Temmincksnipe

fugleart
Temmincksnipe
Ungfugl
Ungfugl

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Temmincksnipe
Utbreiinga av Temmincksnipe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Calidris
Art: Temmincksnipe C. temminckii
Vitskapleg namn
Calidris temminckii

Temmincksnipe er ein fugleart i snipefamilien. Han har namn etter den nederlandske biologen Coenraad Jacob Temminck.

Utsjånad endre

Arten er mellom dei minste vadarane, 13,5-15 centimeter lang, berre litt større enn dvergsnipa, med kortare bein og lengre vengar. Vengespennet er 34–37 cm. Beina er gule og dei ytre halefjørene kvite, til skilnad frå dvergsnipa sine mørke bein og grå ytre halefjør. Temmincksnipa er mest brun på oversida og hovudet og kvit på undersida, unnateke brystet som er møekare. Hekkande fuglar har nokre lysare raudbrune mantelfjør. I vinterdrakt er fuglen meir grå.

Læte endre

Fuglen støyter ut ei høglytt trille. Han har ei typisk kretsande speleflukt på hekkeplassen.

 
Temmincksnipeegg

Utbreiing endre

Arten er utbreidd i eit relativt smalt belte i den subarktiske sonen frå Skandinavia og austover i dei nordlege delane av Russland og Sibir til Beringstretet, vesentleg nær elvesystema og ved elvemunningane i dei nordlege kystområda. Nokre få par hekkar også årleg i Nord-Skottland. Karakteristisk for arten er den klumpvise førekomsten gjennom heile utbreiingsområdet.

Førekomst i Noreg endre

I Sør-Noreg hekkar fuglen spreidd i vierregionen i fjelltraktene frå dei sørlege delane av Hardangervidda til Trøndelag. Vidare hekkar enkelte par på nokre kystlokalitetar i låglandet på Møre og i Trøndelag. Generelt bør vegetasjonen vere sparsam, og langs kysten finst denne biotopen ved elvemunningar der det er mykje stein og grus. Til fjells i Sør-Noreg finst arten oftast nær vatn, helst på stader med svært kortvaksen vier eller med sparsam vegetasjon. I Nord-Noreg førekjem arten spreidd i Nordland og Troms, dels langs kysten, men mest utbreidd er arten i fjellområda langs grensa. I Finnmark hekkar arten over heile Finnmarksvidda, men også spreidd langs kysten til Varangerhalvøya langs elvemunningar og mindre øyar i fjordane. Fuglen hekkar også ved Pasvikelva. Truleg hekkar 3000-4000 par årleg i Noreg.

Føde endre

Fuglen finn maten i mjuk leire med lite vegetasjon og plukkar oftast opp føda når denne er synleg. Temmincksnipa verkar litt museaktig på matleiting der ho kryp ikring ved kantar av vassdammar. Maten er mest insekt og andre små dyr utan ryggrad. Temmincksnipa er mindre selskapeleg enn andre små vadarar og vert sjeldan sett i store flokkar.

Trekktilhøve endre

Fuglar på vårtrekket kan ofte sjåast i låglandet i Sør-Noreg frå midt i mai, til hekkeplassane kjem dei i slutten av mai og i starten på juni etter som snøtilhøva er. Hekkefuglane flyg sørover i juli eller første halvdelen av august, ungfuglane reiser frå hekkeområda i august. Overvintringsområda for den norske bestanden ligg truleg i det sentrale Afrika.

Kjelder endre