The High Road av Roxy Music

The High Road
Konsertalbum av Roxy Music
Utgjeve Mars 1983[1]
Innspelt 30. september 1982
Spelestad The Apollo i Glasgow i Skottland
Sjanger
Lengd 26:38
Selskap
Produsent Rhett Davies, Robin Nash, Roxy Music
Roxy Music-kronologi 
Avalon
(1982)
The High Road Street Life: 20 Great Hits
(1986)


The High Road er ein konsert-EP av det engelske rockebandet Roxy Music. Opptaket vart gjort i Apollo i Glasgow i Skottland den 30. september 1982 under Avalon-turneen.[5] Det inneheld fire spor. To av songane var coverversonar, inkludert hitversjonen deira av John Lennon-songen «Jealous Guy» og Neil Young sin «Like A Hurricane». Ein song frå ei soloplate av Bryan Ferry, «Can't Let Go», kom òg ut, opphavleg frå The Bride Stripped Bare. Den einaste andre songen då var «My Only Love» frå Flesh + Blood, med ein lengre solo. EP-en nådde 26. plassen på UK Album Charts.[6]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[2]
Rolling Stone3/5 stars[3]
Robert ChristgauB+[4]

Trass i at det har same tittel og omslag, er opptaka på dette albumet ikkje det same som på videoen/DVD-en High Road, som var spelt inn i Fréjus i Frankrike den 27. august 1982. Dei fire songane frå EP-en kom sidan ut på konsertalbumet Heart Still Beating (1990) blanda inn med resten av songane frå Fréjus-konserten.

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Can't Let Go» (Bryan Ferry)5:29
2.«My Only Love» (Bryan Ferry)7:23
3.«Like a Hurricane» (Neil Young)7:36
4.«Jealous Guy» (John Lennon)6:10

Medverkande endre

Andre medverkande endre

Kjelder endre

  1. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh, Scotland: Canongate. s. 931. ISBN 1-84195-860-3. 
  2. Allender, Mark W. B. «allmusic ((( The High Road > Review )))». Allmusic. Henta 18. juli 2021. 
  3. Brackett, Nathan. «Roxy Music». The New Rolling Stone Album Guide. November 2004. pg. 705, cited 18. juli 2021
  4. Christgau, Robert. «Roxy Music». robertchristgau.com, Henta on 18. juli 2021.
  5. «allmusic (((The High Road > Overview)))». Arkivert frå originalen 3. juni 2009. Henta 22. juli 2021. 
  6. «UK Top 40 Hit Database». Henta 22. juli 2021.