Svanbergitt
Svanbergitt er eit fargelaust, gult eller raudleg mineral. Det er eit fosfat og sulfat av strontium og aluminium, SrAl3(PO4)(SO4)(OH)6, med trigonal symmetri. I Sverige er det kjent frå Skåne og Värmland, i Noreg skildra frå ein flyttblokk i Nord-Odal og frå Bolna på Saltfjellet, saman med lasulitt.
Svanbergitt | |||
Svanbergitt med pyrofyllitt og andalusitt | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Fosfatmineral | ||
Kjemisk formel | SrAl3(PO4)(SO4)(OH)6 | ||
Strunz-klassifisering | 08.BL.05 | ||
Krystallsymmetri | Trigonal heksagonal ulikesida H-M-symbol: (32/m) Romgruppe: R 3m | ||
Einingscelle | a = 6.970–6.992 Å, c = 16.567–16.75 Å, Z = 3 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus, kremgul, rose, raudbrun | ||
Krystallform | Rhomboeder-krystall (to delvis kubisk); korna, massiv | ||
Krystallsystem | Trigonal | ||
Kløyv | tydeleg på {0001} | ||
Mohs hardleiksskala | 5 | ||
Glans | glasaktig til adamantin | ||
Transparens | Gjennomskinneleg | ||
Spesifikk vekt | 3.22 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nω = 1.631–1.635 nε= 1.646–1.649 | ||
Dobbeltbryting | δ=0.0140-0.0150 | ||
Kjelder | [1][2] |
Det vart først skildra etter ein førekomst i Varmland i Sverige i 1854 og kalla opp etter den svenske kjemikaren Lars Fredrik Svanberg (1805–1878).[1][2]
Kjelder
endre- Svanbergitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/svanbergitt.