Speltkveite
Speltkveite
Speltkveite
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Underfamilie: Pooideae
Stamme: Triticeae
Slekt: Kveiteslekta Triticum
Art: Speltkveite T. spelta
Vitskapleg namn
Triticum spelta

Spelt (Triticum spelta) er ein urgammal kornsort. Han er truleg ein hybrid mellom urkveitesortane emmer og einkorn (Triticum monococcum), og har same opphav som dagens moderne kveitesortar.

Kornslaget inneheld meir næringsstoff enn vanleg kveite, ettersom ein finn desse i sjølve frøkviten, og ikkje berre i skalet. Spelt har meir av både vitaminar, protein og fordøyelege fiber, og inneheld meir av minerala magnesium, jern, sink og kopar. Det har òg ei anna glutensamansetjing enn annan kveite, slik at enkelte glutenallergikarar toler det betre.

Bruk endre

Ein kan laga gryn og mjøl av spelt, og speltbrød blir rekna som mykje betre på smak enn vanlege kveitebrød. I Tyskland har ein òg tradisjon for å tørka og eta umogne frø under namnet Grünkern.

Spelt har vore mykje brukt som lækjande mat, særleg mot fordøyingsproblem og hudsjukdommar. Hildegard von Bingen kallar det «det beste kornet», og den beste maten ein kan gje sjuke. I dag er spelt ein alternativ kornsort for mange kveiteallergikarar.

Dyrking endre

Kornslaget er nøysamt og har stor motsandskraft slik at det kan dyrkast utan gjødsel eller plantevernmiddel, og er ein populær kornsort innan organisk landbruk. Ulempa med speltkorn er at det gjev mindre utbytte enn kveite - frå halvparten av kornutbyttet per km² og ned til ein fjerdedel.

Historie endre

Tak deg so kveite og bygg og baunor og linsor og hirsa og spelt og hav det i eit trog og baka deg brød av det!

Jesajas bok i Bibelen.
 

Ein har funne spelt i Kaukasus frå 6000–5000 f.Kr., og i Moldavia frå 4000–3000 f.Kr. Kornet spreidde seg ganske raskt til heile Vest-Asia og Europa. Fleire gamle skrifter nemner det, mellom anna Bibelen.

I fleire tusen år var spelt ein viktig kornsort. Først under den industrielle jordbruksrevolusjonen1800-talet tok nye kveitesortar over på grunn av større utbytte.

I Bayern og Sveits heldt ein likevel fram med å dyrka spelt, og etter kvart voks etterspurnaden etter kornet slik at fleire tok til å dyrka det igjen. I Noreg tok ein til å dyrka spelt igjen i 1998.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Spelt