Straumsnes i Møre og Romsdal

tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg
(Omdirigert frå Straumsnes i Tingvoll)

Straumsnes er ein kyrkjestad og tidlegare kommune i Tingvoll kommune i Møre og Romsdal fylke.

Straumsnes
stad
Straumsnes kyrkje
Foto: Asgeir Enersen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Tingvoll
Postnummer 6670 ØYDEGARD og 6674 KVISVIK
Innbyggjarnamn straumsnesing
Kart
Straumsnes kommune
63°03′08″N 8°01′29″E / 63.052222222222°N 8.0247222222222°E / 63.052222222222; 8.0247222222222

Straumsnes kommune 1866 - 1964

endre

Straumsnes var opphavleg ein del av Tingvoll formannskapsdistrikt.

1. januar 1866 blei Straumsnes skild ut frå Tingvoll som eigen kommune med 1 222 innbyggjarar.

1. januar 1868 blei ein ubebudd del av Halsa kommune overført til Straumsnes.

1. januar 1964 blei Straumsnes og Tingvoll kommunar med tillegg av eit område på Aspøya frå Frei kommune slått saman til den nye Tingvoll kommune. Straumsnes hadde ved samanslåinga 1 160 innbyggjarar.

Folketalsutvikling

endre

Folketalsutvikling for tidlegare Straumsnes kommune frå 1866 til 1964:

1.1.1866[1] 1900[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1964[1]
1222 1267 1151 1081 1332 1268 1180 1160

Folk frå Straumsnes

endre

Ole Nilssen, Edvard Langset og Lars S. Romundstad var frå Straumsnes.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Straumsnes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå