Sporveugle

fugleart
Sporveugle
Sporveugle
Sporveugle
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Sporveugle
Utbreiinga av Sporveugle
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Underfamilie: Surniinae
Slekt: Glaucidium
Art: Sporveugle G. passerinum
Vitskapleg namn
Glaucidium passerinum

Sporveugle er ein fugleart i uglefamilien.

Sporveugle-egg

Utsjånad endre

Arten skil seg frå andre ugler på storleiken, der fuglen kan samanliknast med dompapen. Totallengda er 15-19 cm, vengespennet 32-39 cm og vekta 60 gram. Kroppen er gråbrun på oversida, med kvitaktige prikkar. Undersida er kvit med brune langsgåande flekkar eller strekar. Stjerten har kvite tverrband. Tærne har tett med hårliknande fjør ut til klørne. Fuglen flyg i mjuke bogar lik hakkespetta. Ungfuglen liknar mykje på den vaksne, men manglar størsteparten av dei kvite prikkane.

Læte endre

Sangen, som kan høyrast på 500-1000 m avstand, er sett saman av taktfast oppattekne einstona mjuke fløyt med om lag 1 sekunds mellomrom.

Utbreiing endre

Arten er utbreidd i eit belte tvers over Eurasia, i bar- og lauvskogssonen nord for dei turre steppelandskapa i Kina og Russland. I Europa hekkar sporveugla i Fennoskandia og i høgareliggande barskogsområde i og kring Alpane.

Førekomst i Noreg endre

Fuglen har sitt viktigaste område på Austlandet nordover til og med Nord-Trøndelag, og hekkar frå kysten og opp til barskoggrensa. Arten hekkar truleg sparsamt nord til og med Saltdal, og kanskje svært spreidd nord til Troms. Sporveugla er i sterkare grad enn perleugla knytt til lauv- og blandingsskog. Dei tettaste førekomstane finst i lågareliggande barblandingsskogar med mykje innslag av osp og andre lauvtre. Spesielt gunstig er område med ein mosaikk av kulturlandskap og lauvblanda barskog.

Hekking endre

Sporveugla hekkar i gammal granskog med stort innslag av lauvtre. Ho likar seg også i skogkantar. Ho er lite sky og mest aktiv kring daggry og i skyminga, men kan også sjåast om dagen. I tida februar-april kan songen høyrast når ugla sit i ein grantopp og hevdar revir. Reiret vert lagt i holrom i tre, gjerne slike som er hakka ut av spetter tidlegare. I høgareliggande barskogar brukar ho oftast gamle reir etter tretåspetta, medan reirhol etter både flaggspett, grønspett og tretåspett vert nytta i låglandet. Sporveugla vel reirtre med små inngangshol, slik at måren ikkje kjem seg inn. Reirhola, spesielt etter tretåspetta, kan ligge lågt over marka (1-2 m), og eggekull i slike reir kan verte tekne av røyskatt. Reira ligg oftast inne i skogen, sjeldan i frittståande tre. Arten hekkar også i spesialbygde ugleholkar. Egglegginga startar midt i april, men i år med god nærigstilgang kan hoa legge egg allereie i slutten av mars. Ho legg 3-10, oftast 5-8, egg som vert ruga i 28-30 døgn. Ungane held seg i reiret til dei er flygedyktige, og er jamnare i utvikling enn andre ugleungar.

Føde endre

Fuglen lever av smågnagarar og småfuglar opp til trastestorleik. Han hamstrar ofte maten i holrom i tre.

Trekktilhøve endre

Vaksne fuglar er nokså stasjonære. Ungfuglar flyttar seg meir, og kan i enkelte år opptre invasjonsarta sør for arten sitt vanleg område, spesielt i Sør-Sverige. Vinterstid dreg ein del fuglar inn til byar, tettstadar og lauvskogrike kulturlandskap, der tilgangen på sporvefuglar er større enn i rein barskog.

Kjelder endre