Suzhou i Anhui
Suzhou (kinesisk skrift 宿州, pinyin Sùzhōu) er eit byprefektur nordaust i provinsen Anhui i Kina, og grensar mot provinsane Jiangsu i nord og aust og Henan i vest. Prefekturet har eit areal på 1 686 km² og 5 161 423 innbyggjarar (2001). Byprefekturet Suzhou består av eitt distrikt og fire fylke.
Suzhou | |||
region | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Areal | 9 938,77 km² | ||
Folketal | 5 352 924 (2010) | ||
Suzhou i Anhui 33°38′00″N 116°58′06″E / 33.63328°N 116.96833°E | |||
Suzhou i Anhui
| |||
Wikimedia Commons: Suzhou, Anhui |
Samferdsle
endreSnøggtoget Beijing-Shanghai har stoppestad i byen Suzhou. Byen Suzhou er også stoppestad på jarnbanelina Jinghubana. Denne jarnvegen strekker seg frå Beijing til Shanghai via mellom anna Tianjin, Jinan, Nanjing og Suzhou i Jiangsu.
Riksveg 206 i Kina går frå kystbyen Yantai til kystbyen Shantou i provinsen Guangdong. Han går gjennom provinsane Shandong, Jiangsu, Anhui, Jiangxi og endar i Guangdong.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Suzhou i Anhui» frå Wikipedia på bokmål, den 6. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Suzhou, Anhui» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2012.