Asalslekta
Asalslekta (Sorbus) er ei slekt i rosefamilien. Ho inneheld små tre og buskar som har blad med grovtakka kant. Blomane er femtalige og kvite eller rosa med mange støvberarar. Vekstane har bær som ofte er raude, men nokre artar kan òg ha kvite, gule eller grøne bær.
Asalslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Underfamilie: | Eplefamilien Maloideae |
Slekt: | Asalslekta Sorbus L., 1753 |
Planteslekta omfattar om lag 100–200 artar. Enkelte forskarar plasserer desse i underslektene Sorbus, Aria, Micromeles, Cormus, Torminaria og Chamaemespilus. Fleire av artane er apomiktar (set frø som er klonar av morplanten) og dannar lett hybridar. Det finst derfor ei rekkje typar tre som er endemiske innanfor eit mindre område.
Dette er ei svært utbreidd slekt i Europa. I Noreg finst artane rogn (Sorbus aucuparia) og rognasal (Sorbus hybrida), i tillegg til fleire lokale endemiske artart. I alt veks 16 asal-artar i Norden, 12 av dei i Noreg.
Tre i asalslekta kan ha lappete, finnete eller sagtakka blad som alltid er skruestilte. Greinene har ikkje tornar. Dei femtalige blomane har flate kronblad som er lengre enn begeret. Talet på støvberarar er høgt, normalt 15–25. Frukta er små, bær-liknende eple som er inntil 3 cm store, og har 2–3 fråskilde kammer eller rom.
Nokre artar
endreLista under inneheld eit utval artar i asalslekta, med norske namn der desse finst, og elles nokre synonyme engelske namn. Utbredeiing for artane som finst i Noreg er også vist, og artar som veks i Noreg er sett i feite typar.
- Rogn (Sorbus aucuparia) – Eurasia
- Sorbus americana, «American mountain-ash»
- Sølvasal (Sorbus aria) – Eurasia
- Sorbus austriaca
- Sorbus californica
- Sorbus cashmiriana, «Kashmir rowan»
- Sorbus commixta, «Japanese rowan»
- Sorbus decora, «Showy mountain-ash»
- Sorbus esserteauiana, «Esserteau's rowan»
- Sorbus fosteri
- Sorbus fruticosa
- Sorbus glabrescens, «White-fruited rowan»
- Balkanasal (Sorbus graeca) – Gotland, Europa
- Sorbus harrowiana, «Harrow rowan»
- Sorbus hupehensis, «Hubei rowan»
- Rognasal (Sorbus hybrida) – Noreg, Sverige, Finland, Bornholm, Baltikum
- Sorbus insignis
- Svensk asal (Sorbus intermedia) – Sør-Sverige, Åland, Bornholm, Finland
- Sorbus khumbuensis
- Hvitrogn (Sorbus koehneana) – Kina
- Sorbus lanata
- Sorbus lancastriensis
- Smalasal (Sorbus lancifolia) – Sogn og Fjordane, Nordland (endemisk)
- Breiasal (Sorbus latifolia) – Sørvest-Europa
- Sorbus matsumurana
- Sorbus maderensis, «Madeira rowan»
- Fagerrogn (Sorbus meinichii) – Noreg, Gotland, Åland
- Sorbus microphylla, «Small-leaf rowan»
- Alpeasal (Sorbus mougeotii) – Sentral- og Sør-Europa
- Nordlandsasal (Sorbus neglecta) – Nordland (endemisk)
- Norsk asal (Sorbus norvegica) – Noreg, Sverige
- Sorbus oligodonta, «Kite-leaf rowan»
- Sorbus pallescens
- Sorbus pekinensis
- Sorbus pinnatifida
- Sorbus pinnatifida
- Sorbus pluripinnata
- Sorbus pohuashanensis
- Sorbus pontica
- Sorbus porrigentiformis
- Sorbus poteriifolia
- Sorbus prattii
- Sorbus pseudofennica
- Sorbus pseudovilmorinii
- Sorbus pygmaea
- Sorbus randaiensis
- Sorbus redliana
- Sorbus reducta, «Dwarf rowan»
- Sorbus rehderiana
- Sorbus retroflexis
- Sorbus rockii
- Sorbus rotundifolia
- Sorbus rufo-ferruginea
- Sorbus rufopilosa, «Tsema rowan»
- Bergasal (Sorbus rupicola) – Noreg, Sverige, Danmark, Europa
- Sorbus sargentiana, «Sargent's rowan»
- Sorbus scalaris, «Ladder rowan»
- Sorbus simonkaiana
- Sorbus sitchensis, «Sitka mountain-ash»
- Sorbus stankovii
- Småasal (Sorbus subarranensis) – Sør-Noreg (endemisk)
- Sorbus subcuneata
- Grenmarasal (Sorbus subpinnata) – Sørlandet, Telemark (endemisk)
- Sørlandsasal (Sorbus subsimilis) – Sørlandet (endemisk)
- Sorbus taurica
- Sorbus thibetica
- Sorbus thibetica
- Tarmvriasal (Sorbus torminalis) – Danmark, Europa
- Sorbus umbellata
- Sorbus ursina
- Sorbus vertesensis
- Sorbus vestita
- Sorbus vexans
- Sorbus vilmorinii, Vilmorin's rowan
- Sorbus wardii
- Sorbus wilfordii
- Sorbus wilmottiana
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Asalslekta» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2014.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Lie, Johannes og Dagny Tande, Norsk flora, versjon 2007, 7.utgaven. ISBN 978-82-521-6029-1.
- Stenberg, Lennart & Bo Mossberg, Steinar Moen (norsk red.), Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal, Oslo 2007. ISBN 978-82-05-32563-0.