Sveitsargarden er ein styrke av sveitsiske leigesoldatar som har som oppgåve å verna paven, og forsvara Vatikanstaten. Sveitsargarden sitt offisielle språk er tysk, og var opphavleg kalla Reisläufer.

Sveitsargarden si fane
Sveitsargardistar i Vatikanet iført paradeuniformer med fargerik vams og pludderbukser og dessutan brei barett på hovudet. Vakta i skilderhuset er væpna med tradisjonell hellebard. Styrken består i dag av 100 sveitsiske menn som får opplæring i bruk av moderne våpen, sverd og hellebard.
Ein sveitsargardist i Vatikanstaten i kvardagsuniform
Ei gruppe paradekledde sveitsargardistar i Peterskyrkja i Italia. Gardistane ber hellebardar og fjørpryda morionhjelmar, det vil seia hjelmar med brei brem og kam på toppen, inspirert av ein spansk stil frå 1500-talet.

Det har vore fleire «sveitsargardar» som har tent ulike europeiske fyrstehus og makter, mellom dei den sveitsiske Centar-Garde («hundre vakter») som verna det franske hoffet frå 1497 til 1830 og var den første sveitsargarden, og fleire andre på 1700-talet. No er det berre paven sin sveitsargarde som enno finst.

Historie endre

Frå 1400- til 1800-talet var det fleire leigesoldatar frå Sveits i teneste som drabantar, livvakter og soldatar for ulike europeiske fyrstar og rikfolk. Dei var i likskap med dei tyske landsknektane kjend for sitt mot, sin lojalitet, disiplin og dugleik, og dessutan for sine ekstravagante drakter av fargerike stoff. Slike troppar av sveitsiske soldatar vart fleire stadar kalla sveitsargarden. Den mest kjende av desse er sveitsargarden i Vatikanet som kom som leigesoldatar til Roma 22. januar 1506.

Den pavelege sveitsargarden sitt mest kjente slag fann stad i 1527, ved invasjonen og plyndringa av Roma. Omtrent heile sveitsargarden vart massakrert på trappa til Peterskyrkja. Av 189 vakter overlevde berre 42, men motet deira sikra at Pave Klement VII evakuera ned passeto-passasjen, ein indre korridor i muren som går frå Vatikanet til Castel Sant'Angelo.

Ein populær myte seier at dei tradisjonelle, gule, blå og raude uniformene som Sveitsargarden ber, vart utforma av kunstnaren Michelangelo, men sanninga er at desse uniformene vart designa i 1905 av ein kommandant i Sveitsargarden. Den mjuke baretten (alpelua), vamsen og buksene med slissar og dei sterke fargane, har vorte etterlikna uniforma til landsknektane, som har sitt design frå 1500-talet.

I 1988 vart Sveitsargardens nye kommandant Alois Estermann og hans kone funne myrda i leilegheita deira. Estermann hadde berre ti timar tidlegare vorte utnemnd til den 31. kommandanten i sveitsargarden. Mannen som drap dei, og seinare seg sjølv, var ein misnøgd ung visekorporal som kjende seg gløymd i samband med ein medaljeutdeling. I 1981 freista Estermann fåfengd å verna pave Johannes Paul II frå mordforsøket til Mehmet Alì Agça. Då skotet kom, hoppa Estermann inn i køyretøyet til paven for å verna paven, men rakk det ikkje tidsnok.

Sveitsargarden i dag endre

Styrken er i dag avgrensa til 100 soldatar og består no av fire offiserar, 23 underoffiserar, 70 hellebardister, to trommeslagarar og ein feltprest. Soldatane er opplærte og utstyrt med moderne våpen og taktikk, men har òg opplæring i bruk av sverd og hellebard.

Krava til gardistane er strenge. Dei må vera menn, tilhøyra den romersk-katolske kyrkje, vera sveitsiske statsborgarar, ha gått rekruttskolen og hatt treårig teneste i det sveitsiske forsvaret, og ha god vandelsattest. Rekruttane må dessutan vera mellom 19 og 30 år og minst 174 cm høge.

Dei fleste sveitsargardistane kjem frå kantonen Wallis, der folkesetnaden er hovudsakleg fransk- og tyskspråkleg.

Eid endre

Nye rekruttar avlegg årleg sin eid i Cortile di San Damaso den 6. mai, årsdagen for Sacco di Roma, plyndringa av Roma.

Feltpresten til garden les følgjande eid på tysk:

Ich schwöre, treu, redlich und ehrenhaft zu dienen dem regierenden Papst [namnet til paven] und seinen rechtmäßigen Nachfolgern, und mich mit ganzer Kraft für sie einzusetzen, bereit, wenn es erheischt sein sollte, selbst mein Leben für sie hinzugeben. Ich übernehme dieselbe Verpflichtung gegenüber dem Heiligen Kollegium der Kardinäle während der Sedisvakanz des Apostolischen Stuhls. Ich verspreche überdies dem Herrn Kommandanten und meinen übrigen Vorgesetzten Achtung, Treue und Gehorsam. Ich schwöre, alles das zu beobachten, was die Ehre vert meint Standes von mir verlangt.
(Eg sver trufast, redelig og ærefullt å tena den regjerande Paven [namnet til paven]og hans rettmessige etterfølgjarar (...))

Deretter går rekruttane ein etter ein til fana og sver med høgre hand.

Ich, Hellebardier [namnet til rekrutten], schwöre, alles das, was mir soeben vorgelesen wurde, gewissenhaft und treu zu halten, so wahr mir Gott und seine Heiligen helfen.

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Gaston Castella: So ist die Treue dieses Volkes. Die Schweizer im Dienste des Vatikans. Die Geschichte der Päpstlichen Schweizergarde mit Farbtafeln von Fred Fay. Fraumünster-Verlag A.G. Zürich 1942.
  • Remo Ankli: Die Schweizergarde in den Jahren vor dem Sacco di Roma (1518–1527). Eine Analyse der Briefe von Gardehauptmann Kaspar Röist an det Ratet in Zürich , in: Schweizerische Zeitschrift für Religions- und Kulturgeschichte 99 (2005), S. 251-266
  • Ulrich Nersinger: Soldaten des Papstes. Eine kleine Geschichte der päpstlichen Garden. Nobelgarde, Schweizergarde, Palatingarde und Gendarmerie, Ruppichteroth: Eid. Kirchliche Umschau, 1999
  • Die päpstliche Schweizer Garde. Zeitgenössische Stiche u. Aquarelle vom 16. bis zum 20. Jahrhundert aus der Privatsammlung des Roman Fringeli. Regensburg 2006.
  • Paul M. Krieg/Reto Stampfli: Die Schweizergarde in Rom. Überarbeitete und erweiterte Neu-Ausgabe 2006. Eine aktualisierte Neu-Ausgabe des Werkes aus dem Jahre 1960 von Paul M. Krieg (1890–1984). orell füssli Verlag AG
  • Robert Walpen: Die Päpstliche Schweizergarde Acriter eit Fideliter – Tapfer und Treu. Offizielles Jubiläumsbuch des Fördervereins "500 Jahre Päpstliche Schweizergarde". Verlag Ferdinand Schöningh GmbH 2005.
  • Ulrich Nersinger, Gero P. Weishaupt: Pontificia Cohors Helvetica (1506–2005) Geschichte der Schweizergarde. lateinisch. Verlag nova & vetera. 2005
  • Vincenz Oertle: Vom "Remington" zum Sturmgewehr 90. Die Schußwaffen der Päpstlichen Schweizergarde. Geschichte und Bestandesaufnahme. Thesis Verlag Zürich, 2001
  • Antonio Serrano: Die Schweizergarde der Päpste. Eine historische Publikation der Schweizergarde in Deutsch, Italienisch, Französisch und Englisch. 3. aktualisierte Auflage von 2005 aus der Druckerei und Verlagsanstalt "Bayerland GmbH".
  • Robert Durrer: Die Schweizergarde in Rom und Die Schweizer in Päpstlichen Diensten. 1. Teil. Verlag Räber & Cie. Luzern 1927.
  • Glauco Benigni: Die Schutzengel des Papstes. Ein spannender Einblick in den Sicherheitsapparat des Vatikans. St. Benno-Verlag GmbH Leipzig. 2005