Svartraudstjert

art av sporvefuglar
Svartraudstjert
Foto: Carles Pastor
Foto: Carles Pastor
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU SårbarUtbreiinga av svartraudstjert
Utbreiinga av svartraudstjert
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Slekt: Phoenicurus
Art: Svartraudstjert P. ochruros
Vitskapleg namn
Phoenicurus ochruros

Svartraudstjert (Phoenicurus ochruros) er ein fugl i flugesnapparfamilien.

UtsjånadEndra

Fuglen er om lag 14,5 cm lang og veg 14-20 gram. Hannen er om våren gråsvart på hovud, rygg og mage, og har lyse område på vengane og ein iaugefallande oransjeraud stjert. Hoa er anonymt gråbrunt farga og har brunraud stjert.

LæteEndra

Sangen består av pipetonar og kraftige triller og høyrest stri. I det nordlege Europa er svart raudstjert saman med svarttrasten av fuglane som først byrjar synge i gryet.

Utbreiing og taksonomiEndra

Arten har ei palearktisk utbreiing og hekker i Eurasia og i Marokko i Nord-Afrika. Delar av populasjonen er trekkfuglar som overvintrar i Middelhavsområdet, det nordlege Afrika så langt sør som Etiopia og Somalia, Midtausten, India og det søraustre Asia så langt aust som til Burma.

TaksonomiEndra

Det rår ikkje konsensus om kva for ei familie raudstjertane høyrer til. Tidlegare vart dei rekna til trastefamilien, men vert nå oftast plasserte i familien flugesnapparar i underfamilien Saxicolinae saman med t.d. buskskvettar og steinskvettar.

HekkingEndra

Hoa bygg eit relativt slurvete reir og legg fire til seks lysesblå til kvite egg. Ho rugar sidan einsam på egga i 12 til 16 dagar. Ungfuglane vert mata av begge foreldra i 12 til 19 dagar. Ofte førekjem to kull om året.

FødeEndra

Fuglen et insekt og om hausten noko bær. Han finn maten på marka eller jagar forbiflygande insekt frå ein sitteplass.

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


ReferansarEndra

KjelderEndra