Opna hovudmenyen

Southern Roots: Back Home to Memphis

Southern Roots: Back Home In Memphis
Studioalbum av Jerry Lee Lewis
Utgjeve 1973
Innspelt Columbia Studios, Nashville, Tennessee
Sjanger Rock, soul, gospel
Selskap Mercury
Produsent Huey P. Meaux
Jerry Lee Lewis-kronologi
Sometimes a Memory Ain't Enough

(1973)

Southern Roots: Back Home In Memphis I-40 Country

(1974)


Southern Roots: Back Home In Memphis er eit musikkalbum av Jerry Lee Lewis som kom ut på Mercury Records i 1973.

Southern Roots: Back Home In Memphis vart marknadsført som eit «comebackalbum» for Lewis, som i beste fall var villeiande. Lewis hadde hatt stor suksess på countrylistene sidan 1968 og fått 15 hittar inn på topp 10 (inkludert fire på toppen) og utselde konsertar. Albumet inneheld derimot langt meir rock and roll-prega songar enn country.

Innhaldsliste

InnspelingEndra

Albumet vart produsert av Huey Meaux og innspelinga byrja i september 1973, som vart eit dårleg år for Lewis. Han hadde blitt fengsla og bøtelagt for å køyre i alkoholpåverka tilstand. Kort tid etter han slapp ut omkom sonen Jerry Lee Lewis jr. i ei bilulukke, og tre veker seinare søkte den fjere kona hans, Jaren, om skilsmisse. Albumet har ei kraftig soul-kjensle og Lewis vart akkompagnert av folk frå Stax Records som Steve Cropper, Al Jackson jr. og Donald «Duck» Dunn, i tillegg til rock and roll-ikonet Carl Perkins og Memphis Horns.

Southern Roots gjekk inn på countrylista til Billboard, og nådde sjetteplassen.

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Meat Man»  Mack Vickery  
2. «When a Man Loves a Woman»  Calvin Lewis, Andrew Wright  
3. «Hold On! I'm Comin'»  Isaac Hayes, David Porter  
4. «Just a Little Bit»  Rosco Gordon  
5. «Born to Be a Loser»  Karen Carpenter, Richard Carpenter  
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «The Haunted House»  Bob Geddins  
7. «Blueberry Hill»  Al Lewis, Vincent Rose, Larry Stock  
8. «The Revolutionary Man»  Doug Sahm  
9. «Big Blue Diamonds»  Kit Carson  
10. «That Old Bourbon Street Church»  Mack Vickery  

MedverkandeEndra

KjelderEndra