Opna hovudmenyen
Rypesniper



Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Thinocoridae

Rypesniper, Thinocoridae, er ein familie av ordenen Charadriiformes, vade- måse- og alkefuglar. Dette er små vadefuglar som er tilpassa plantediett. Familien er delt i to slekter, Attagis og Thinocorus, kvar med to artar. Familien har søramerikansk distribusjon, i regionane Andes og Patagonia. Slektskapen med dei andre familiane i ordenen Charadriiformes er usikre, har det vore ymta om at slettevandrarar i Australia, samt bladhøns og riksesniper er dei næraste slektningane deira. Spesielt slettevandrarar har likskap med rypesniper i næringsopptak, men dei skil seg markert i avlsbiologi. Det engelskspråklege namnet 'seedsipe' er misvisande, fordi desse fuglane ikkje liknar ekte sniper, har kort nebb, små hovud og frø er ikkje ein betydeleg del av føda.

Rypesniper liknar ryper, vaktlar og sandhøns, men har lengre venger. Artane i slekta Thinocorus er minst med variasjon i storleik frå sporv til ei snipe, medan Attagis er større, som ei fjellrype. Dei har korte bein, lange tær og korte haler. Fargene i fjørdrakta er generelt kamuflerande. Artane hos Thinocorus viser kjønnsdimorfisme i fjørdrakta, steggane har grå farge i ansiktet, nakken og på brystet.

Habitat for rypesniper er krevjande, og inkluderer eng, grassletter, halvørkenar og høgfjell. Rustrypesnipa lever opp til snøgrensa eller til 5 500 moh.

Eit kull er på 2-3 egg og vert lagt i ei lita grop på bakken.

ArtarEndra

KjelderEndra

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Seedsnipe frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • van Tuinen, Marcel; Waterhouse, David & Dyke, Gareth J. (2004): Avian molecular systematics on the rebound: a fresh look at modern shorebird phylogenetic relationships. Journal of Avian Biology 35(3): 191-194.
  • Fjeldså, J. (1996) Family Thinocoridae (Seedsnipes) in del Hoyo, J.; Elliot, A. & Sargatal, J. (editors). (1996). Handbook of the Birds of the World. Volume 3: Hoatzin to Auks. Lynx Edicions. ISBN 84-87334-20-2