Sosialdemokratar mot EU

(Omdirigert frå Sosialdemokrater mot EU)

Sosialdemokratar mot EU, korta SME, var ein medlemsorganisasjon for sosialdemokratiske EU-motstandarar i Noreg. Organisasjonen vart skipa i 1993, omkring folkerøystinga om norsk EU-medlemskap i 1994, og vart leidd av Hallvard Bakke. Andre sentrale personar var mellom andre Tove Strand, Rune Gerhardsen og dåverande AUF-leiar Trond Giske. SME var open for både Ap-medlemmer og sosialdemokratar frå andre organisasjonar eller partilause. Mange tillitsvalde i Arbeidaranes ungdomsfylking engasjerte seg også i SME.

Arbeidet til SME var avgjerande for nei-sigeren ved folkerøystinga i 1994. For å understreke føremålet til organisasjonen, vart SME lagt ned dagen etter folkerøystinga.

Historie endre

Skipinga av SME vart offentleggjort 27. oktober 1993, etter valet same haust. Skipinga var planlagd i god tid, men SME ville vente til etter valet i frykt for å verte skulda for opprør og bråk i Arbeidarpartiet under valkampen. Lanseringa kom som ei bombe på Ap-leiinga. Sjølv om sentralstyret i partiet ikkje var positive til fraksjonen, som var eit brot på partivedtektene i Arbeidarpartiet, valde dei å ikkje slå ned på organisasjonen, i frykt for meir bråk i det konfliktfylde organisasjonsdemokratiet.

Ved skipinga vart Hallvard Bakke leiar og Tove Strand Gerhardsen nestleiar. Gerhardsen hadde berre nokre månader tidlegare gått av som statsråd i regjeringa til Gro Harlem Brundtland. Trond Giske, Trond Jensrud, Anniken Huitfeldt og Wegard Harsvik var òg mellom skiparane av organisasjonen.

EU-striden endre

Nei-rørsla hadde allereie Nei til EU som sentral organisator for nei-kampen. SME ville ikkje bygge ei masserørsle, men var tiltenkt ei rolle som tenketank og organisator for nei-sida i Arbeidarpartiet. SME skulle legitimere nei-standpunktet for sosialdemokratar, og mobilisere sosialdemokratar til å røyste nei.

SME spelte òg ei rolle under den ekstraordinære LO-kongressen i september 1994, der LO skulle ta standpunkt i EU-spørsmålet. Nei til EU hadde satsa stort på å få eit nei-fleirtal på kongressen, og SME tok del i dette arbeidet gjennom kontaktar i fagrørsla. Sjølv om dei fleste hadde venta eit fleirtal for medlemskap, vart resultatet overraskande nei. Nei-resultatet frå kongressen vart for SME eit viktig argument fram til folkerøystinga 28. november.

Ettertid endre

SME hadde i tufta til organisasjonen slått fast at organisasjonen skulle nedleggjast etter folkerøystinga, uansett utfall. Sjølv om organisasjonen ikkje speler nokon formell rolle i dag, har grupperingar og nettverk frå denne tida framleis innflytnad i Ap. Dette gjeld mellom anna det mykje omtala nettverket kring Trond Giske. I 2004 vart nettstaden nyttnei.no Arkivert 2016-03-17 ved Wayback Machine. lansert som ein «sosialdemokratisk nettstad mot EU» av forfattarane bak boka Et nytt nei. På nettstaden vert fleire personar med bakgrunn frå SME, mellom andre Hallvard Bakke og Trond Jensrud, presentert og intervjua.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Kjell-Erik Nordenson Kallset: Makta midt i mot. Kampen om EU og Arbeiderpartiets sjel, Forlaget Manifest (2009) ISBN 978-82-92866-19-1