Tessa Sanderson, fullt namn Theresa Ione Sanderson, (fødd 14. mars 1956) er ein britisk tidlegare spydkastar. Ho vart i 1984 olympisk meister i spydkasting og vann EM-sølv i same øvinga i 1978.

Tessa Sanderson

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 14. mars 1956 (68 år)
Saint Elizabeth Parish
Yrke spydkastar
Språk engelsk
Høgd 168 centimeter
Tessa Sanderson på Commons

Aktiv endre

Sanderson er fødd i St. Elizabeth på Jamaica. Ho emigrerte til Wolverhampton i Storbritannia. I august 1978 var Sanderson suverent best i spydtevlinga under samveldeleikane i Edmonton med eit kast på 61,34 m. Ein månad seinare auka ho med ein meter og kneip sølvmedaljen framom to austtyske utøvarar i ei elles jamn EM-tevling i Praha, men hamna bortimot sju meter bak den suverene vinnaren, Ruth Fuchs frå Aust-Tyskland.

Den 26. mars 1983 gjorde Sanderson sitt livs lengste spydkast i Edinburgh, der spydet landa etter 73,58 meter. I august same året enda ho på fjerdeplassen i friidretts-VM med eit kast på 64,76 m, knapt meteren bak bronsevinnar Anna Verouli frå Hellas. Under dei olympiske leikane i Los Angeles i 1984 smelte Sanderson til med med 69,56 m i fyrste omgang og vann med det gullmedaljen framom favorittane, finske Tiina Lillak og hennar eiga landskvinne, Fatima Whitbread.

Ved samveldeleikane 1986 nådde spydet til Sanderson 69,80 m og ho sigra dermed over verdsrekordhaldar Fatima Whitbread med over ein meter. Ved verdsmeisterskapen i Roma i 1987 var derimot Whitbread suveren og vann gull med eit kjempekast på 76,64 m, medan Sanderson måtte nøye seg med fjerdeplassen, nett som i førre VM og som den gong då ein lang meter bak bronsemedaljøren.

Den 1. februar 1990 vart Sanderson i Auckland samveldemeister for tredje gong, med eit bestekast på 65,72 m slo ho nummer to med 4,5 meter. Under Sommar-OL 1992 vart ho med 63,58 m nummer fire og langt unna bronseplassen, men fire centimeter framom ein av favorittane, norske Trine Hattestad.

Sanderson la opp i 1997, 41 år gammal.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre