Termalt lågtrykk

Termale lågtrykk er lågtrykk som oppstår over kontinenta i subtropiske strøk som områda nær Sonoranørkenen, Det meksikanske platået, Sahara, Sør-Amerika over det nordvestlege Argentina, Australia, Den iberiske halvøya og Tibetplatået på den varme tida av året som følgje av intens oppvarming av overflata samanlikna med områda rundt.[1] Dei oppstår altså ikkje i samband med frontar.

Vertikalt tverrsnitt av eit termalt lågtrykk

Over vatn kan det dannast termale lågtrykk om vinteren når lufta over vatnet er kaldare enn det varme vatnet. Termale lågtrykk har berre svake sirkulasjonar og kan strekkje seg i høgder opp til 3100 meter over bakken. Termale lågtrykk over vestlege og sørlege delar av Nord-Amerika, Nord-Afrika og det søraustlege Asia er sterke nok til at det oppstår ein monsun om sommaren. Utviklinga av termale lågtrykk like innanfor ei kyststripe fører til solgangsbris. Solgangsbris kombinert med kupert terreng nær kysten kan føre til dårleg luftkvalitet.

Danning

endre

I ørkenar fører mangelen på fukt i jorda og plantene, som vanlegvis ville ført til fordampingsavkjøling, til intens, rask soloppvarming av lufta like over overflata. Denne varme lufta er lettare enn den omliggande kjøligare lufta og vil derfor byrje å stige. Ein får eit underskot av luft ved overflata og det oppstår eit lågtrykk her, eit termalt lågtrykk.[1] Åsar og fjell kan forsterke dei termale lågtrykka fordi lufta over åsen eller fjellet vert enno varmare samanlikna med lufta i same høgda over dei lågareliggande områda rundt.[2][3] Om vinteren kan varme vassmassar, som Dei store sjøane, òg skape termale lågtrykk.[4] Termale lågtrykk som utviklar seg nær havinvå kan byggje seg opp til ei høgd nær 700 hPa-flata om sommaren,[5] som ligg nær 3100 meter opp i lufta.[6] Slike lågtrykk er vanlegvis stasjonære og har ein svak syklonsk sirkulasjon.[7] Sidan dei er sterkast ved overflata og varme i sentrum, og er svakare i høgda der lufta er meir stabil, vert termale lågtrykk rekna for å ha varm kjerne.[8][9] Dei sterkaste termale lågtrykka i verda finn ein over Arabia, dei nordlege delane av det indiske subkontinentet, Arizona, det meksikanske platået,[10] nordvestlege område av Argentina,[11] sørvestlege Spania,[12] Australia[13] og Nord-Afrika. Danninga av det termale lågtrykket over Nord-Afrika fører til ein vestleg jetstraum i lågt nivå frå juni til oktober.[14]

Rolla i monsunregimet

endre
 
Startdatoar og rådande vindretningar under den sørvestlege sommarmonsunen.
For meir om dette emnet, sjå monsun.

Monsunar vert skapt av at ein har ei større temperatursvinging over land gjennom året enn over nærliggande havområde. Denne forskjellige oppvarminga skjer fordi varmen i havet vert blanda vertikalt i eit «blandingslag», som ofte kan vere femti meter djup, på grunn av vindskapt turbulens i havoverflata, medan landoverflata overfører varmen sakte og kanskje berre trengjer ein meter ned i bakken. I tillegg er den spesifikke varmekapasiteten til vatn langt høgare enn dei fleste stoff som utgjer landjorda. I lag fører desse faktorane til at varmekapasiteten til havoverflata er langt større enn den til landoverflata, slik at lufta over land vert varma opp raskare og når ein høgare temperatur enn lufta over havoverflata. Den varme lufta over land stig fordi ho er lettare enn lufta over havet og det vert danna eit lågtrykk over land. Dette skapar så ein vind som bles mot land og som fører med seg fuktig havluft.[15] Det oppstår regn når den fuktige havlufta vert pressa oppover av fjell,[16] oppvarming av landoverflata,[17] luftkonvergens ved overflata,[18] divergens i høgda, eller frå utstrøymingar frå torevêr ved overflata.[19] Når løftinga skjer vert lufta avkjølt fordi ho utvidar seg i lågare trykk, og dette fører til at lufta kondenserer.

Om vinteren vert landoverflata avkjølt raskare enn havoverflata på grunn av den lågare spesifikke varmekapasiteten. Den varme lufta over havet vil då stige og skape eit lågtrykk over havet, og det vil blese ein vind frå land mot hav, og det oppstår eit tørt høgtrykk over land, som vert forsterka av avkjølinga om vinteren.[15] Monsunar liknar på mange måtar solgangsbrisen, som er ein langt meir lokal og døgnleg sirkulasjon nær kystar over heile verda. Monsunen er på langt større skala, er mykje kraftigare og varer heile årstider.[20]

Rolla i danninga av solgangsbrisen

endre
 
Skjematisk tverrsnitt av ein solgangsbrisfront. Om lufta over land er fuktig oppstår det ofte cumulus der fronten ligg.
For meir om dette emnet, sjå solgangsbris.

Havet vert varma opp til ei større djupne enn over land fordi den spesifikke varmekapasiteten til vatn er større enn jord.[21] Havet har derfor større kapasitet til å absorbere varme enn land, så havoverflata vert varma opp mykje treigare enn landoverflata. Når temperaturen på landoverflata stig, vil den varme lufta over land stige, fordi ho er lettare enn den tyngre og kjøligare lufta over havet. Denne stigande lufta reduserer lufttrykket over land med om lag 0,2 %. Den kjøligare lufta over havet har no høgare lufttrykk og strøymer inn mot land for å fylle att lågtrykket. Dette skapar ein kjølig bris nær kysten. Styrken til vinden er direkte proporsjonal med temperaturskilnaden mellom land og hav. Om det generelle vindfeltet er større enn 8 knop og i motsett retning til den mogelege solgangsbrisen, så vil truleg ikkje solgangsbrisen oppstå.[22]

Rolla i luftforureining

endre

I område som er ås- eller fjellendte nær kysten, kan termalt tvungne solgangsbrisar kombinert med vindsirkulasjonen opp fjellsidene fange kjemikaliar i lufta og det kan utviklast smog. Ein har spora slik forureining opp til midlare høgder i troposfæren i form av ozon, som var konsentrert over sirkulasjonen til eit termalt lågtrykk nær hav.[23]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Glossary of Meteorology (2009). Thermal Low. American Meteorological Society.
  2. National Weather Service Office i Tucson i Arizona (2008). What is a monsoon? National Weather Service Western Region Headquarters.
  3. Douglas G. Hahn og Syukuro Manabe (1975). The Role of Mountains in the South Asian Monsoon Circulation. Journal of Atmospheric Sciences, vol. 32, Issue 8, s. 1515-1541.
  4. Nathaniel S. Winstead og Pierre D. Mourad (2000). Shallow Great Lake–Scale Atmospheric Thermal Circulation Imaged by Synthetic Aperture Radar. Monthly Weather Review: s. 3654–3663.
  5. David R. Rowson og Stephen J. Colucci (1992). Synoptic climatology of thermal low-pressure systems over south-western north America. Arkivert 2013-01-05 ved Archive.is International Journal of Climatology, Vol. 12 Issue 6, s. 529-545.
  6. United States Navy (2008). Forecasters Handbook for the Arctic Appendix B: Mean Monthly Sea Level Pressure, Air Temperature og 700-mb Height. Arkivert 2016-12-26 ved Wayback Machine.
  7. National Weather Service Forecast Office Columbia i South Carolina (2009). Weather Terms. National Weather Service Eastern Region Headquarters.
  8. Glossary of Meteorology (2009). Warm Low. American Meteorological Society.
  9. Gongyuh Lin (2008). Synoptic Weather Systems. California State University, Northridge.
  10. Donna F. Tucker (1998). The Summer Plateau Low Pressure System of Mexico. Journal of Climate: s. 1002–1015.
  11. Marcelo E. Seluchi, A. Celeste Saulo, Matilde Nicolini og Prakki Satyamurty (2003). The Northwestern Argentinean Low: A Study of Two Typical Events. Monthly Weather Review: s. 2361–2378.
  12. Roger Graham Barry og Richard J. Chorley (2003). Atmosphere, Weather and Climate. Routledge, s. 199. ISBN 9780415271714.
  13. Bureau of Meteorology. «Climate of Giles». Arkivert frå originalen 11. august 2008. Henta 16. mars 2010. 
  14. B. Pu og K. H. Cook (2008). Dynamics of the Low-Level Westerly Jet Over West Africa. American Geophysical Union, Fall Meeting 2008, abstract #A13A-0229.
  15. 15,0 15,1 Dr. Louisa Watts (2009). What causes the west African monsoon? National Centre for Environmental Science.
  16. Dr. Michael Pidwirny (2008). CHAPTER 8: Introduction to the Hydrosphere (e). Cloud Formation Processes. Physical Geography.
  17. Bart van den Hurk og Eleanor Blyth (2008). Global maps of Local Land-Atmosphere coupling. Arkivert 2009-02-25 ved Wayback Machine. KNMI.
  18. Robert Penrose Pearce (2002). Meteorology at the Millennium. Academic Press, s. 66. ISBN 9780125480352.
  19. Glossary of Meteorology. Gust Front.
  20. BBC Weather. The Asian Monsoon.
  21. Dr. Steve Ackerman (1995). Sea and Land Breezes. University of Wisconsin.
  22. JetStream: An Online School For Weather (2008). The Sea Breeze. National Weather Service Southern Region.
  23. A.C. Carvalho, A. Carvalho, I. Gelpi, M. Barreiro, C. Borrego, A.I. Miranda, V. Perez-Munuzuri (2006). Influence of topography and land use on pollutants dispersion in the Atlantic coast of Iberianhalvøya.[daud lenkje] Atmospheric Environment 40 (2006) 3969–3982.