Sundsvalls kommun
Sundsvall kommune ligg i det svenske länet Västernorrlands län i landskapet Medelpad i landsdelen Norrland. Kommunen grensar mot nabokommunane Ånge, Bräcke, Ragunda, Sollefteå, Timrå og Nordanstig. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Sundsvall. Sundsvall er den mest folkerike kommunen i Västernorrlands län.
Sundsvalls kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Västernorrlands län | ||
Landskap | Medelpad | ||
Del av | Medelpad, Q61663618 | ||
Areal | 3 452,22 km² | ||
• land | 3 189,61 km² | ||
• vatn | 262,61 km² | ||
Folketal | 96 074[1] (2011) | ||
Sundsvalls kommun 62°24′00″N 17°19′00″E / 62.4°N 17.316666666667°E | |||
Kart som viser Sundsvalls kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Sundsvall Municipality |
Geografi
endreKommunen har skogkledd åslandskap i vest, lågare mot aust. Langs kysten finst mange myrer og småvatn. Kysten er innbukta med fleire øyar, den største øya er Alnön. Elvane Ljungan og Indalsälven munnar ut i Bottenhavet i kommunen.
E4 går gjennom kommunen. E14 til Trondheim har start/sluttpunkt i kommunen. Sundsvall er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Ådalsbanan, Mittbanan og Ostkustbanan. Sundsvall-Härnösand flyplass ligg i nabokommunen Timrå.
Tettstader
endreSundsvall kommune hadde 26 tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Sundsvall | 49 339 |
2. | Vi | 4 757 |
3. | Matfors | 3 239 |
4. | Kvissleby | 2 633 |
5. | Johannedal | 2 592 |
6. | Stockvik | 2 165 |
7. | Sundsbruk | 2 098 |
8. | Njurundabommen | 1 959 |
9. | Skottsund | 1 052 |
10. | Svartvik | 991 |
11. | Dingersjö | 906 |
12. | Ankarsvik | 882 |
13. | Essvik | 818 |
14. | Indal | 666 |
15. | Fanbyn | 569 |
16. | Stöde | 543 |
17. | Vattjom | 499 |
18. | Kovland | 476 |
19. | Tunadal | 367 |
20. | Lucksta | 349 |
21. | Juniskär | 333 |
22. | Klingsta och Allsta | 305 |
23. | Liden | 269 |
24. | Nedansjö | 267 |
25. | Gustavsberg | 235 |
26. | Hovid | 229 |
Venskapskommunar
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sundsvall kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.