Svalbard og Jan Mayen

Denne artikkelen handlar om ei statistisk gruppering. For informasjon om sjølve områda, sjå Svalbard og Jan Mayen.

Svalbard og Jan Mayen er ei statistisk nemning på dei norske områda Svalbard og Jan Mayen som blir nytta i ISO-standarden ISO 3166. Sjølv om dei vert kombinert til éi eining er dei forskjellige einingar administrativt. I ISO 3166-1 har Svalbard og Jan Mayen alfa-2-koden SJ, alfa-3-koden SJM og den numeriske koden 744. Dette medfører mellom anna at toppnivådomenet .sj finst for Svalbard og Jan Mayen, og at ein har understandarden ISO 3166-2:SJ. Statistikkdivisjonen til Dei sameinte nasjonane (UNSD) nyttar òg denne koden, men har kalt dei Svalbard- og Jan Mayen-øyane. I den russiske standarden GOST 7.67 nyttar ein den kyrilliske trebokstavskoden СВБ (SVB).

Svalbard er ei øygruppe i Nordishavet under norsk suverenitet, men har spesiell status med heimel i Svalbardtraktaten. Jan Mayen er ei avsidesliggande øy i Atlanterhavet som ikkje har nokon permanent busetnad, og vert administrert av fylkesmannen i Nordland. Éin ting Svalbard og Jan Mayen har til felles er at dei er dei einaste delane av Noreg som ikkje høyrer til noko fylke. Ein separat ISO-kode for Svalbard vart føreslegen av FN, men norske styresmakter tok initiativ til å inkludere Jan Mayen i koden.

Komponentar endre

Svalbard endre

For meir om dette emnet, sjå Svalbard.
 
Både Svalbard og Jan Mayen består for det meste av arktisk villmark, som her ved Bellsund på Svalbard.
Foto: Jerzy Strzelecki

Svalbard er ei øygruppe i Nordishavet om lag halvvegs mellom fastlandsnoreg og Nordpolen. Øygruppa går frå 74° til 81° nord, og frå 10° til 35° aust.[1][2] Svalbard har eit areal på 61 022 km², og hadde 2 657 innbyggjarar i 2016.[3] Spitsbergen er den største øya, etterfylgt av Nordaustlandet og Edgeøya. Administrasjonssenteret er Longyearbyen; andre busetnadar er den russiske gruvelandsbyen Barentsburg, forskningssenteret Ny-Ålesund og gruvebusetnaden Sveagruva.[4]

Svalbardtraktaten frå 1920 godkjenner norsk suverenitet over Svalbard,[2] og Svalbardlova frå 1925 gjorde Svalbard til ein fullverdig del av Noreg. Øygruppa vert administrert av sysselmannen på Svalbard, som er underlagd justis- og beredskapsdepartementet.[5][6] I motsetnad til resten av Noreg (inkludert Jan Mayen) er Svalbard ei økonomisk frisone, ei demilitarisert sone,[2] og er ikkje del av Schengenområdet eller EØS.[7]

Jan Mayen endre

For meir om dette emnet, sjå Jan Mayen.

Jan Mayen er ei vulkanøy i Nordishavet på grensa mellom Norskehavet og Grønlandshavet. Øya dekker 377 km², og vert dominert av den 2 277 meter høge vulkanen Beerenberg. Den einaste folkesetnaden er ein kombinert militær og meteorologisk utpost som opererer ein LORAN-C-sendar ved Olonkinbyen. Meteorologisk institutt annekterte øya for Noreg i 1922. 27. februar 1930 vart øya gjort til ein fullverdig del av Noreg. Sidan 1994 har Jan Mayen vorte administrert av fylkesmannen i Nordland, med noko autoritet delegert til stasjonssjefen.[8]

Bruk endre

 
Kart over Noreg som inkluderer både Svalbard og Jan Mayen.

ISO-nemninga samsvarar med ein kategori hjå statistikkdivisjonen til FN, og brukarar av desse systema kan av og til rapportere separat for «Svalbard og Jan Mayen» i staden for å generalisere til kategorien «Noreg». Korkje Svalbard eller Jan Mayen har eigne flagg eller våpenskjold, og det norske flagget blir nytta for begge, både separat og som ei gruppe.[4][8]

Eit forsøk på å endre koden til berre «Svalbard» har tidlegare feila på grunn av Utanriksdepartementet. For statistikk om befolkning og handel tyder «Svalbard og Jan Mayen» i praksis berre «Svalbard».[9]

ISO 3166-2 endre

For meir om dette emnet, sjå ISO 3166-2:SJ.

ISO 3166-2:SJ er Svalbard og Jan Mayen sin del av ISO 3166-2, ein standard som melder om kodar for undernasjonale administrative einingar. Det er ikkje gjeve noka inndeling av Svalbard og Jan Mayen i ISO 3166-2:SJ, men ISO 3166-2:NO gjev Svalbard og Jan Mayen separate kodar:[10]

Toppnivådomene endre

For meir om dette emnet, sjå .sj.

På grunn av ISO 3166-1-koden SJ har Svalbard og Jan Mayen òg fått eit eige toppnivådomene, .sj.[11] Norid, som administrerer toppnivådomenet til Noreg, .no, vart òg gjevne ansvaret for .sj og toppnivådomenet til Bouvetøya, .bv, i 1997. Retningsliner hindrar registrering på nokre av toppnivådomena, og institutt med samband til Svalbard kan nytte .no-domenet. Norske styresmakter har ikkje ynskt å kommersialisere domeneressursane, så .sj vil ikkje bli selt vidare til ein tredjepart.[12]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. «Svalbard» (på norsk). Norsk Polarinstitutt. Henta 6. mars 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Spitsbergen Treaty» (på engelsk). Wikisource. Henta 6. mars 2017. 
  3. «Befolkningen på Svalbard, 1. juli 2016» (på norsk). Statistisk sentralbyrå. Henta 6. mars 2017. 
  4. 4,0 4,1 «Svalbard». World Factbook (på engelsk). CIA. Henta 6. mars 2017. 
  5. «5 Administrasjon av Svalbard». Stortingsmelding nr. 9 (1999–2000): Svalbard (på norsk). Justis- og politidepartementet. Henta 6. mars 2017. 
  6. «LOV 1925-07-17 nr 11: Lov om Svalbard [Svalbardloven]» (på norsk). Lovdata. Henta 6. mars 2017. 
  7. «Lov om gjennomføring i norsk rett av hoveddelen i avtale om Det europeiske økonomiske samarbeidsområde (EØS) m.v. (EØS-loven).» (på norsk). Lovdata. Henta 6. mars 2017. 
  8. 8,0 8,1 «Jan Mayen». World Factbook (på engelsk). CIA. Henta 6. mars 2017. 
  9. Mona Takle og Kåre Vassenden. «Country classifications in migration statistics – present situation and proposals for a Eurostat standard» (PDF) (på engelsk). Dei sameinte nasjonanes statistikkommisjon og Dei sameinte nasjonanes økonomiske kommisjon for Europa. Henta 6. mars 2017. 
  10. «Territories of Svalbard and Jan Mayen» (på engelsk). Statoids. Henta 6. mars 2017. 
  11. «Delegation Record for .SJ» (på engelsk). Internet Assigned Numbers Authority. 13. november 2009. Henta 6. mars 2017. 
  12. «Toppdomenene .bv og .sj er ikke i bruk» (på norsk). Norid. Arkivert frå originalen 13. juli 2012. Henta 6. mars 2017.