Sverre Petterssen

For teiknaren og glasdesignaren, sjå Sverre Pettersen. For KrF-politikaren, sjå Sverre Pettersen (1936)

Sverre Petterssen (19. februar 189831. desember 1974) var ein norsk meteorolog som er mest kjend for å ha delteke i planlegginga av Operasjon Overlord eller «D-dagen» og for å ha medverka med vêrvarsel som utsette operasjonen. Han vart fødd i Hadsel i 1898 og voks opp i Vesterålen. Utdanninga tok han i Bergen, der han høyrde til den såkalla Bergensskulen, og i Tromsø. Frå 1929 var han sjef for Vervarslinga på Vestlandet. Her medverka han med vêrvarsel for fleire polarekspedisjonar.

Sverre Petterssen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. februar 1898
Hadsel
Død

31. desember 1974 (76 år)
London

Yrke meteorolog, professor
Språk engelsk
Medlem av Forsvarets Overkommandos Tekniske Utvalg
Ektefelle Lilian Bye

Petterssen var av dei første i verda som studerte vind- og vêrforhold i høgare luftlag og knytte desse observasjonane til vêret ved overflata. For dette arbeidet vart internasjonal anerkjend og i 1939 vart han tilsett som professor ved Massachusetts Institute of Technology i USA og i 1941 vart han hyra inn av Royal Air Force i Storbritannia for hjelpe det engelske meteorologiske instituttet med vêrvarsling innan flymeteorologi. Her medverka han med vêrvarsel til fleire store militæroperasjonar.

Etter krigen vart Petterssen amerikansk statsborgar, men på 1970-talet sa han frå seg statsborgarskapet i protest då president Richard Nixon styrte USA.

Operasjon Overlord endre

Under planlegginga av Operasjon Overlord vart Petterssen med i varslingsgruppe som skulle lage vêrvarsel for operasjonen. I tillegg hadde amerikanarane med seg ei eiga meteorologgruppe, og den engelske marinen hadde sine eigne vêrvarslarar. Desse tre arbeida kvar for seg og gav den militære leiinga, leia av general Dwight D. Eisenhower, råd om vêrtilhøva dei komande dagane.

På denne tida var vêrvarsla langt dårlegare enn i dag, og var ikkje særleg pålitelege utover to døgn fram i tid. Leiinga av operasjonen kravde derimot eit vêrvarsel heil veke fram i tid, noko som ikkje var mogeleg med metodane dei hadde tilgjengeleg på denne tida. I dagane før den fastsette datoen, 5. juni, diskuterte dei tre meteorologgruppene jamleg.

Det er stor skilnad på flo og fjøre i Den engelske kanalen, så tilstanden på sjøen var avgjerande for om det var mogeleg å setje i land troppane. Bølgjer, dønningar og brenningar måtte derfor helst vere så låge som mogeleg. Operasjonen vart lagt til starten av juni fordi lågtrykka vanlegvis er langt svakare om sommaren enn om vinteren, så sjansane for godt nok vêr var betre då. Samstundes var det enno mørkt nok om natta til at fienden ikkje fekk auge på dei.

I dagane like før 5. juni meinte meteorologane at det var dårleg vêr i vente for den 5. juni, og etter kvart vart dei tre gruppene einige om at operasjonen måtte utsetjast eit døgn. I tillegg var det enno eit lågtrykk i vente i bakkant. Det vart derfor satsa på å få utført operasjonen mellom dei to lågtrykka, då vêret var nokolunde brukbart, og Operasjon Overlord gjekk i gang tidleg om morgonen 6. juni 1944. Vêrvarselet stemde og operasjonen vart rekna som vellukka.

Litteratur endre

Kjelder endre

«Norsk meteorolog bidro til å utsette D-dagen». Meteorologisk Institutt. 3. juni 2004. Henta 29. oktober 2008.