Suspicion av Terry Stafford
Suspicion Singel av Terry Stafford frå albumet Suspicion | ||
B-side |
«Judy» | |
---|---|---|
Utgjeve | Februar 1964 | |
Innspelt | 1963 | |
Sjanger | Rockabilly | |
Lengd | 2:27 | |
Selskap | Crusader C 101 | |
Låtskrivar(ar) | Doc Pomus, Mort Shuman | |
Produsent | John Fisher | |
Terry Stafford-kronologi | ||
«You Left Me Here To Cry (Come On Home)» (1963) |
Suspicion | «I'll Touch a Star»
(1964)
|
Suspicion Singel av Elvis Presley frå albumet Pot Luck | ||
A-side |
«Kiss Me Quick» (USA), Suspicion (Europa) | |
---|---|---|
B-side |
Suspicion (USA) «It Hurts Me» (Europa) | |
Utgjeve | 16. april 1964 (USA), mai 1964 (Europa) | |
Innspelt | 19. mars 1962 | |
Sjanger | rockabilly | |
Lengd | 2:35 | |
Selskap | RCA Victor 447-0639 Europa 47-9533 | |
Låtskrivar(ar) | Doc Pomus, Mort Shuman | |
Elvis Presley-kronologi | ||
«Kissin' Cousins» (USA)
«Viva Las Vegas» (Europa) (1964) |
Suspicion | «What'd I Say» (USA)
«Kissin' Cousins» (Europa) (1964)
|
Suspicion Singel av Elvis Presley frå albumet Elvis in Demand (UK) | ||
B-side |
«It's a Long Lonely Highway» | |
---|---|---|
Utgjeve | November 26, 1976 | |
Innspelt | 9. mars 1962 | |
Sjanger | rockabilly | |
Lengd | 2:35 | |
Selskap | RCA Victor 2768 | |
Låtskrivar(ar) | Doc Pomus, Mort Shuman | |
Elvis Presley-kronologi | ||
«The Girl of My Best Friend»
(1976) |
Suspicion | «Moody Blue»
(1977)
|
«Suspicion» er ein song skriven av Doc Pomus og Mort Shuman for Elvis Presley. Songen vart ein stor hit i 1964 for den Elvis-aktige artisten Terry Stafford.
Elvis Presley-versjonen
endreSongen var ein av 25 songar Pomus/Shuman skreiv for Elvis Presley, «Suspicion» vart spelt inn av Presley den 19. mars 1962 i Studio B av RCA sitt Nashville-studio og gjeven ut på albumet Pot Luck 15. juni 1962. I april 1964, då Terry Stafford-versjonen av «Suspicion» låg på topp 10 av Billboard Hot 100, vart originalversjonen til Presley gjeven ut på singel i USA med «Kiss Me Quick» som B-sida, og det var «Kiss Me Quick» som var den mest spelte sida, og nådde 34. plassen nasjonalt, medan «Suspicion» berre nådde 103. plassen.
I Australia vart «Kiss Me Quick» og «Suspicion» gjeven ut som ei dobbel A-side og nådde 56. plassen der. Singelen var i røynda ein EP med fire spor kalla Elvis Sings Kiss Me Quick' med «Kiss Me Quick» og «Suspicion» som A-sida og «Sentimental Me» og «I Want You With Me» på B-sida.
«Suspicion» vart òg gjeven ut på singel i fleire europeiske land for å konkurrere med Terry Stafford-versjonen. Presley sin versjon gjekk inn på listene i Nederland og den nederlanske lista for Belgia med høvesvis 9. og 6. plass, og songen gjekk òg inn på niandeplassen i Noreg og tredjeplassen i Danmark.[1] Den europeiske singelen kom med «It Hurts Me» som B-side.
«Suspicion» vart i desember 1976 ein hit i Storbritannia, då han nådde niandeplassen der.
Terry Stafford-versjonen
endreEtter eit mislukka opphald hos A&M Records, spelte Terry Stafford inn ein demoversjon av «Suspicion» i eit studio i Los Angeles med Bob Summers: Summers, som er mest kjend som produsent av Larry Hall-hitten «Sandy» frå 1959, spelte alle instrumenta på demoinnspelinga, som Stafford gav til plateselskap i Los Angeles-området og lokale radiostasjonar. Demoen vart plukka opp av Crusader Records og direktøren der, John Fisher, brukte fleire timar på å remastre demoen slik at han kunne gje han ut på singel.[2]
Songen nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100 den 4. april 1964, då dei fem øvste plassane på lista alle var songar av The Beatles. «Suspicion» klatra vidare og braut monopolet til Beatles på dei fem øvste plassane, då han nådde tredjeplassen veka etter.[3] Stafford-versjonen av «Suspicion» nådde 31. plassen på UK Singles Chart.
Andre versjonar
endre«Suspicion» vart først ein countryhit i 1971 for Bobby G. Rice som nådde 33. plassen på countrylista i USA. I 1988 vart songen ein hit for Ronnie McDowell frå albumet I'm Still Missing You. Denne nådde 27. plassen på countrylista..[4]
I 1964 spelte Hong Kong-songarinna Rebecca Pan inn «Suspicion» for albumet I Love You.
Ein manisk versjon vart spelt inn av Vivian Stanshall, produsert av Keith Moon.
«Suspicion» er òg blitt spelt av Jimmy London, Millicent Martin og Delroy Wilson.
Phil Spector sitt låtskrivarkrav
endreI eit intervju i 2002 med journalisten Mick Brown, hevda plateprodusenten Phil Spector at han hadde skrive og/eller produsert «Suspicion», utan å ha fått æra for dette. «Eg laga 'Suspicion' for Terry Stafford -- eg fekk ikkje noko ære eller betaling for dette. Eg brydde meg ikkje. Eg berre elska å lage plater.»[5] Men i det same intervjuet hevda Spector òg at han produserte plater for Elvis Presley og arbeidde som omsetjar for Dei sameinte nasjoane som tenåring,[5] utan at desse påstandane er blitt stadfesta av nokon andre.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Suspicion (Terry Stafford song)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. november 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://danskehitlister.dk/?song_id=587
- ↑ http://keepkey.yochanan.net/terry.htm
- ↑ http://www.billboard.com/articles/columns/chart-beat/7318700/the-fab-five-on-this-date-in-1964-the-beatles-ranked-nos-1-5-on
- ↑ Whitburn, Joel (2013). Hot Country Songs 1944–2012. Record Research, Inc. s. 217. ISBN 978-0-89820-203-8.
- ↑ 5,0 5,1 Tearing Down the Wall of Sound by Mick Brown, pp 375.