & Nash
Crosby, Stills & Nash
Studioalbum av Crosby, Stills & Nash
Språk engelsk
Utgjeve 29. mai 1969
Innspelt Februar og mars 1969
Studio Wally Heider's Studio III
Los Angeles
Sjanger Folkrock, softrock, bluesrock, jazzrock
Lengd 40:52
Selskap Atlantic
Produsent Crosby, Stills & Nash
Crosby, Stills & Nash-kronologi 
Crosby, Stills & Nash Déjà Vu
(1970)


Singlar frå Crosby, Stills & Nash
  1. «Marrakesh Express»
    Utgjeve: 1969
  2. «Suite: Judy Blue Eyes»
    Utgjeve: September 1969

Crosby, Stills & Nash er det sjølvoppkalla debutalbumet til Crosby, Stills & Nash frå 1969 på Atlantic Records. Det gav to hittar på topp 40 i USA, «Marrakesh Express» (28. plassen) og «Suite: Judy Blue Eyes» (21. plassen). Sjølve albumet klatra til sjetteplassen på Billboard-lista. De har seld til fire gangar platinaplate i USA for salstal på over 4,2 millionar.[4]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[1]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[2]
The Village VoiceB+[3]

Historie endre

Albumet var ein særs sterk debut for bandet, og dei vart umiddelbart stjerner. I lag med The Byrds sitt Sweetheart of the Rodeo og The Band sitt Music From Big Pink frå året før, var det med på å endre popmusikken bort frå sekstitalsestetikken der band spelte bluesbasert rockemusikk på høglydte gitarar. Crosby, Stills & Nash presenterte røtene til rock, med folk, blues, og til og med jazz, på ein ny måte og det klarte dei utan å høyrast ut som ei etterlikning. Dei blanda ikkje berre stemmene sine til utsøkte vokalharmoniar, men blanda òg styrkane til kvar enkelt av dei: David Crosby med samfunnskommentarane og dei atmosfæriske stykka sine, Stephen Stills var dyktig på mange forskjellige musikkstilar der han umerkeleg la folk- og countryelement inn i kompliserte rockestrukturar, og Graham Nash med sine radiovennlege popmelodiar. Resultatet gav brei appell. Albumet inneheld somme av dei mest kjende songane deira: «Helplessly Hoping», «Long Time Gone» (eit svar til attentatet mot Robert F. Kennedy), «Suite: Judy Blue Eyes» (skriven for Judy Collins) og «Wooden Ships» (skriven i lag med Paul Kantner i Jefferson Airplane).

Albumet selde etter kvart til fleire gonger platina og i tillegg dei tidlegare nemnde singlane finn ein òg andre av dei mest kjende songane til bandet, som «Wooden Ships» og «Helplessly Hoping». «Suite: Judy Blue Eyes» vart skriven for Judy Collins og «Long Time Gone» var eit svar til mordet på Robert F. Kennedy.

Stills dominerte innspelinga av albumet. Utanom trommene, som vart spelte av Dallas Taylor, spelte han nesten alle instrumenta på albumet. Nash spelte akustisk gitar på to songar og Crosby rytmegitar på eit par. Stills spelte alt av bass, orgel og sologitar sjølv, i tillegg til akustisk gitar på sine eigne songar.[5] «Dei andre karane blir ikkje fornærma om eg seier at dette var barnet mitt, og eg hadde på eit vis songane i hovudet mitt», sa Stills.[6]

David Crosby tok til motmæle mot at han ikkje skulle få spele på «Long Time Gone» og meinte at han i det minste måtte få spele rytmegitar på sin eigen song. Stills overtydde han om å gå heim ei stund og då han kom attende vart Crosby overtydd av musikksporet Stills og Taylor hadde spelt inn.[7] I eit nyare intervju har Crosby motsagt seg sjølv og hevda at han spelte gitar på innspelinga.[8]

Gruppa framførte songar frå albumet på Woodstockfestivalen i august 1969. Seint i 1969 spelte gruppa på TV-showet til Tom Jones og framførte «Long Time Gone» med Tom Jones på delt vokal.

Albumet fekk stor innverknad på mange nivå i popmiljøet i Amerika utover i 1970-åra. Suksessen til albumet gjorde at plateselskapa ønskte å signere avtalar med liknande artistar, og mange av desse kom inn under dei same managerane som CSN, Elliot Roberts og David Geffen. Dei høge salstala og dei personlege tekstane til bandet bana veg for songar-låtskrivar-miljøet tidleg på 70-talet. Måten dei nytta personlege tekstar på utan å ty til påskot, dei gode vokalharmoniane, det omhyggelege arbeidet deira i studio, samt kulturen kring Laurel Canyon som omfamna gruppa og folk kring dei, grunnla ein estetikk for mange grupper og artistar som seinare kom til å definere lyden av «California» på 70-talet, som The Eagles, Jackson Browne, Fleetwood Mac i tida etter 1974 og fleire andre.

Plateomslag endre

På omslaget er dei tre medlemmane frå venstre til høgre Nash, Stills og Crosby, motsett rekkefølgje av albumtittelen. Biletet vart teken av venen og fotografen Henry Diltz før dei kom på namnet på gruppa. Dei fann eit fråflytta hus med ein gammal, sliten sofa utafor i 815 Palm Avenue i West Hollywood, som dei tenkte passa til imaget deira. Eit par dagar seinare valde dei namnet «Crosby, Stills, and Nash». For å unngå forvirring, drog dei attende til huset ein dag eller to seinare for å ta eit bilete der dei sat i rett rekkjefølgje, men då dei kom til huset var sofaen knust til pinneved.[9]

Ein kan sjå Dallas Taylor sjå ut av vindauget i døra på baksida av omslaget.[9] På den utvida utgåva er han derimot borte. Den originale vinylutgåva kom ut med eit dobbeltfalsa omslag som på innsida synte bandet i store pelsanorakkar i solnedgang, teken i Big Bear i California.[10] Eit langt bretta ark på innsida synte medverkande på albumet, tekstar, sporliste og ei lita, dels psykedelisk teikning.

Utgjeving og mottaking endre

Då albumet kom ut kalla kritikaren Barry Franklin i Rolling Stone Crosby, Stills & Nash «ei eminent spelbar plate» og «eit særskild tilfredsstillande verk», og meinte at låtskrivinga og vokalharmoniane var særskild eksepsjonelle.[11] Robert Christgau var mindre entusiastisk i The New York Times, og meinte at plata var for apollonisk for hans smak: «[Crosby, Stills & Nash] er så perfekt som det var venta det skulle bli. Men det demonstrerer òg farane ved perfeksjon: villskapen som skulle frigjere stor rock er så velkontrollert at når han først dukkar opp (som på Nash sin glimrande 'Pre-Road Downs') verkar det å ha blitt skote inn for å bevise at musikken er rock: det einaste unntaket er den hylande vokalen til Crosby på 'Long Time Gone.'»[12]

I seinare melding skreiv Jason Akeny for AllMusic at somme av emna i songane «ikkje har halde tida godt», men «harmoniane er absolutt tidlause og dei beste songane er solide som stein».[1] I 2003 rangerte Rolling Stone albumet på 259. plass på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene, men vart på den reviderte lista i 2012 flytta ned til 262. plassen.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Suite: Judy Blue Eyes»Stephen StillsStills7:25
2.«Marrakesh Express»Graham NashNash2:39
3.«Guinnevere»David CrosbyCrosby med Nash4:40
4.«You Don't Have to Cry»Stephen StillsStills med Crosby & Nash2:45
5.«Pre-Road Downs»Graham NashNash2:56
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Wooden Ships»David Crosby, Paul Kantner, Stephen StillsCrosby med Stills5:29
2.«Lady of the Island»Graham NashNash2:39
3.«Helplessly Hoping»Stephen StillsStills med Crosby & Nash2:41
4.«Long Time Gone»David CrosbyCrosby med Stills4:17
5.«49 Bye-Byes»Stephen StillsStills5:16
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)MerknadLengd
11.«Do for the Others»Stephen StillsDemo med Stills og Nash2:49
12.«Song with No Words (Tree with No Leaves)»David CrosbyCrosby og Nash3:18
13.«Everybody's Talkin'»Fred NeilStills med Crosby og Nash på harmoniar3:14
14.«Teach Your Children»Graham NashDemo med Nash og Crosby3:14

Medverkande endre

Produksjon

Salslister endre

AlbumBillboard (USA)[15]

År Liste Plassering
1969 Black Albums 35
Pop Albums 6

'SinglarBillboard (USA)[15]

År Singel Liste Plassering
1969 «Marrakesh Express» Hot 100 28
«Suite: Judy Blue Eyes» Hot 100 21

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Ankeny, Jason. «Crosby, Stills & Nash». Allmusic. Henta 12. januar 2019. 
  2. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 201. ISBN 0-7432-0169-8. 
  3. Christgau, Robert (July 31, 1969). «Consumer Guide (2)». The Village Voice. Henta 12. januar 2019. 
  4. «RIAA – Soundscan». Greasylake. Henta 12. januar 2019. 
  5. «STEPHEN STILLS (MUSIC HISTORY)». Arkivert frå originalen 12. januar 2019. Henta 12. januar 2019. 
  6. David Wild, Crosby, Stills and Nash booklet, 2006 release, 6.
  7. «Stills played the bass, the orgel, the guitar. Dallas played the trommer. And it's excellent! It has a wonderful feel to it. When we came back and heard the playback, I just sat there, stunned.» David Crosby and Carl Gottlieb, Long Time Gone: The Autobiography of David Crosby. Da Capo Press, 150.
  8. 8,0 8,1 «Interview: David Crosby on History and Harmonies - Fretboard Journal». 25. april 2013. 
  9. 9,0 9,1 «FAQ Crosby, Still & Nash and Neil Young, CSNY». Arkivert frå originalen 2. mars 2000. Henta 12. januar 2019. 
  10. Crosby, Stills & Nash: The Biography By Dave Zimmer, Henry Diltz. Da Capo Press. 2008. 
  11. Franklin, Barry (26. juli 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (38): 36. 
  12. Christgau, Robert (8. juni 1969). «The Byrds Have Flown--But Not Far». The New York Times. Henta 11. august 2018. 
  13. «CSN Box Set Sporliste». [daud lenkje]
  14. «Interview: David Crosby talks Crosby, Stills & Nash's debut album track-by-track». Arkivert frå originalen 7. april 2014. Henta 12. januar 2019. 
  15. 15,0 15,1 «Crosby, Stills & Nash: Awards». Allmusic. Henta 12. mai 2013.