Spålen
Spålen er ein innsjø i Ringerike kommune som ligg i den nordlege delen av Nordmarka, på grensa til Krokskogen. Spålen inngår i Spålen-Katnosa naturreservat. Vatnet er langstrekt og har det tronge Nautsundet midt på. Arealet er 0,948 km², og magasinet er på 2,140 millionar m³ vatn. Demninga vart bygd i 1883. Frå Spålen renn Spålselva til Katnosa, og er såleis ei av kjeldene til Maridalsvassdraget. Spålen har fiskebestandar av aure, sik og åbor.
Spålen | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Viken | ||
Kommune | Ringerike | ||
Høgd over havet | 478 moh | ||
Areal | 0,948 km² | ||
![]() Spålen |
Sjå ògEndra
BakgrunnsstoffEndra
- Skiforeningen sine bilete og presentasjon av Spålen i Markadatabasen
- Fleire bilete
- Kart over Spålen
- Erling Kagge sin favorittstadDenne geografiartikkelen som har med Viken å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.