«That's Someone You Never Forget», med konsept og tittel av Presley, vart skriven i lag med Red West og kanskje til minne om den døde mora til Elvis, Gladys Presley.[8] Songen nådde seinare 92. plassen på Billboard Hot 100 i mai 1967 som B-sida til singelen «Long Legged Girl (With the Short Dress On)».[9] Ein annan song frå desse innspelingane, «You'll Be Gone», skriven av Presley og West, og i lag med Charlie Hodge, kom ut på B-sida til «Do the Clam».[10] Songen «Steppin' Out of Line» er eit unytta spor frå innspelingane til Blue Hawaii.[11]
Sjølv om føregangarane i 1960 og 1961 - Elvis Is Back! og Something For Everybody, og no Pot Luck, lett nådde topp 10 på albumlista, selde alle tre langt mindre enn filmmusikkalbuma G.I. Blues og Blue Hawaii, eit mønster som heldt fram for Presley gjennom 1960-åra.[12] Filmmusikken fungerte som marknadsføring for filmane og Colonel Tom Parker gjekk mot det som var vanleg for amerikansk plateindustri og nekta å ta med hitsinglane på albuma, noko som truleg ville ha auka salstala.[12] Som følgje av dette konsentrerte Presley seg om karrieren sin, og spelte ikkje inn fleire album som ikkje var filmmusikk eller gospel på sju år, då From Elvis in Memphis kom ut.
13. juli 1999 vart albumet gjeve ut på CD med ei anna songrekkjefølgje, og med fem bonusspor frå to sider av ein singel, ei B-side og to songar frå samlealbumet Elvis for Everyone frå 1965. Dei tre singlane vart spelte inn under same innspelinga som albumet. Den eine singelen vart skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller, medan «You'll Be Gone» vart gjeven ut som B-side i 1965.
Pot Luck vart gjeve ut på selskapet Follow That Dream i 2007 i ei dobbel luksusutgåve med heile originalalbumet og mange alternative opptak frå innspelinga.[13]
↑Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN1-57859-061-2.
↑Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 124. ISBN1-84353-417-7.
↑«Pop albums». Elvis Presley: The Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 15. oktober 2016.