Tempus Fugit
«Tempus Fugit» Song av Yes frå albumet Drama | ||
Utgjeve | 1980 | |
Innspelt | 1980 | |
Sjanger | progressiv rock, hardrock | |
Lengd | 5:15 | |
Selskap | Atlantic | |
Låtskrivar(ar) | Geoff Downes, Trevor Horn, Steve Howe, Chris Squire og Alan White | |
---|---|---|
Produsent | Yes og Eddie Offord |
«Tempus Fugit» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1980 på albuma til bandet Drama. Songen er skriven av Geoff Downes, Trevor Horn, Steve Howe, Chris Squire og Alan White, som på dette tidspunktet var besetninga i bandet. Songen er 5 minutt og 15 sekund lang.
Struktur
endreSongen opnar med eit forrykande hardrock-liknande riff med gitar og bass. Trommene held tempoet oppe og understrekar tyngda til songen. Eit lite mellomspel på synthesizer, der ordet «Yes» repeterast med bruk av vocoder, før ein ny repetisjon av opningsriffet kjem. Eit nytt temposkifte fører songen vidare inn i første vers med ein reggae-inspirert versjon av riffet, som i refrenget går tilbake til hardrock-versjonen. Songen vekslar mellom vers og refreng i stil med konvensjonell rock. I ettertid kan musikkstilen lett skildrast som i «slekt» med The Police-songen frå 1979, «Message in a Bottle».
Tittelen «Tempus Fugit» er latin og tyder «tida flyktar». Teksta referer fleire gonger til situasjonar der tida kan synast å gå fortare enn ein ynskjer.
Konsertversjonar
endre«Tempus Fugit» vart framført under Drama-turneen i 1980 og under In the Present-turneen i 2008–2009.[1] Ellers har berre opningsriffet blitt spelt under ei rekkje konsertar som ein del av Chris Squire og Alan White sin «Whitefish» solo-medley.
Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «Tempus Fugit»:
- The Word Is Live
- In the Present – Live from Lyon – med Benoît David som vokalist.
Medverkande
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tempus Fugit» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: