Susanthika Jayasinghe

Susanthika Jayasinghe (fødd 17. desember 1975) er ein srilankisk tidlegare friidrettsutøvar som utmerkte seg på 200 meter. Ho vart tildelt VM-sølv 1997, OL-sølv 2000 og VM-bronsen 2007 på distansen.

Susanthika Jayasinghe


Statsborgarskap Sri Lanka
Fødd 17. desember 1975 (48 år)
Sri Lanka
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2000, Asialekene 1994, Asialeikene 2002, Asialeikene 2006, Sommar-OL 1996, Samveldeleikane 2002

Aktiv endre

Jayasinghe kneip sølvmedaljen på 200 meter under verdsmeisterskapen 1997, med personbeste-tida 22,39 var ho ein hundredels sekund framom Merlene Ottey frå Jamaica.

Eit par veker før Sommar-OL 2000 presterte Jayasiinghe livsbeste på 100 meter i eit stemne i Yokohama. Tida 11,04 sekund viste at ho var i god form framom det store målet, den olympiske 200-meteren. I OL-finalen i Sydney sprang ho sitt livs beste løp og vart klokka inn på 22,28 sekund. Med 21,84 sekund fekk Marion Jones frå USA beste tid, Pauline Davis-Thompson frå Bahamas fekk sluttida 22,27 og kom hårfint føre Jayasinghe. Etter at Jones i 2007 vart frådømt gullmedaljen, flytta IOK Jayasinghe opp på sølvplass.

Under Friidretts-VM 2007 i Osaka kneip Jayasinghe bronsemedaljen på 200 meter med ein margin på to hundredels sekund til Torri Edwards frå USA. Ho kom heile 0,82 sekund etter den suverene vinnaren, Allyson Felix, og nesten tre tidels sekund bakom sølvmedaljør Veronica Campbell.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre