Stephen Bruton
Turner Stephen Bruton (7. november 1948–9. mai 2009) var ein amerikansk musikar.[1]
Stephen Bruton | |||
| |||
Fødd | 7. november 1948 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Wilmington | ||
Død | 9. mai 2009 (60 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Plateselskap | New West Records | ||
Verka som | musikkprodusent, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, gitarist, komponist, musikar, songtekstforfattar |
Tidleg i karrierne sin spelte han i bandet til Kris Kristofferson, og dei samarbeidde og hadde eit venskap som varte i over 40 år.
Bruton har arbeidd med artistar og musikarar som NRBQ, T Bone Burnett, Bonnie Raitt, Gene Clark, Rita Coolidge, Christine McVie, Elvis Costello, Delbert McClinton, Sonny Landreth og Carly Simon. Han har produsert album for Alejandro Escovedo, Marcia Ball, Jimmie Dale Gilmore, Hal Ketchum, Storyville, Kris Kristofferson, Chris Smither, Ray Wylie Hubbard og Hellbillies.
Frå 1993 til 2005 gav han ut fem soloalbum, i tillegg til tre stykk med The Resentments.
Bruton døydde i samband med strupekreft i Los Angeles den 9. mai 2009, 60 år gammal.[2]
Diskografi
endre- What It Is (Dos Records, 1993)
- Right on Time (Windsong Records, 1995)
- Swingmasters Revue med Michael Price (Shel-Tone, 1996)
- Nothing but the Truth (New West Records, 1999)
- Spirit World (New West, 2002)
- From the Five (New West, 2005)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stephen Bruton» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Stephen Bruton dies at 60; Texas musician played with Kris Kristofferson, T Bone Burnett». Los Angeles Times. 11. mai 2009. Henta 16. oktober 2019.
- ↑ «Guitarist, låtskrivar Stephen Bruton dies at 60». Usatoday30.usatoday.com. Henta 16. oktober 2019.