Spellemannprisen 1997
Spellemannprisen 1997 blei delt ut i Chateau Neuf fredag 3. april 1998. Espen Lind vann heile tre prisar for albumet sitt, Red, og singelen «When Susannah Cries». Bjørn Eidsvåg blei Årets spellemann, og Lene Nystrøm fekk heidersprisen frå juryen dette året. Ein ny klasse som kom dette året var «hardrock», som blei vunne av Motorpsycho.
For første gong var prisutdelinga todelt. Første del blei via pop, rock og liknande klassar, medan andre del femna kategoriar som folkemusikk, gamaldans, jazz og viser. NRK produserte og overførte utdelinga og Claus Wiese og Herborg Kråkevik leia kvar sin del.
Vinnarar
endreKlasse | Artist | Tittel |
---|---|---|
Popsolist | Espen Lind | Red |
Popgruppe | Velvet Belly | Lucia |
Rock | Poor Rich Ones | From the Makers of Ozium |
Hardrock | Motorpsycho | Angels and Daemons at Play |
Dance/techno | Palace of Pleasure | Emperor Norton |
Folkemusikk | Ragnhild Furholt | Segner syng |
Danseorkester/gammaldans | Gluntan | Levandes live |
Jazz | Vigleik Storaas Trio | Andre bilder |
Klassisk musikk | Sigurd Slåttebrekk | Maurice Ravel: Musikk for piano |
Samtidsmusikk | Trond Sæverud | Ghosts: Fiolinmusikk av Hvoslef, Nordheim og Haugland |
Viser og viserock | Odd Børretzen og Lars Martin Myhre | Vintersang |
Open klasse | Nils Petter Molvær | Kmher |
Barneplate | Petter Moen og Øyvind Gravdal | Livet i Lyriaka |
Årets artist | Espen Lind | |
Årets nykomar | Locomotives | Spin |
Årets låt | Espen Lind | «When Susannah Cries» |
Årets spellemann | Bjørn Eidsvåg | |
Spesialprisen frå juryens | Lene Nystrøm |
Kjelder
endre- Nettstaden ifpi.no Arkivert 2007-06-13 ved Wayback Machine.