Svarthetteparula

art av sporvefuglar
Svarthetteparula
Hannfugl i hekkedrakt Foto: Simon Pierre Barrette
Hannfugl i hekkedrakt
Foto: Simon Pierre Barrette
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær truga██ Hekkeområde██ Overvintringsområde
██ Hekkeområde██ Overvintringsområde
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Parulafamilien Parulidae
Slekt: Setophaga
Art: Svarthetteparula S. striata
Vitskapleg namn
Setophaga striata

Svarthetteparula (Setophaga striata) er ein mellomstor medlem av parulafamilien. Han hekkar i det nordlege Nord-Amerika, frå Alaska, gjennom det meste av Canada, og aust mot atlanterhavskysten inn i provinsen Newfoundland og Labrador og sør til New England i USA.

Dei er flyttfuglar som overvintrar i nordvestlege Sør-Amerika sør til sentrale Peru, aust for Andesfjella. Dei er sjeldne vitjarar til Vest-Europa, sjølv om utbreiinga mot nordaust og langdistansetrekk gjer dei til av dei meir hyppige transatlantiske vandrarar.

Skildring endre

Svarthetteparula måler i gjennomsnitt 14 centimeter og veg ca. 12-13 gram.[1] Hannen utviklar hekkedrakt med mørkstripa brun rygg, kvitt andlet og svart krone. Undersida er kvit med svarte striper, og dei viser to kvite vengeband. Vaksne hoer har fjørdrakt i langt meir avdempa farger enn hannen sin sommardrakt, spesielt manglar hoene det sterke hovudmønsteret, krona, og andletet har nyansar i grått.

Ikkje-hekkande fuglar og fuglar i vinterdrakt av denne arten har grønaktig hovud, mørk-stripa grønaktig overside og gulaktig bryst, det gule området strekkjer seg til buken hos unge fuglar. Vengebanda er synlege i alle drakter.

I den sørlege delen av hekkeområdet, kan svarthetteparulaer leve i høgare område med fjell. Dei kan òg halde seg på skogkledde øyar i delstaten Maine om sommaren. Lengst nord har dei har blitt observert i boreal barskog inn i taigaen. Svarthetteparula hekkar nærare tundraen enn nokon annan parula.[2] Dei bygg vanlegvis reiret lågt i eit bartre, og de legg 4-9 egg i eit koppforma reir.

Songane deira er enkle repetisjonen av høge tsi-strofer. Ropa deira er tynne sit.

Desse fuglane er insektetarar, men vil velje bær om vinteren. Dei vil ofte beite høgt i trea, og nokre gonger fangar dei insekt i flukt.

Trekk endre

I dag er det akseptert blant ornitologar at hausttrekket eller store delar av hausttrekket går over Atlanteren, aust for Florida, og ned til Sør-Amerika. Mot hausten samlar fuglane seg i nordaustlege USA sør til Virginia. Her vil fuglane ofte doble vekta si i feitt. Så flyg dei sørover over Atlanterhavet, med ei forbrenning av 0,08 gram feitt kvar time. Dei flyg i rundt 43 kilometer per time. Trekkruta over havet dekker over 3200 kilometer, og tar ca. 80 timar. Svarthetteparulaer veg opptil 20 gram når dei forlèt USA og mistar 4 eller fleire gram av dette innan dei når Sør-Amerika. Somme mellomlandar på Bermuda før dei held fram. Nokre fuglar, ofte med lågare kroppsvekt, mistar livet. Ruta over Atlanteren er over 2000 kilometer kortare enn alterntivet lengre vest over Florida. Eit anna føremon er at det er lite predasjon over havet.[3] Fuglar som hekkar i Alaska kan gjere trekk på meir enn 8000 kilometer til Brasil, det lengste trekket av nokon parula.[1]

Vårtrekket nordover går lenger vest, konsenterert over Florida.[4] Svarthetteparula er den siste av songarane som kjem nord til hekkelokalitetane.

Spontant i Noreg

Det finst to godkjente registreringar i Noreg per 2020, den første svarthetteparula er frå Klepp kommune, Rogaland i november 2006. Den andre på Frøya, Trøndelag i oktober 2009.[5]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 DeLuca, W., R. Holberton, P. D. Hunt, and B. C. Eliason (2020). Blackpoll Warbler (Setophaga striata), version 1.0. In Birds of the World (A. F. Poole, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.bkpwar.01 Henta 29. november 2020
  2. Morse, Douglas H. (June, 1979). «Habitat Use by the Blackpoll Warbler». Wilson Bulletin (Wilson Ornithological Society) 91 (2): 234–243. ISSN 0043-5643. JSTOR 4161203. 
  3. Baird, James. (1999) Returning to the Tropics: The Epic Autumn Flight of the Blackpoll Warbler in Kenneth P. Able's Gathering of Angels. Ithaca, New York: Cornell University Press, pages 6
  4. Boreal Songbird Initiative Nettside med kart over trekkrute for svarthetteparula Henta 23. september 2011
  5. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 29. november 2020. 

Bakgrunnsstoff endre