Subrahmanyan Chandrasekhar
Subrahmanyan Chandrasekhar (19. oktober 1910–21. august 1995) var ein indisk-amerikansk fysikar, astrofysikar og matematikar. Han rekna ut chandrasekhargrensa, og vart i 1983 tildelt Nobelprisen i fysikk, saman med William Alfred Fowler, for studia sine av dei fysiske prosessane som er viktige for strukturen og utviklinga av stjerner.
Subrahmanyan Chandrasekhar | |||
| |||
Fødd | 19. oktober 1910 Lahore i Britisk India | ||
---|---|---|---|
Død | 21. august 1995 (84 år) Chicago i USA | ||
Nasjonalitet | USA, India, Britisk India | ||
Område | Astrofysikk | ||
Yrke | matematikar, fysikar, astronom, astrofysikar, akademikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | University of Chicago University of Cambridge | ||
Alma mater | Presidency College, Madras Trinity College, Cambridge | ||
Doktorgradsrettleiar | Ralph H. Fowler, Arthur Stanley Eddington | ||
Doktorgradsstudentar | Donald Edward Osterbrock, Roland Winston, Jeremia P. Ostriker, Jerome Kristian, Yousef Sobouti | ||
Kjend for | Chandrasekhargrensa | ||
Ektefelle | Lalitha Doraiswamy | ||
Medlem | Royal Society Kungliga Vetenskapsakademien American Academy of Arts and Sciences National Academy of Sciences Indias nasjonale vitenskapsakademi American Astronomical Society Det bayerske vitskapsakademiet Vitenskapsakademiet for utviklingsland |
Chandrasekhar vart fødd i ein tamilsk brahminfamilie i Lahore i daverande Britisk India (no Pakistan). Faren var statsrevisor og ein dugande karnatisk fiolinspelar; mora omsette mellom anna Et Dukkehjem av Ibsen til tamil. Nobelprisvinnaren i fysikk C.V. Raman var frabroren til Chandrasekhar.
Subrahmanyan Chandrasekhar fekk først opplæring heime før han blei elev ved Hindu High School i Madras (no Chennai) i Tamil Nadu i det søraustlege India. Seinare studerte han fysikk ved Presidency College i same byen. I 1930 fekk han eit statleg stipend til å studera ved Universitetet i Cambridge, og kom inn på Trinity College under R.H. Fowler. Under overfarten frå India til Storbritannia fordreiv Chandrasekhar tida med å rekna ut den største massen ei stjerne kan ha utan at ho blir ei supernova og deretter eit svart hol. Talet er seinare blitt kjend som chandrasekhargrensa.
I Europa studerte Chandrasekhar eitt år ved Institut for Teoretisk Fysik i København, der han møtte Niels Bohr. Han fekk doktorgrada i 1933. I 1936 gifta han seg med Lalitha Doraiswamy, som òg hadde studert ved Presidency College.
I 1937 blei Subrahmanyan Chandrasekhar tilsett ved University of Chicago og arbeidde der til han døydde i 1995, 85 år gammal.
Verk
endre- Chandrasekhar, S. (1958) [1939]. An Introduction to the Study of Stellar Structure. New York: Dover. ISBN 0486604136.
- Chandrasekhar, S. (2005) [1942]. Principles of Stellar Dynamics. New York: Dover. ISBN 048644273X.
- Chandrasekhar, S. (1960) [1950]. Radiative Transfer. New York: Dover. ISBN 0486605906.
- Chandrasekhar, S. (1975) [1960]. Plasma Physics. Chicago: The University of Chicago Press. ISBN 0226100847.
- Chandrasekhar, S. (1981) [1961]. Hydrodynamic and Hydromagnetic Stability. New York: Dover. ISBN 048664071X.
- Chandrasekhar, S. (1987) [1969]. Ellipsoidal Figures of Equilibrium. New York: Dover. ISBN 0486652580.
- Chandrasekhar, S. (1998) [1983]. The Mathematical Theory of Black Holes. New York: Oxford University Press. ISBN 0198503709.
- Chandrasekhar, S. (1990) [1987]. Truth and Beauty. Aesthetics and Motivations in Science. Chicago: The University of Chicago Press. ISBN 0226100871.
- Chandrasekhar, S. (1995). Newton's Principia for the Common Reader. Oxford: Clarendon Press. ISBN 0198517440.
Prisar
endreOppkallingar
endre- 1958 - asteroiden 1958 Chandra vart oppkalla etter Chandrasekhar.
- 1999 - NASA kalla opp det tredje av sine fire «store observatorium» etter Chandrasekhar etter ein namnekonkurranse med 6.000 kandidatar frå femti amerikanske statar og 61 land. Chandra X-ray Observatory (Chandra røntgenstråleobservatorium) vart sendt opp og teke i bruk av romferja Columbia den 31. juli 1999.
Bakgrunnsstoff
endre- Biografi ved National Academy of Sciences (arkivert versjon, engelsk)
- Harvard-side om Chandrasekhar (engelsk)
- Subrahmanyan Chandrasekhar (engelsk)
- Subrahmanyan Chandrasekhar (engelsk)
- Bruce Medal page (engelsk)
- Awarding of Bruce Medal: PASP 64 (1952) 55 (engelsk)
Bøker
endre- Miller, Arthur I. (2005). Empire of the Stars: Friendship, Obsession, and Betrayal in the Quest for Black Holes. Boston: Houghton Mifflin. ISBN 061834151X.
- Srinivasan, G. (ed.) (1997). From White Dwarfs to Black Holes: The Legacy of S. Chandrasekhar. Chicago: The University of Chicago Press. ISBN 0226769968.
- Wali, Kameshwar C. (1991). Chandra: A Biography of S. Chandrasekhar. Chicago: The University of Chicago Press. ISBN 0226870545.
- Wali, Kameshwar C. (ed.) (1997). Chandrasekhar: The Man Behind the Legend - Chandra Remembered. London: imperial College Press. ISBN 1860940382.