Their Satanic Majesties Request
Their Satanic Majesties Request Studioalbum av The Rolling Stones | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. desember 1967 | |
Innspelt | 9. februar – 23. oktober 1967 | |
Studio | Olympic Studios-Studio A, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 44:06 | |
Selskap | ||
Produsent | The Rolling Stones | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
---|---|---|
Between the Buttons (1967) |
Their Satanic Majesties Request | Beggars Banquet (1968) |
Singlar frå Their Satanic Majesties Request | ||
|
Their Satanic Majesties Request er eit psykedelisk rockealbum av The Rolling Stones frå 1967. Tittelen er eit ordspel på «Her Britannic Majesty requests and requires...», ein tekst som står inne i alle britiske pass.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | stereoversjon |
AllMusic | monoversjon |
The Great Rock Discography | 5/10[6] |
MusicHound | 2/5[7] |
NME | 8/10[8] |
Pitchfork | 7.8/10<[9] |
The Rolling Stone Album Guide | [10] |
The Village Voice | B+[11] |
Albumet fekk særs blanda mottaking då det kom ut, og i følgje Richie Unterberger i Allmusic har the Stones aldri har tatt fleire sjansar enn dette i studio med bruk av afrikanske rytmar, mellotronar og fullt orkester.[12]
Innspelinga starta like etter Between the Buttons kom ut, og innspelinga var lang og sporadisk, mellom anna fordi medlemmer i bandet vart fengsla og måtte i retten. Albumet var det første Stones gav ut som ikkje hadde forskjellig innhald i USA og Europa.
Albumet kom ut i desember 1967 og nådde tredjeplassen i Storbritannia og andreplassen i USA og Noreg. Albumet fekk nokså dårleg kritikk og vart sett på som eit forsøk på å overgå The Beatles og Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band (som kom i juni 1967). Albumet vart det første og einaste som vart produsert av the Stones sjølv. Produksjonen fekk særleg hard kritikk av Jon Landau i musikkmagasinet Rolling Stone[13] og for dei neste albuma fekk the Stones hjelp av Jimmy Miller til å produsere albuma sine. For dei neste albuma gjekk òg Stones tilbake til den hardare bluesstilen dei hadde starta karrieren sin med
Arbeidstittelen på albumet var Cosmic Christmas. Albumet vart gjeve ut i Sør-Afrika som The Stones are Rolling fordi den originale tittelen inneheldt ordet «Satanic».[14]
Berre to songar på albumet er spelte på konsertar av the Rolling Stones, «2,000 Light-years From Home» (1989 og 1990) og «She’s a Rainbow» (1997-1998).
Bill Wyman-komponerte «In Another Land» vart gjeven ut som singel.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Sing This All Together» | 3:46 |
2. | «Citadel» | 2:50 |
3. | «In Another Land» (Bill Wyman) | 3:15 |
4. | «2000 Man» | 3:07 |
5. | «Sing This All Together (See What Happens)» | 8:33 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «She’s a Rainbow» | 4:35 |
7. | «The Lantern» | 4:23 |
8. | «Gomper» | 5:08 |
9. | «2000 Light Years from Home» | 4:45 |
10. | «On with the Show» | 3:39 |
Medverkande
endreKjelde:[15]
The Rolling Stones
- Mick Jagger – solovokal (alle utanom 3), korvokal (1, 3-9), perkusjon (1, 5, 8), maracas (2, 9, 10), klokkespel (2), tamburin (6)
- Keith Richards – elektrisk gitar (1, 2, 4, 5, 7-10), korvokal (1, 3-9), akustisk gitar (3, 4, 6, 7), fuzz bass (2, 9), bassgitar (10)
- Brian Jones – Mellotron (1-3, 5-10), fløyte (2,5), perkusjon (1, 5), saksofon (1), lydeffektar (3), akustisk gitar (4), vibrafon (5), munnharpe (5), brass (5,), orgel (7), elektrisk dulcimer (2, 8, 9), blokkfløyte (8), harpe (10), konsertmunnspel (10)
- Bill Wyman – bassgitar (all tracks), perkusjon (1, 5), solovokal (3, 5), piano (3), orgel (3), Mellotron (5), oscillator (9)
- Charlie Watts – trommer (2-7, 9, 10), tamburin (5, 10), perkusjon (1, 5, 6), congatrommer (5), tabla (8), claves (10),
Andre medverkande
- Nicky Hopkins – piano (1, 5-7, 9, 10), orgel (4, 8), cembalo (2, 3)
- John Paul Jones – strykearrangement (6)
- Ronnie Lane – korvokal (3)
- Steve Marriott – korvokal (3)
- Eddie Kramer – claves (9)
Salslister
endreVekeslister
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1967 | UK Albums Chart | 3[16] |
1967 | Den franske SNEP-lista | 1[17] |
1968 | Billboard 200 | 2[18] |
1968 | Den australske albumlista | 1[19] |
Singlar
endreÅr | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1967 | «In Another Land» | Billboard Hot 100 | 87[18] |
1968 | «She's a Rainbow» | Billboard Hot 100 | 25[18] |
Salstrofé
endreLand | Selskap | Salstrofé |
---|---|---|
USA | RIAA | Gull |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Their Satanic Majesties Request» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Popkin, Helen A.S. «The Stones may be old, but they can still rock». Today. Henta 6. mars 2017.
- ↑ Lester, Paul (10. juli 2007). «These albums need to go to rehab». guardian.co.uk (London: Guardian News and Media Limited). Henta 21. juli 2013.
- ↑ Chicago Tribune
- ↑ Martin, Bill (Dec 14, 2015). Listening to the Future: The Time of Progressive Rock, 1968-1978. Open Court. s. 119.
|access-date=
requires|url=
(hjelp) - ↑ DeRogatis, Jim (2003). Turn On Your Mind: Four Decades of Great Psychedelic Rock. Milwaukee: Hal Leonard Corporation. s. 55–60. ISBN 0-634-05548-8.
- ↑ Strong, Martin (2004). The Great Rock Discography. Canongate. s. 993. ISBN 978-1841956152.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, Michigan: Visible Ink Press. s. 952. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ «The Rolling Stones – Their Satanic Majesties Request CD Album». Muze. Henta 26. mars 2018.
- ↑ «Their Satanic Majesties Request review». Pitchfork. Henta 26. mars 2018.
- ↑ «Album Guide: The Rolling Stones». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 12. april 2011. Henta 26. mars 2018.
- ↑ Christgau, Robert (20. desember 1976). «Christgau's Consumer Guide to 1967». The Village Voice (New York). s. 70. Henta 26. mars 2018.
- ↑ Richie Unterberger. «Their Satanic Majesties Request». Allmusic. Henta 28. februar 2009.
- ↑ http://beatpatrol.wordpress.com/2008/09/23/the-rolling-stones-their-satanic-majesties-request-1967/
- ↑ «The Stones are Rolling». eil.com.
- ↑ Margotin, Philippe; Guesdon, Jean-Michel (25. oktober 2016). Rolling Stones All the Songs: The Story Behind Every Track. Hachette Books. s. 203–237. ISBN 978-0-316-31773-3.
- ↑ Everyhit.com Type «Rolling Stones» under «Name of Artist»
- ↑ «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Note: user must select 'The Rolling Stones' from drop-down.
- ↑ 18,0 18,1 18,2 Their Satanic Majesties Request på Allmusic
- ↑ List of number-one albums in Australia during the 1960-åra