Tasmanbukta (Tasman Bay) er ei stor, V-forma bukt i nordenden av SørøyaNew Zealand. Bukta ligg midt på nordkysten på øya, og dannar ei kystlinje på 120 km, og måler 70 km tvers over på det vidaste. Ho er ein arm av Tasmanhavet, og ligg ved det vestlege innløpet til Cooksundet.

Tasmanbukta
bukt
Land  New Zealand
Kart
Tasman Bay
41°00′00″S 173°20′00″E / 41°S 173.33333333333°E / -41; 173.33333333333
Kart som viser Tasmanbukta.
Kart som viser Tasmanbukta.
Kart som viser Tasmanbukta.
Wikimedia Commons: Tasman Bay

I den vestlege utstrekninga til bukta er landskapet omkring ulendt og tett tilvakse med skog. Separation Point, det vestlegaste punktet i bukta, ligg inne i Abel Tasman nasjonalpark og skil Tasman Bay frå den mindre naboen i vest, Golden Bay. Mot aust er terrenget også bratt, med dei vestlege armane av Marlborough Sounds. Øya D'Urville Island ligg nordaust for det austlegaste punktet i bukta. Arrow Rock ligg utanfor kysten ved Nelson.

Kysten til Tasman Bay i Motueka.

Landskapet mellom desse to områda er meir moderat kupert, og omfattar også kystslettene ved munningen til Waimea River ved det sørlegaste punktet i bukta. Andre elver som munnar ut i sjøen langs kysten i bukta er Riwaka, Motueka og Serpentine-elva. Den lange, låge øya Rabbit Island ligg nær den sørlege kysten til bukta. Tasman Bay har også den sjeldne steinformasjonen kjend som Boulder Bank.

Den fruktbare jorda langs den midtre delen av kystlinja i bukta, er utstrekt oppdyrka, og kjend for hagebruk og avlingar av eple, kiwifrukt, oliven, druer og humle. Midt i det 20. hundreåret vart det dyrka store mengder tobakk i områda kring Tasman Bay. Det ligg eit tobakkmuseum i Motueka. Denne byen er også den mest folketette delen av nordkysten på Sørøya, og fleire busetnadar og byen Nelson ligg alle nær stranda. Mellom desse byane er Motueka, Riwaka og Richmond.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Tasmanbukta

41°00′S 173°20′E / 41.000°S 173.333°E / -41.000; 173.333