Sugar av Natalia Gordienko

song frå 2021 med Natalia Gordienko
«Sugar»
Song av Natalia Gordienko
Land Moldova
Språk Engelsk
Utgjeve 4. mars 2021
Sjanger Elektropop
Lengd 02:58
Selskap K2ID, Minos EMI
Tekstforfattar Mikhail Gutserijev, Sharon Vaughn
Låtskrivar(ar) Sharon Vaughn, Dimitris Kontopoulos, Filipp Kirkorov, Mikhail Gutserijev

«Sugar» (norsk: sukker), stilisert «SUGAR», er ein elektropopsong frå 2021 som vert framført av den moldovske songaren Natalia Gordienko. Songen er komponert av Dimitris Kontopoulos, Sharon Vaughn og Filipp Kirkorov og vart sloppen for strøyming og digital nedlasting 4. mars 2021.[1] «Sugar» var det moldovske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han enda på 13. plass.

Om songen

endre

«Sugar» er skriven av det internasjonale låtskrivarlaget Dimitris Kontopoulos, Sharon Vaughn og Filipp Kirkorov. Det same laget stod òg bak den forrige låten til Gordienko, «Prison», som ho skulle ha delteke med i Eurovision Song Contest 2020.

«Sugar» vart sloppen 4. mars 2021, men låttittelen vart offentleggjord 14. februar 2021. I samband med offentleggjeringa la Gordienko ut følgjande tekst på sin Instagram-konto: «Livet er kort – bryt reglane, sei farvel rask, le ukontrollert, kyss sakte og elsk ømt. God valentinsdag og gjer dykk klar for å ynskja våren velkomen med masse sukkar i liva dykkar!».[2][3][4]

Eurovision Song Contest

endre

«Sugar» vart framført av Natalia Gordienko som skulle ha representert Moldova i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. Den moldovske allmennkringkastaren TRM vedtok at Gordienko i staden skulle få representere landet i 2021 med ein ny song.[5]

Moldova deltok i den andre semifinalen, som vart arrangert i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 20. mai. Der kom «Sugar» på sjuandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai.[6] Under finaleframsyninga mista Gordienko mikrofonen i scenegolvet midtveges i framføringa, men ein av dansarane fekk plukka han raskt opp, og Gordienko kunne halda songen fram utan avbrot.[7] Ifølgje uoffisielle rapportar inneheldt songen den lengste tonen i Eurovision Song Contests historie, 15 sekund.[8]

«Sugar» enda til slutt som nummer 13 av 26 bidrag med 115 poeng.

Listeplasseringar

endre
Liste (2021) Høgaste

plassering

Litauen (AGATA)[9] 49
Nederland (Single Tip)[10] 10
Russland (Tophit Airplay)[11] 81
SUS (Tophit)[12] 129

Kjelder

endre
  1. «Moldova’s Natalia Gordienko will premiere "Sugar" on March 4 at a glitzy event in Moscow» (på engelsk). 25. februar 2021. Henta 26. februar 2021. 
  2. «🇲🇩 Moldova: Natalia Gordienko's Eurovision Entry Titled "Sugar"» (på engelsk). 14. februar 2021. Henta 18. februar 2021. 
  3. «Gordienko Natalia på Instagram». Instagram. 14. februar 2021. Henta 18. februar 2021. 
  4. «Sugar! Moldova's Natalia Gordienko shares Eurovision 2021 song title» (på engelsk). 14. februar 2021. Henta 18. februar 2021. 
  5. «Natalia Gordienko returns for Moldova» (på engelsk). 26. januar 2021. Henta 18. februar 2021. 
  6. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021. 
  7. «Moldova's Natalia Gordienko drops her mic during live Eurovision 2021 final performance» (på engelsk). Henta 29. august 2021. 
  8. «Här tar Moldavien Eurovisions längsta ton någonsin» (på svensk). 22. mai 2021. Henta 29. august 2021. 
  9. «2021 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). Henta 20. juni 2021. 
  10. Hung, Steffen. «Natalia Gordienko - Sugar». Henta 5. september 2021. 
  11. «City & Country Radio – Top Week Hits – Tophit Music Charts». Henta 5. september 2021. 
  12. «Наталья Гордиенко — Sugar». Henta 5. september 2021.